Strammar inn

Ber universiteta om ekstra møteplassar for studentar

Regjeringa strammar inn med nye koronatiltak. Kunnskapsministeren minner om dei einsame studentane.

Kunnskapsminister Guri Melby oppmodar til nasjoanl dugnad for å få ei god julefeiring for studentar som skal heim til jul.
Kunnskapsminister Guri Melby oppmodar til nasjoanl dugnad for å få ei god julefeiring for studentar som skal heim til jul.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Saka er oppdatert).

Unge vaksne og studentar må forholde seg til dei samme reglane som dei vaksne, sa kunnskapsminister Guri Melby under regjeringas pressekonferanse om strengere koronatiltak måndag.

— Me har bede om mykje allereie, og no ber me dei unge vaksne om meir, sa Melby på pressekonferansen.

To timar tidligare hadde byrådsleiar Raymond Johansen oppmoda universitet og høgskular i hovudstaden om å innføra digital undervisning der det er mogleg. Dette gjeld Oslo, og ikkje resten av landet.

Einsame studentar

Men studentane i heile landet må følga dei nasjonale tiltaka som vart lagt fram, mellom anna å ikkje ha sosial omgang med fleire enn 10 personar privat i løpet av ei veke.

— Me veit også at 1 av 3 studentar er einsame. No ber me også om at utdanningsinstitusjonane og samskipnadane landet rundt lagar samlingsplasser for studentar innafor det nye regelverket. Det finst måter å møtast på og halde seg til reglane, sa Melby.

Førre veke vart det registrert 425 nye tilfelle av covid-19 i hovudstaden. Det uroar byrådsleiar Raymond Johansen.

På ei pressemelding måndag ettermiddag la han fram nye og strengare smitteverntiltak.

— Me ønskjer at studiestader legg opp til digital undervisning, sa Johansen.

Han oppmoda òg til at langt fleire enn i dag nyttar heimekontor.

— Sjølv om me allereie har sagt at alle som kan, bør jobba heimefrå, er køane på motorvegen lange. Alle som ikkje må vera på jobb, skal jobba heimefrå, sa Johansen.

UiO skal vurdera fram til torsdag

— Me har høyrt ein tydeleg bodskap. No har me fram til torsdag klokka 12 før me kjem med våre retningslinjer, seier Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), til Khrono.

Han seier at UiO allereie har ordningar for heimekontor, og at det er få både studentar og tilsette på campus.

— Dei fleste studentar og tilsette følgjer dei gjeldande retningslinjene, seier Stølen.

Det som uroar han, er studentane sitt sosiale liv og mentale helse. Per i dag har UiO noko fysisk undervisning, og det meiner rektoren er viktig — både for læringsutbytte og trivsel.

— Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Dersom ein går rundt i byen, ser ein at det til dømes er mange som er samla på kjøpesenter. Det er viktig at studentane ikkje må ta heile rekninga, seier Stølen.

Påbod om munnbind

Byrådet i Oslo har òg vedteke at reglane for kor mange som kan vera saman vert strengare enn i dag. Allereie no har hovudstaden dei strengaste retningslinjene i landet.

Det vert forbode å samla meir en 20 innandørs på arrangement som ikkje har faste sete, det vert påbode at alle tilsette ved serveringsstader skal ha munnbind, og at gjester må ha det så lenge dei ikkje sit ved eit bord. Det vert òg påbod om å bruka munnbind på offentlege stader innandørs dersom det ikkje er mogleg å halda ein meter avstand til andre.

Studentleiar uroa

Byrådsleiaren har fleire gongar oppmoda innbyggjarane i byen om å droppa festinga. Det same gjorde han måndag. No er den klare oppmodinga i tillegg å ikkje ha meir enn ti nærkontaktar i tillegg til dei ein bur saman med og går på skule eller i barnehage med.

— Me må avgrensa den sosiale interaksjonen, sa Johansen.

Runa Kristine Fiske leiar Studentparlamentet ved UiO. Ho seier at ho deler rektor Stølen sin uro.

— Det er viktig å hugsa at det er enklare å vera heime dersom ein er etablert med ein familie. Mange studentar bur åleine, og ein er oppmoda om å ikkje samlast på trange studenthyblar. Då treffer ein kvarandre ute, seier Fiske, og understrekar at det er viktig med nokre møtestader for studentane.

— Desse tiltaka er kanskje naudsynte, men det vert vanskeleg. Mange studentar bur åleine og går lite ut. Dei fleste er veldig flinke og har lite omgang med andre allereie, seier Fiske.

Dei nye tiltaka i Oslo gjeld frå 29.oktober.

(Endringslogg: Saka er oppdatert 26.10 kl 15.07 med kommentarar frå Svein Stølen og 15.25 med kommentarar frå Runa Kristine Fiske. Saka er oppdatert med nytt frå regjeringa sin pressekonferanse kl. 16.00 måndag. )

Powered by Labrador CMS