Formidling
Svein Tuastad vil gjenreise ein «ukul» Habermas i akademia
Vår tid, med så sterk fragmentering og forvitring av den offentlege samtalen, ropar på Habermas-perspektiv på offentlegheita, meiner Svein Tuastad.
Den tyske filosofen Jürgen Habermas døydde tidlegare denne månaden. Han blei 96 år gammal. Habermas blir knytt til den såkalla Frankfurterskolen i kritisk teori.
Han er kjent som ein av dei mest innflytelsesrike tenkjarane i vår tid, eller kanskje er han ikkje så innflytelsesrik lenger?
Svein Tuastad er dr.polit. og jobbar som førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger (UiS). Han har merka seg at mange av kollegaene hans i akademia, ikkje underviser i eller har lese noko særleg Habermas.
For lite Habermas
— Habermas er blitt «ukul» i sterke miljø i akademia, seier han.
— Eg ser det innanfor profesjonsutdanningane der eg jobbar også: Det er altfor mykje Foucault og for lite Habermas, seier han til Khrono.
Rett etter at det blei kjent at Habermas var gått bort, skreiv han ein kronikk hos forskning.no.
«Ph.d.-avhandlingane om til dømes barnevernstematikk — poststrukturalistisk diskursteori ala Foucault: superpopulært. Habermas: aldri. Himmel og hav, har eg tenkt. Det skulle jo vore omvendt.»
— Kva er gale med Habermas i 2026?
— Mange synest han er vanskeleg å forstå og ikkje aktuell i analyse av praksis.
— Men er det enklare å forstå franske Foucault?
— Nei, han er også vanskeleg, men løysinga må jo vere at vi som underviser må klare å forenkle dei viktige innsiktene til Habermas og andre slik at dei kan brukast på relevante måtar, seier Tuastad.
— Akademikarar i profesjonsfaga har forsømt seg litt her, vil eg påstå. Jobben til velferdsprofesjonane er å få til endringar via kommunikasjon. Her er ein teori som nettopp viser korleis vi kan forstå desse prosessane.
Absurd lite treffande
Det er ikkje minst innanfor doktorgrader på ditt eige felt førsteamanuensen har gjort desse observasjonane.
— Dei radikale franske maktperspektiva er rekna som» kule», men dei er upresise og ofte absurd lite treffande for å analysere det norske samfunnet. Sakshandsamarane i barnevernet eller lærarane står til dømes i ganske andre utfordringar enn liksom å vere skjulte disiplineringsagentar. Det har gått litt av skaftet her, seier Tuastad.
Klassiske Habermas-spørsmål er: Kva er det som må til for at vi skal skjøne kvarandre? Kva skjer når kommunikasjonen bryt saman og vi ikkje blir samde? Kvifor blir nokon inkluderte i dei politiske prosessane og demokratiet med sine synspunkt — andre ikkje?
Tuastad har også skrive innlegg i Minerva der han går i rette med Asle Toje som i eit innlegg meiner at Habermas er passe. Og førsteamanuensen inviterer stipendiatar ved Universitetet i Stavanger og andre stader til eit kurs i Kommunikativ makt i politikk og profesjon.
— Så du er allereie i gang med gjenreisinga av Habermas, du?
— Ja, og eg vil ha fleire med. Vår tid med så sterk fragmentering og forvitring av den offentlege samtalen, med dei konsekvensane det har for demokratiet, ropar på Habermas-perspektiv på offentlegheita. Innsiktene hans har kome i skuggen, no bør han fram i lyset igjen, seier Tuastad.
