NHH-saka

Departementet avviser varsel frå NHH-professor

Sandra Borch og Kunnskapsdepartementet sender ballen tilbake til Leif Egil Hem, og ber han ta opp saka med arbeidsgivaren sin, Noregs handelshøgskole. Der svarer rektor Thøgersen at påstandane allereie er handsama og saka lagt bort.

Portrett Sandra Borch
Forsknings- og høyere utdanningsminister Sandra Borch sender saka mot NHH-rektoren i retur til Bergen.

Måndag kunne Khrono fortelje at mangeårig professor og instituttleiar ved Noregs handelshøgskole (NHH), Leif Egil Hem, har sendt eit 113 sider langt brev til Kunnskapsdepartementet og statsrådane Sandra Borch (Sp) og Kari Nessa Nordtun (Ap).

Hem har no fått svar frå departementet, som regelrett sender ballen tilbake til instituttleiaren:

«I e-post 31. oktober 2023 med vedlegg (det 113 siders lange brevet journ. anm.) tar du opp en rekke forhold som gjelder arbeidsforholdet ditt ved NHH. Vi legger til grunn at dette ikke er et varsel etter arbeidsmiljøloven § 2 A-1. Vi råder deg til å vurdere å ta opp forholdene med NHH».

Kraftig kritikk

I brevet sitt retta Hem kraftig kritikk mot NHH-leiinga, med rektor Øystein Thøgersen i spissen, og korleis dei har handsama ei varslingssak mot Hem det siste året.

Rektor Øystein Thøgersen avviser påstandar frå Hem om at det mellom anna herskar ein fryktkultur og at det skjer maktmisbruk ved NHH, og at Hem sjølv er utsett for ein hekseprosess og utfrysing.

Saka mot mot Hem har rot i eit varsel han sjølv fekk mot seg i oktober 2022. Varselet kom frå ein stipendiat som Hem var rettleiar for, og omfatta også ektefellen til Hem, som var bi-rettleiar for stipendiaten.

Ein rapport advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig har laga på oppdrag frå NHH-leiinga konkluderer med at Hem har utsett varslaren for «utilbørlig opptreden i strid med arbeidsmiljøloven.»

Hendingane det er referert til, skriv seg frå seinhausten 2021. Varslaren skal då ha opplevd å bli trekt inn i det som vart oppfatta som ein samlivskonflikt mellom Hem og kona.

Resten av svarbrevet frå Kunnskapsdepartmentet består for det meste av saksopplysingar og visingar til arbeidsmiljølova og arbeidstakar sine rettigheiter.

Mellom anna står det:

«Eksempel på forhold som arbeidstaker kan ytre seg kritisk om, men som ikke vil regnes som varsling i arbeidsmiljølovens forstand, vil kunne være ulike forhold knyttet til gjennomføring av arbeidsavtalen mellom partene, personkonflikter med videre.»

— Opplagt ei varslingssak

Leif Egil Hem reagerte med vantru då han fekk svaret frå Kunnskapsdepartementet.

— Saka mi mot NHH og rektor er opplagt ei varslingssak, seier Hem i ein kommentar til Khrono.

Han melder vidare at det tydelegvis manglar kunnskap både hos Kunnskapsdepartementet og i rektoratet ved NHH når det gjeld skilnaden på ei personalsak og ei varslingssak.

— Personalsaker skal i utgangspunktet løysast internt av HR-avdelinga, på lågast mogleg nivå, utan innblanding frå advokatar, meiner Hem, og siktar med det til varslingssaka mot han sjølv.

Hem meiner det er eit skrikande behov for ein opplysande debatt i media for å få brikkene på plass. Han har også sendt eit tilsvar til Kunnskapsdepartementet, der han gir statsmakta det glatte lag.

Khrono har sett brevet, der Hem gir klar melding om at det lange brevet hans er som eit varsel å rekne. Han formidlar også at eit førehandsvarsel om endringsoppseiing som han sjølv har motteke frå NHH må sjåast som gjengjelding.

«Grunngjevinga i svaret frå Kunnskapsdepartementet er openbert uhaldbar.», skriv Hem.

— Eg har ikkje fått svar enno. Dersom dette endar med at eg ikkje når fram hos departementet, ser eg på dette som makt som støttar makt. Hadde departementet sendt saka til regjeringsadvokaten sitt kontor, ville dei dyktige juristane der raskt sett at dette er eit massivt varsel, og på inga måte ei personalsak, seier Hem til Khrono.

Khrono har så langt fått svar frå Kunnskapsdepartementet på spørsmål knytt til denne spesifikke saka.

Kjent med utviklinga

NHH-rektor Øystein Thøgersen er kjent med svaret Kunnskapsdepartementet har sendt til Hem.

— Vi tar det til etterretning, kjem det frå rektoren.

På spørsmål om kva han eigentleg legg i det, svarer Thøgersen at han ikkje er kjend med det eksakte innhaldet i det 113 sider lange brevet som Hem har sendt til departementet.

Thøgersen understrekar vidare at påstandane og synspunkta som Hem har retta mot rektor, rektorat og andre ved NHH, når det gjeld til dømes maktmisbruk og fryktkultur, allereie er handsama av styret ved NHH.

No er det varslingssaka mot Hem som er i søkelyset til NHH-styret, formidlar rektoren.

— Det er forholda som er omtala i vårt førehandsvarsel til Hem og eventuell ny informasjon kring dette, som vil leie til ei endeleg vurdering og ei eventuell handsaming av styret, seier Thøgersen.

— Du seier at påstandane mot deg som rektor og rektoratet allereie er handsama av styret. Er det slik å forstå at styret har konkludert med at det ikkje er hald i påstandane?

— I eit styremøte før sommaren, konkluderte styret med at det ikkje ligg føre forhold som bør medføra tiltak eller ytterlegare undersøkingar. Styret har også konkludert med at eg, i eigenskap av å vera rektor og dermed NHH sin øvste leiar, er habil til å handsama varslingssaka mot Hem vidare.

Hem: — Maktmisbruk

— Ser NHH seg ferdig med saka og skuldingane som Hem viser til i det 113 siders lange brevet?

— Vi rettar merksemda mot våre plikter som arbeidsgivar. Det betyr at vi framover må vurdere forholda som er omtalt i vårt førehandsvarsel til Hem i lys av eventuell ny og relevant informasjon. Vidare betyr dette at vi vil følge opp dei av våre tilsette som er direkte og indirekte involvert i saka, svarer Thøgersen.

Han legg til at leiinga og administrasjonen ved NHH ikkje kjem til å vurdere synspunkta og påstandane frå Hem på nytt. Spørsmål om dette må eventuelt rettast til styret.

Khrono har kontakta Hem for hans kommentar til Øystein Thøgersens svar i denne artikkelen.

Instituttleiaren har følgande kommentar:

— Dette er maktmisbruk og brot på juridisk plikt ved både NHH og Kunnskapsdepartementet.

Powered by Labrador CMS