Unesco
Borsch blir ny leiar for kommisjon med fleire medlemmar frå akademia
Tidlegare statssekretær Rebekka Borsch blir leiar for Unesco-kommisjonen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Brussel (Khrono): Ho er avdelingsdirektør i NHO og var statssekretær for tidlegare forsknings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V). No blir Rebekka Borsch ny leiar for den norske Unesco-kommisjonen.
Det melder regjeringa i ei pressemelding.
Unesco er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I pressemeldinga heiter det at kommisjonen skal vere «rådgjevar for norske myndigheter og bindeledd mellom sivilsamfunnet, ulike fagmiljø og regjeringa».
Den nye kommisjonen er utnemnd for perioden 2021-2024. Fleire av dei ti medlemmane kjem frå norske universitet.
Har ansvar for tilskotsordning
Med seg i kommisjonen har Borsch mellom anna førsteamanuensis Lill Tove Fredriksen ved Universitet i Tromsø, professor Tore Furevik ved Universitetet i Bergen, professor Alf Håkon Hoel ved Universitetet i Tromsø, førsteamanuensis Inger Elisabeth Måren ved Universitetet i Bergen og professor emeritus Rune Ottosen ved OsloMet.
– Kommisjonen og medlemmane er viktige ambassadørar for Unesco sitt arbeid og verdiar, som er minst like viktig i dag som då organisasjonen vart oppretta. Eg er takksam for at Rebekka Borsch vil ta på seg leiarvervet, og er trygg på at ho vil gjere ein god jobb og fremje Unesco sine verdiar i Noreg. Eg ser fram til kommisjonen sine initiativ og rådgjeving, heiter det i ein kommentar frå kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
Kommisjonen har mellom anna ansvar for å forvalte ei tilskotsordning for Unesco-formål. Ifølgje pressemeldinga var det i 2020 delt ut støtte til 23 «prosjekt som omhandlar ytringsfridom og pressefridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv eller demokratiutvikling».
Dette er dei ti medlemmane
Her er heile den norske Unesco-kommisjonen for 2021-2024:
- Rebekka Borsch, leiar av Den norske Unesco-kommisjonen, avdelingsdirektør for Kompetanse og innovasjon i NHO
- Lill Tove Fredriksen, førsteamanuensis i samisk litteratur ved Institutt for språk og litteratur ved Universitet i Tromsø, Noregs arktiske universitet
- Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret og professor ved Universitetet i Bergen
- Alf Håkon Hoel, professor i havrett og -politikk ved Universitetet i Tromsø og forskar ved Havforskningsinstituttet
- Isa Maline Isene, styreleiar i LNU
- Bibi Fatima Musavi, student, journalist og medlem av Ungdommens ytringsfrihetsråd
- Inger Elisabeth Måren, førsteamanuensis ved institutt for biovitenskap ved Universitetet i Bergen og Unesco Chair for berekraftig arv og miljøforvaltning
- Odd Sletten, musemsdirektør ved Rørosmuseet (avdeling under MiST – Musea i Sør-Trøndelag)
- Rune Ottosen, professor emeritus i journalistikk ved OsloMet
- Dankert Vedeler, styreleiar for Unescos institutt for statistikk
Nyeste artikler
Sandra Borch skal skrive ny masteroppgave i sommer
Doktorgradsavhandlinger bør inneholde artikler av høy internasjonal standard
Datahåndtering sett i lys av data
Stor kongress i nord.— Vi må legge ein plan for samarbeid med Russland
Publisering i realfag har gått i været
Denne veka skal forskaren i gang med den årlege ekstremsporten
Mest lest
Gruppa skal jobbe for mangfold og likestilling. 14 av 16 er kvinner
Professor ber dekan om å gå av: — Null tillit
Avlyser fire mastere på grunn av økonomisk svikt
Frykter at Norge sitter igjen med bare tysk, fransk og spansk om ti år
Høgskulestyret sa opp direktøren i lukka møte
Færre vil bli lærer, flere søker sykepleie