Høgskulen i Volda

Den nye rektoren hevar regnboge­flagget: — I Volda skal det vera trygt for alle

Odd Helge Mjellem Tonheim er ny rektor ved Høgskulen i Volda frå august. — Det er ei tidsrekning før og etter Bygdepride, seier han.

Høgskulen i Volda er aktivt med når Bygdepride vert arrangert i Volda og Ørsta i mai.

I sunnmørsbygda Volda vert kjærleiken feira i alle regnbogens fargar i heil veke i mai kvart år.

— For meg personleg er det ei tidsrekning før og etter Bygdepride, har Odd Helge Mjellem Tonheim tidlegare sagt til Høgskulen i Volda sine eigne nettsider.

Tonheim er prorektor ved høgskulen, og no òg påtroppande rektor. Han er 42 år og gift med Per Magnus Finnanger Sandsmark.

— Du er den første opne, homofile rektoren ved ein høgskule eller eit universitet?

— Ja, så vidt eg veit, seier Tonheim.

Og sjølv om det er privat kven ein deler hus og heim med, er det heilt medvite at han brukar rolla han har og rolla han skal ha.

— Det skal vera trygt og godt å vera student i Volda, og når høgskulen aktivt er med i Bygdepride, handlar det om å hjelpa dei usikre. Me vil visa at her er dei velkomne uansett.

Svara i lokalavisa

Hausten 2017 kom nyheita om at Volda skulle få sitt eige pridetog. Då skjedde det noko i debattspaltene til lokalavisene Møre og Møre-Nytt. Enkelte frå det kristne miljøet i Ørsta og Volda engasjerte seg sterkt — mot arrangementet. Det har vorte skrive innlegg i lokalavisene og halde demonstrasjonar, mellom anna utanfor Ørsta kyrkje i samband med Regnbogegudstenesta der.

Odd Helge Mjellem Tonheim har brukt ein del tid på å svara på innlegga.

— Folk rundt meg har sagt at «du må ikkje bruka tid på det der, folk skjønar at det er tull». Men så lenge andre får spalteplass med sitt syn, svarar eg. For kva skal ein ung homofil som les det der tenkja?

— Er det rett at ein høgskule skal engasjera seg i Pride?

— Me har framleis behov for Pride. Det er mykje som går feil veg, mellom anna i Polen og Russland. Eg vågar ikkje å reisa til Polen, og før mannen min og eg skal på ferie sjekkar me alltid reiseråd. Det er ikkje alle stader to menn til dømes kan bestilla hotellrom saman, seier Tonheim, og held fram:

— Gjennom å støtta Pride støttar ein fridommen til å elska den ein faktisk vert forelska i. Noko av det mest rørande er å sjå alle som kjem i toget. Det er ein måte å seia at ein er velkommen på, og det er ikkje sjølvsagt.

42-åringen understrekar at han sjølv ikkje har fått negative tilbakemeldingar når han fortel at han er homofil. Men mykje av omtalen av Pride, særleg i sosiale media, skremmer han.

— Sjølv visste eg at eg vart forelska i gutar då eg var 12—13 år gamal, men eg brukte lang tid på å godta det. Me lever i eit heteronormativt samfunn, og kunne ein velja, hadde det vore enklast å vera heterofil, seier han.

Han er frå Nordfjord, og bur no på Søre Sunnmøre. Utdanninga har den påtroppande rektoren mellom anna frå dåverande Høgskolen i Agder, og han har sjølv jobba i grunnskulen.

Deler kontor

På same måte som han er synleg under Bygdepride, ønskjer Odd Helge Mjellem Tonheim å vera ein synleg rektor. Han vil eta lunsj ute på institusjonen, ikkje sitja på kontoret, og han seier han ser fram til samarbeid med studentane.

Faktisk slepp han å byta kontor når han no vert det øvste leiaren. Rektor og prorektor deler rom og møtebord.

— Skal du byta pult?

— Eg får sjå, humrar Tonheim.

Utanfor vindauga til noverande rektor Johann Roppen er det eit landskap med gravemaskiner. Ved Volda Campus Sparebank 1 Arena skal det byggjast nytt symjebasseng, som vil koma rett i synet.

— Du vart rektor utan motkandidatar. Korleis skal du få tillit i heile organisasjonen?

— Det var nære på å at det vart motkandidatar. Eg synest det hadde vore kjekt, og då kunne ein òg fått ein skikkeleg valkamp, slik som ein hadde ved Høgskolen i Molde. Men ein må jobba med å bygga opp dyktige kandidatar til valet om fire år, seier han.

Den nye rektoren har 237 røyster bak seg. Totalt var det 286 tilsette og studentar som nytta røysteretten sin. Tonheim trur valoppslutnaden hadde vorte ein annan dersom det hadde vore eit reelt val.

Viktig at rektor er vald

Rektor og resten av fellesadministrasjonen har kontor i Berte Kanutte-huset, som ligg som ein slags vestlandsk låve på ein flat bø. Eit steinkast unna ligg det nye Sivert Aarflot-huset, der medieutdanninga held til. Men det var på høgda bak det heile byrja. I Kaarstad-bygget, oppkalla etter Henrik Kaarstad, held lærarutdanninga til. I Volda har det vore lærarutdanning heilt sidan 1861, og Henrik Kaarstad var rektor i mange av dei første åra. I 1922 stod det gule huset ferdig.

Men søkjartala for lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda er ikkje lysteleg lesing i år. Det er ho heller ikkje for dei andre lærarutdanningane, har Khrono skrive.

— Lærarutdanningane, og då snakkar eg heilt frå barnehagelærar og til lektor, er ei av dei viktigaste utdanningane me har. Då må ein lukkast. Me må ha god kvalitet i utdanninga og godt samarbeid med praksisfeltet, seier Tonheim.

Men at søkjartala går ned trur han òg har noko å gjera med verda i kring. Han peikar på både pandemi, streik og lønskamp, men seier at det må vera andre grunnar òg, som ein førebels ikkje får tak i, til at søkjartala til lærarutdanninga går ned.

— Ser ein på søkjartala på nasjonalt nivå er dei ekstremt skremmande.

— Korleis ser det ut her i Volda?

— Barnehagelærarutdanninga vår hadde venteliste heilt fram til i fjor. For grunnskulelærarutdanningane har me slite med å fylla plassane etter at karakterkrava kom.

Matematikk som fag

Den påtroppande rektoren er sjølv utdanna lærar, med master i matematikkdidaktikk, og har jobba i grunnskulen. Ved høgskulen har han fått opprykk til førstelektor.

— Du er ung til å verta rektor. Har du no gjort eit val om at det er leiar du skal vera?

— Nei, valde rektorar går jo gjerne tilbake til ordinær vitskapeleg stilling. Eg veit ikkje om eg hadde søkt, eg hadde i alle fall teke fleire rundar, dersom dette hadde vore ei stilling som tilsett rektor, seier Tonheim.

Han seier at den faglege utviklinga han har som prorektor og seinare som rektor er noko han vil ta med seg attende. Tidlegare har han vore studieleiar, men når han no er kome lenger opp i leiinga ser han at alt høgskulen driv med på eit vis heng saman med alt.

— Ein faglærar kan gi fantastisk undervisning. Men med dei stillingane eg no har hatt, ser eg samanhengar mellom anna knytt til kvalitetssystemet vårt.

Det heiter ikkje Mediebygget, det heiter Sivert Aarflot-huset. Uansett namn: Påtroppande rektor Odd Helge Tonheim synest det har vorte flott.

Ønskjer heilt eiga doktorgrad

Det er mykje fjord og fjell på Søre Sunnmøre. Og sjølv om Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde ligg i same fylke, er det på ingen måte pendlaravstand mellom dei. Det er likevel desse to institusjonane det har vore snakk om når ein snakkar om samanslåing, etter at Høgskolen i Ålesund, som låg i midten, gjekk til NTNU for etter kvart ein del år sidan.

Men som for forgjengar Roppen er det åleinegang Odd Helge Mjellem Tonheim og hans prorektor Eirik Søvik har gått til val på. Likevel har ein samarbeid med Molde, understrekar Tonheim, mellom anna har ein eit felles doktorgradsprogram.

No ønskjer Høgskulen i Volda å få på plass eit heilt eige doktorgradsprogram, knytt til utdanning, språk og kultur.

— Når me lyser ut stillingar, ser me at for nokre fag er det lett å få tak i vitskapeleg tilsette. For andre fag er det verre, då må me bygga opp fagmiljøa sjølv, seier den påtroppande rektoren.

Dei siste åra har høgskulen jobba mykje med å kvalifisera dei tilsette dei allereie har, og talet på stipendiatar har auka. No må ein fokusera på å få losa stipendiatane fram til disputas, heiter det i forskingsmeldinga som høgskulestyret handsama denne veka.

— Det er me som tilset i stipendiatstillingar og det er me som betalar løna deira, om dei ikkje passar inn i samarbeidsgrada me har saman med Molde. Då må kandidatane sjølve finna seg ein institusjon der dei kan følgja doktorgradsprogrammet, seier Tonheim.

Kortast veg til Oslo

Dersom høgskulen skulle slege seg saman med nokon, hadde det reint reisetidsmessig faktisk vore enklast å slå seg saman med ein institusjon i Oslo, seier nyerektoren. For flystripa som bind Volda og Ørsta saman med både hovudstaden og andre norske byar ligg berre nokre få kilometer unna høgskulen. Fleire avgangar for dag gjer at det er mogleg å reisa på dagstur til Oslo.

— Kor mykje skal ein reisa?

— Eg ønskjer å vera mest mogleg på høgskulen. Men nokre turar vert det, og då er Widerøe vår beste venn, seier Tonheim.

— Eg har fått fleire verv som krev at eg er ein del i Oslo. Nokre av møta vert truleg digitale, og det er positivt. Men det er òg ein verdi i å treffast, så av og til må ein vera der fysisk — sjølv om flyprisane er slik at det nesten hadde vore billigare å reisa til Amsterdam …

At Volda er langt vekke frå mykje anna, har vore eit argument for at tilsette ikkje har budd i bygda. I staden har dei vore i Volda dei vekene dei har hatt undervisning. Konflikten ved Avdeling for mediefag for nokre år tilbake handla dels om arbeidsstad.

Tonheim er tydeleg: Det er viktig at dei tilsette er til stades på høgskulen.

— Sjølvsagt kan ein sitja heime når ein til dømes jobbar med sensur. Men det er viktig at folk er jamt til stades. Det er viktig for arbeidsmiljøet, men ikkje minst betyr det noko for studentane. Her i Volda har me ei linje som seier at studentane berre kan koma innom kontoret til dei tilsette dersom dei lurer på noko. Då må det vera folk der.

Byrjar 1. august

Campus i Volda byrjar å verta sommarstengd. Det er framleis snø på toppane av dei bratte sunnmørsfjella, og mellom bygga på høgskulen går festpynta studentar, på veg til vitnemålseremoni.

Det er snart ferie for Odd Helge Mjellem Tonheim òg. Ferda går til USA før han skal vera attende på høgskulen i god tid før studentane kjem.

Og:

— Her er alle velkomne.

Powered by Labrador CMS