formidling

Dei er nominerte til Brageprisen, men har fått permisjon for å kunne skriva

Døgeret har ikkje fleire timar sjølv om ein skriv bøker som vert nominerte til Brageprisen. Professor Anne Sverdrup-Thygeson har teke permisjon i tre år.

Anne Sverdrup-Thygeson er professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved NMBU. Ho brenn for formidling, men å kombinera bokskriving med full professorstilling vart krevjande. No har ho difor søkt permisjon frå deler av professorstillinga si.
Publisert Oppdatert

— Himmelhoppande gøy, seier Anne Sverdrup-Thygeson.

Professoren, som nyleg fekk Akademikerprisen, er no nominert til Brageprisen for boka «Skogen». Same bok er òg nominert til Bokhandlerprisen.

Fakta

Brageprisnominerte forskarar

  • Kategorien Sakprosa:
    Inga Strümke for boka «Maskiner som tenker»
    Anne Sverdrup-Thygeson for boka «Skogen»
    Ketil Slagstad for boka «Det ligger i blodet. Epidemien som forandret Norge»
    Jon Røyne Kyllingstad for boka «Rase. En vitenskapshistorie»
  • Kategorien Sakprosa for barn og unge:
    Jannicke Wiik-Nielsen, Dag O. Hessen og Line Renslebråten for boka «Tett på livet i vann»

Ho fartar frå det eine arrangementet til det andre, og fortel at ho dagen før ho snakkar med Khrono først var på jobb ved Noregs- miljø og biovitskapelege universitet (NMBU), før ho reiste til Hønefoss for å halda føredrag. Dagen etter skulle turen gå til Elverum og Hamar.

Men sjølv om Sverdrup-Thygeson meiner den gode responsen og alt ho får høve til å vera med på er verd arbeidet med bøkene, vert det lange dagar. Etter å ha jobba altfor mykje i fleire år, har ho no gjort eit tiltak.

— Eg jobba jamt 160 prosent. Eg hadde lyst til å halda fram med bokskriving og formidling, men det er ei kjempeutfordring å få rom til det i akademia. No har eg teke 50 prosent permisjon frå NMBU i tre år. Då heng eg med i forskingsprosjekta mine, samstundes som eg får formidla. Eg må ha noko tid til å forska, elles er det ingen vits i å vera ved eit universitet.

Meiner ein bør ha stipend

Sverdrup-Thygeson seier at ho er privilegert.

— Kor mange forskarar er det forunnt at folk lyttar? Det er tydeleg at det er eit umetta behov for meir kunnskap om skog og natur og artar der ute, og det er flott at mange ønskjer å læra meir, seier professoren.

— Det har vore heilt kokkelimonke, med prisnominasjonar og Lindmo og Lørdagsrevyen, men det er fantastisk moro!

Men for andre forskarar kan det vera verre. Sverdrup-Thygeson er sjølv godt over 50, og meiner universiteta må legga til rette for at yngre forskarar òg skal kunne formidla.

— Ein har ikkje sjanse til å ta permisjon utan løn når ein er ung. Her meiner eg universiteta bør skjerpa seg. Dei bør lytta til forskarane som er tidleg i karrieren og høyra korleis det kan leggast betre til rette for at dei skal få rom til å formidla. Kanskje kan ein til dømes ha ei ordning med tre månaders formidlingsstipend, seier ho.

Anne Sverdrup-Thygeson melde seg på eit skrivekurs for snart ti år sidan. Det resulterte i ein tekst hos Aftenposten viten og deretter ein blogg — og så, frå 2018, seks bøker. I den siste boka hennar er det tippoldefaren, som var agronom og NMBU sin første direktør då institusjonen vart etablert midt på 1800-tallet, samt floraen hans, som tippoldebarnet arvar, som er rammeforteljinga i boka.

Vil formidla eigen entusiasme

Boka «Skogen» har undertittelen «Om trær, mennesker og 25 000 andre arter», og fortel historia om ein skog i endring.

Boka «Tett på livet i vann» fortel om alle dei ørsmå vesena ein finn i vatnet, både i ferskvatn og i fjøra. Jannicke Wiik-Nielsen har skrive boka saman med Dag O. Hessen og Line Renslebråten.

Jannicke Wiik-Nielsen har planar om ei tredje bok i Tett på-serien. Men det kan ta eit par år før den er klar.

Også Wiik-Nielsen har hatt permisjon frå forskarstillinga.

— Det hadde vore vanskeleg å skriva bok dersom eg ikkje hadde fått stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og omsettarforeining, seier Wiik-Nielsen.

Ho er forskar ved Veterinærinstituttet, og brukar elektronmikroskop til å studera og fotografera parasittar som gir sjukdom hos dyr. Ho tek òg bilete av insekt, småkryp og plantar, og i 2020 kom boka «Tett på insekter og småkryp». 

— Eg brukar bileta på jobb. Men for å laga bok har eg hatt med to andre som har meir erfaring enn meg med å formidla for barn. Det er faktisk vanskelegare å skriva enkelt, seier Wiik-Nielsen.

Dette er ein vannkalv-larve, forstørra 80 gongar. Denne likar seg i ferskvatn.

Boka er nominert i kategorien sakprosa for barn og unge.

Forskaren seier at samstundes som boka skal kunne lesast av barn, var det òg viktig for forfattarane at ho skal nå vaksne lesarar — som så skal formidla til barna sine.

— Me vaksne tek til dømes desse insekta som er rundt oss som noko heilt sjølvsagt og kanskje litt irriterande. Men eg vert jo entusiastisk når eg ser dei i auga i mikroskopet, og det ønskjer eg å formidla, seier Wiik-Nielsen og ler.

Som Sverdrup-Thygeson opplever ho stor interesse for bøkene sine, både hos gamle og unge.

— Alt som skjer etter at ein har gitt ut ei bok er gøy, og løn for strevet. Men eg var overraska over kor mykje ein som forfattar sjølv må jobba for å få bøkene sine ut, seier ho.

Byrja ikkje akkurat i fjor

15 år tok det frå Jon Røyne Kyllingstad byrja arbeidet med boka «Rase. En vitenskapshistorie», til han faktisk kunne halda eit fysisk eksemplar i hendene. No er boka Bragepris-nominert i klassen for sakprosa.

Han har altså ikkje jobba kontinuerleg med bokprosjektet, og i dei åra som har gått har han både hatt stipend for å skriva og vore tilsett ved Teknisk museum, der han mellom anna laga utstilling om rasar. I dag er han tilsett som førsteamanuensis ved Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo.

At folk kan delast inn i biologisk distinkte grupper, basert på ytre kjenneteikn eller biologiske skilnader, er ein tenkemåte som har henta mykje legitimitet frå vitskapen, sa Jon Røyne Kyllingstad då Khrono intervjua han våren 2023. No er boka hans nominert til Brageprisen.

— I periodar har eg lagt prosjektet til side, og i periodar har det spora av, fordi eg har brukt tid til andre ting. Men boka er eit direkte resultat av forskinga mi, og eg har delvis jobba med henne i arbeidstida — sjølv om det har vorte lange arbeidsdagar, seier Kyllingstad.

I motsetnad til Sverdrup-Thygeson har han ikkje undervisningsplikt. I staden er formidling ein del av det som er forventa at han gjer, som tilsett ved eit museum.

— Eg skal forska, formidla og forvalta. Eg meiner at det er mogleg å òg bruka formidling inn i forskinga, mellom anna kan ein utifrå den stilla interessante forskingsspørsmål, seier Kyllingstad.

Som vitskapshistorikar er han van med å skriva vitskapelege artiklar knytt til ulike forskingsfelt, og han meiner at som historikar er det ikkje veldig stor skilnad på å skriva vitskapelege tekstar og meir populærvitskapelege tekstar.

— Men når ein skriv for kollegaer er det ein del ein kan ta for gitt — eller kanskje tek for gitt. Sånn sett kan det vera fruktbart å òg skriva for andre grupper, seier Kyllingstad.

No leiar han eit anna forskingsprosjekt, og seier at det kan vera krevjande å kombinera det med den framleis temmeleg ferske boka. Utover hausten er det ein del arrangement han skal vera med på.

— Det vert framleis lange dagar, seier han.



Powered by Labrador CMS