arktis

Norske studentar og forskarar sviktar Svalbard

Talet på norske studentar ved Universitetssenteret på Svalbard (Unis) har gått ned dei siste åra. Eit eige stipend kan hjelpa, meiner Unis-leiaren.

Representantar frå mange norske universitet var på ekskursjon til Ny-Ålesund. Då dei reiste frå forskarsamfunnet, kom den norske utanriksministeren, saman med kollegaen sin frå Storbritannia.

Førre veke: Leiarar frå fem universitet og frå Universitetssenteret på Svalbard (Unis) var på studietur til Ny-Ålesund på Svalbard i regi av Norsk Polarinstitutt.

Bakteppet er Svalbardmeldinga, som kom i fjor. Der heiter det at det er ei aukande interesse for forsking på Svalbard frå utanlandske institusjonar. I mai 2024 var det registrert 678 aktive forskingsprosjekt på øygruppa. Desse er leia av forskarar frå 192 institusjonar frå til saman 30 land.

Men norske styresmakter ønskjer seg at fleire norske forskarar skal verta interesserte i å reisa til Svalbard. 

I systemmeldinga frå i vår heiter det at «regjeringen vil arbeide for å få flere norske forskere til å benytte Ny-Ålesund forskningsstasjon og øke antallet norske studenter og fagpersoner ved Universitetssenteret på Svalbard». Vidare heiter det at «den sikkerhetspolitiske utviklingen får implikasjoner for hvordan vi samarbeider med andre land og organiserer forskningsaktiviteten i Arktis og på Svalbard. Det er økende interesse for forskning på Svalbard fra utenlandske forskere og institusjoner».

29 prosent norske statsborgarar

I dag er det forskarar frå mange land fast eller på sesongbasis i Ny-Ålesund. I tillegg til Noreg har Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Italia, Kina, Sør-Korea, Nederland, India og Japan faste forskingsinstitutt i forskarsamfunnet. I Hornsund har det polske vitskapsakademiet ein forskingsstasjon, Tsjekkia har to forskingsstasjonar på Svalbard, og også russiske fasiliteter i Barentsburg bidreg til internasjonal forsking på øygruppa.

I Longyearbyen ligg Universitetssenteret på Svalbard (Unis). Senteret tek imot studentar frå både norske og internasjonale høgare utdanningsinstitusjonar, til kortare og lenger kurs. Unis har ikkje eigen eksamensrett.

Hausten 2024 tok Unis imot 210 studentar, som skal ta kurs på bachelor, master- eller doktorgradsnivå. Det er mange færre enn året før, då var det 340 studentar som starta studium på Svalbard.

Ønskjer seg 50 prosent norske

Det overordna målet frå regjeringa er at halvparten av studentane ved Unis skal vera frå norske utdanningsinstitusjonar. I 2024 var prosentdelen 44, medan det var mellom 45 og 51 prosent av studentane som kom frå norske institusjonar mellom 2016 og 2022. 

— Ein god del av studentane som kjem frå norske universitet er internasjonale studentar som er på utveksling. 29 prosent av studentane me har her er norske statsborgarar, seier Jøran Idar Moen, administrerande direktør for Unis.

— Det er viktig for Unis å samarbeida tett med fastlandsuniversiteta for å sikra at Unis tilbyr eit relevant studietilbud og sikra at det er gode moglegheiter for studentene å vera eit heilt semester på Svalbard, sa Moen til Svalbardposten i fjor haust.

I tillegg til studietilbodet er det noko anna han trekkjer fram: Økonomi. Norske studentar som kjem til Svalbard får ikkje noko stipend som kan dekka dei ekstra kostnadane dei har med å koma seg dit og vera der.

— Dersom ein reiser på utveksling til utlandet, er det gode finansieringsordningar. Me meiner at det burde det også vera for dei studentane som vel Svalbard. Me ønskjer å følgja opp den norske svalbardpolitikken og laga eit godt familiesamfunn på Svalbard, seier Moen til Khrono.

Eige forskingskontor frå årsskiftet

I Svalbardmeldinga kom det òg fram at norske styresmakter skal oppretta eit eige Svalbard-kontor. Det skal vera på plass seinast frå årsskiftet, skreiv Svalbardposten i vår.

I oppdragsbrevet, som er sendt til Forskningsrådet og til Norsk Polarinstitutt, heiter det at «formålet til SFK (Svalbard forskningskontor) vil være å sørge for en tydeligere norsk forskningsledelse, som bidrar til nasjonal kontroll, oppfølging og gjennomføring av mål, forventninger og rammebetingelser som følger av relevante styringsdokumenter for forskningsvirksomhet på Svalbard, slik som Svalbardmeldingen og strategi for forskning og høyere utdanning på Svalbard, samt relevant regelverk».

EU si interesse for Svalbard og Arktis har auka. I vår skreiv Svalbardposten at også Tyrkia vurderer å etablera ein forskingsstasjon på øygruppa. Landet har signert Svalbardtraktaten, og vurderer forskingssamarbeid med Kina og Russland.

— Me treng å styrka den norske forskingsleiinga for å sikra at Svalbard vert utnytta best mogleg for viktig forskingsaktivitet. Det krev nasjonal kontroll og styring for å oppnå betre utnytting av ressursar og samarbeid, samstundes som den samla miljøbelastninga av forskinga vert redusert, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til Svalbardposten i vår.

Regjeringa ønskjer at Unis skal vera den einaste som tilbyr høgare utdanning på Svalbard, og også styresmaktene er opptekne av at fleire programstudentar ved norske universitet tek eit semester på Svalbard.

Også politikarar frå andre parti er opptekne av at Noreg skal ha styringa. I ein merknad til forskingsmeldinga peika Høgre og Frp på at det er «bekymringsfullt» at det ikke finnes noen uttrykte restriksjoner «som utelukker kinesiske statsborgere fra å studere ved UNIS».

— Me er opptekne av at det bør vera fleire studentar på Svalbard, men me må vera veldig tydelege på kven som skal kunne ha opphald der og ikkje, sa Kari-Anne Jønnes (H) nyleg til Forskerforum.

Ny teknologi

Moen ved Unis viser til at Gruve 7, den siste norskdrivne kolgruva, vert lagt ned i år. Det betyr at Svalbard skal over til å verta eit høgteknologisk fornybar-samfunn.

— Det betyr at me har eit spesielt ansvar for å utdanna kandidatar som ønskjer å bu her og som kan bidra til dette. 

— Har de mange nok norske forskarar ved Unis?

— Me ønskjer oss fleire norske søkjarar til dei forskarstillingane som vert lyst ut. Når me seier at me ønskjer oss fleire norske både studentar og tilsette, handlar det mellom anna om det norske språket sin plass i Svalbard-samfunnet. Me ønskjer at nokre av dei som kjem hit skal ønskja å slå rot. Og ved å auka andelen norske studentar, håpar me på sikt at dei kan konkurrera om faste stillingar her. For at Noreg framleis skal vera ein leiande polarnasjon, må me òg rekruttera fleire norske polarforskarar, seier Moen.

Unis-direktør Jøran Idar Moen ønskjer at fleire norske studentar og forskarar buset seg på Svalbard.

Norske forskarar heile året

I tillegg til at leiarar frå fleire norske universitet nyleg var i Ny-Ålesund, var også utanriksminister Espen Barth Eide der tidlegare denne veka. Han besøkte forskarsamfunnet saman med den britiske utanriksministeren David Lammy.

For norske styresmakter er det viktig å tydeleg visa at Ny-Ålesund er ein norsk forskingsstasjon.

— Det finst ikkje ein kinesisk, eller for den saks skuld ein britisk, eller tysk stasjon. Det er éin norsk stasjon, men me legg godt til rette for utlendingar der, seier Barth Eide til Svalbardposten.

Også for Polarinstituttet er det viktig å legga til rette for bruk av forskingsstasjonen.

— Me syter føre at det er norske forskarar i polarområda året rundt. Samstundes ønskjer me å bidra til at fleire forskarar frå dei norske universitetsmiljø brukar Ny-Ålesund forskingsstasjon. Målet er meir polarforsking i høg-Arktis, ei auka forståing for dei endringane me er vitne til i dag, samt betre prognosar for kva som ligg framfor oss, seier direktør i Norsk Polarinstitutt, Camilla Brekke, i ei pressemelding.

Klimaendringane er store og tydelege så langt nord. Isbjørn som kjem nær folk er noko som innimellom skjer, seinast i vår i Barentsburg.

Styremøte i Longyearbyen

Denne veka er styret ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT) på Svalbard. Dei skal ha både styreseminar og styremøte, men skal òg mellom anna innom Unis og Sysselmeisteren. 

Universitetet har tidlegare sagt at dei vurderer å ha både vitskapelege og administrative tilsette fast på Svalbard.

— Dette vert endå meir aktuelt når regjeringa vil at fleire norske forskarar skal bruka forskingsstasjonen i Ny-Ålesund, sa viserektor Bente Haug i mai 2024.

Rektor Dag Rune Olsen seier til Khrono at det er fleire grunnar til at UiT vil vera synlege på Svalbard. For det første handlar det om at Noreg må jobba for å halda oppe den arktiske polarforskinga. For det andre handlar det om suverenitetsprinsippet.

— Svalbard er viktig. Me ønskjer å ta leiarskap og støtta under det regjeringa seier, seier Olsen.

Han var nyleg på ekskursjonen til Ny-Ålesund, og seier at UiT ønskjer å ha fleire forskarar der.

— Forskingsstasjonen i Ny-Ålesund er drifta av Kings Bay. Det var tydeleg at her må det rustast opp, seier Olsen.

Aksjeselskapet Kings Bay ligg under Klima- og miljødepartementet.

Rektor Dag Rune Olsen og styreleiar Marianne Johnsen ved UiT, avslutter sin første fireårsperiode som toppleiararar ved universiteet med styremøte og seminar på Svalbard. .

Når UiT-styret no reiser til Longyearbyen, skjer det heilt på tampen av ein fireårig styreperiode. Olsen seier han skjønar at nokon kan spørja om kvifor ein reiser akkurat no.

— Det har vore snakka om ei god stund, og me tek med signal frå dette styret inn i neste styreperiode. Og det er viktig å visa at me er der. Den geopolitiske situasjonen endrar seg neppe med det første.

 

Powered by Labrador CMS