svalbard
Danique vart råka av Svalbard-syndromet
Når ho kjem heim til Nederland må Danique Wetzels ta vårsemesteret ein gong til. Det vart for freistande å vera på Svalbard i meir enn seks månader.
Longyearbyen (Khrono): — Amazing!
Seier Danique Wetzels.
Men midt i juni er det slutt. Då reiser ho heim til flate Nederland, etter å ha budd eit år i Longyearbyen. Geologistudenten skulle på utveksling eit semester, men vart verande eit halvt år ekstra og tok nokre ekstra fag ved Universitetssenteret på Svalbard (Unis).
— Eg må gjera ferdig bachelorgrada mi i Nederland. Men eg vil tilbake til Svalbard, seier Wetzels.
Heilt lyst — eller heilt mørkt
Det er tidleg juni. Snøen i gatene har smelta, men fjellsidene er framleis dekka av det kvite. Scooter er bytta ut med sykkel, og sola skin absolutt heile døgeret — sjølv om dagtemperaturen berre er eit par plussgrader.
— Eg er råka av Svalbard-syndromet, seier Wetzels og ler.
— Her er det små klassar og flinke førelesarar. Og eg vart meir van med mørketid enn eg trudde.
— Eg synest eigentleg det er meir utfordrande når det er lyst heile døgeret. Når det er mørketid kan ein ha lys på inne, men no vert det jo ikkje mørkt, seier Marius Stübbe.
Han har tatt bachelorgrad i heimlandet Tyskland. Det første året av mastergrada tok han i Helsinki, det andre i Longyearbyen. No er han i innspurten med masteroppgåva i marinteknikk, og skal i gang med å søkja jobb. Gjerne i Norden, på grunn av tur- og naturopplevingane ein kan ha her.
Nye studentbustader
Khrono møter dei to studentane i studierommet i det nye studentbustadkomplekset Elvesletta. Det vart opna i 2021 og har 219 enkelthyblar. I tillegg finst det òg husvere for par og nokre få for familiar.
Tidlegare budde studentar inst i dalen, i det gamle gruvesamfunnet Nybyen. No summar det på ulike språk i komplekset som berre ligg få minutts gange unna Unis.
— Det er flest studentar her frå dei nordiske landa, Frankrike, Austerrike, Tyskland, seier Wetzels.
Som Khrono har skrive, ønskjer både Unis og norske styresmakter at fleire norske studentar skal velja Svalbard. Unis-direktør Jøran Idar Moen sa nyleg til Khrono at stipend for norske studentar kunne vera med på å få fleire til å velja eit semester lengst nord.
Stübbe og Wetzels sit begge i studentrådet på Unis, og dei peikar på at det er dyrt for studentar på Svalbard.
— Ein må ha spart opp pengar, eller så kan ein få stipend, som til dømes Erasmus, seier Stübbe.
Han skjønar at det er utfordrande for norske studentar, som faktisk ikkje er på utveksling sjølv om dei er på Svalbard, men meiner at ein ikkje skal ha ein eigen kvote for norske studentar. Alle som kjem til Svalbard må ha eit genuint ønske om å vera akkurat her, meiner han.
I dag er masterkursa på seks veker, bachelorkursa er eit halvt år. Dei to studentane meiner at det også på masternivå bør leggast opp til at ein kan vera i Longyearbyen eit halvt år. I dag er det mogleg dersom ein tek fleire kurs etter kvarandre.
Ønskjer seg meir besøk frå fastlandet
Stübbe fortel om eit godt studentmiljø, med ein inkluderande kjøkenkultur. Som på andre studentheimar er det fleire studentar som deler på eit kjøken.
— I fjor haust var Studentsamskipnaden i Tromsø ein periode her, og hadde aktivitetar og sytte føre gode møteplassar. Det ønskjer me oss meir av. Tenkjer ein til dømes på mental helse, har ein ikkje same rammer rundt seg som ein har på fastlandet, seier Stübbe.
Det er Noregs arktiske studentsamskipnad som gir tilbod til studentane ved Unis. Det skriv Eline Stenseth, direktør for Studentliv og Helse, i ein e-post til Khrono.
Stenseth skriv at det er tilsette i studentbustadane til stades heile året. Studentrådgivinga har digitale samtaletilbod, og er fysisk til stades minimum to gongar i året og ved behov. I tillegg er dei der ved semesterstart om hausten.
Men dei siste åra har pengar frå Helsedirektoratet gjort at det har vore fleire frå samskipnaden fysisk i Longyerabyen. I snitt to veker kvar månad har det vore studentrådgivar i byen.
— Både samtaletilbod og sosiale aktivitetar vart styrka i denne perioden. Studentane nytta i større grad samtaletilbodet då me var fysisk til stades. I prosjektet hadde me òg ein studenttilsett som bidrog til aktivitetar gjennom året, seier Stensetth, og legg til at studentane rapporterer at dei har vore nøgde med tilboda i prosjektet.
Får låna utstyr
Ulikt alle andre stader ein studerer, må studentane ved Unis læra seg å handtera våpen. I kva ende av det ikkje veldig store sentrumet i Longyearbyen er det skilt med fare for isbjørn. Seinast i vinter var det eit turfølgje som møtte på bjørn, rett nok utanfor byen, skriv Svalbardposten. VG har vist videoen der ein bjørn kom nær folk i Pyramiden i slutten av april.
Unis har utstyr, i form av hjelmar, varme dressar og støvlar og våpen, som studentane låner når dei skal på tokt i regi av universitetssenteret. Men også på fritida er det mogleg å få lånt utstyr, heilt gratis, gjennom ordningar som er organisert av studentane sjølv. Og snøscooter kan ein leiga, i staden for sparkesyklar på kvart gatehjørne står det scooter oppstilt i grupper fleire stader i sentrum.
Dei to studentane fortel at tryggleikskurset dei har gått på har gjort at dei kan vera førebudde på kva som kan møta dei i den ville svalbardnaturen.
— Ein må følgja med på kvarandre, ein må observera, ein må vera vita at ein kjem til å vera i område utan mobildekning, seier Stübbe.
— Har de møtt bjørn?
Det har dei begge.
— Eg var på ein privat tur, og me såg først ein prikk, som kom nærare. Bjørnen var aldri så nær at det var skremmande, me kunne sjå på han i kikkert, seier Stübbe.
— Eg såg han frå båt då eg var på eit tokt i regi av Unis. Det var heilt perfekt, for ein vil jo eigentleg ikkje møta på ein bjørn, seier Wetzels og ler.
Ho har tidlegare vore på feltarbeid i Spania. Det var nok heilt anna enn det ho har opplevd det siste året.
— Men så er det viktig å seia at det farlegaste med å ferdast ute på Svalbard er ikkje at ein kan treffa isbjørn. Det farlegaste er faktisk at ein kan få hypotermi!

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager