Høgskulen i Volda
Departementet er uroa over utviklinga ved høgskulen
Færre studentar på campus, manglande strategi og tiltak er noko av det Kunnskapsdepartementet peikar på i tilbakemeldinga si til Høgskulen i Volda.
I fjor var Kunnskapsdepartementet svært tydeleg: «Selv om styret ser positivt på fremtidsutsiktene til Høgskulen i Volda, er det flere utviklingstrekk som gjør at departementet er bekymret for utviklingen ved høyskolen».
Dette skreiv departementet etter at Høgskulen i Volda hadde møtt departementet til etatsstyringsmøte, eit møte som vanlegvis vert arrangert annakvart år.
Men Høgskulen i Volda vart kalla inn til etatsstyringsmøte også i år. I tilbakemeldinga frå årets møte, som vart halde i mai, heiter det at det samla sett ikkje har «kommet frem opplysninger som gjør at departementet nå har en annen vurdering av høyskolens faglige resultater og strategiske posisjon».
— Bakgrunnen for at det har vore etatsstyringsmøte mellom departementet og høgskulen både i 2024 og 2025 er at departementet har vore uroa for styrings- og leiingssituasjonen på høgskulen, og konsekvensane for høgskulen si strategiske utvikling og mål- og resultatoppnåing.
Det opplyser departementet i ein e-post til Khrono, sendt frå kommunikasjonsavdelinga.
Forstår at det har vore ei krevjande tid
Etter fjorårets ordinære etatsstyringsmøte skreiv departementet at «verken i årsrapporten eller i etatsstyringsmøtet i 2024 kom det klart frem hvilken strategi og hvilke tiltak styret planlegger for å forbedre måloppnåelsen».
I år skriv departementet at at det har forståing for at det har vore ei krevjande tid for høgskulen. Men departementet saknar at høgskulen i årsrapporten sin seier noko om korleis dei jobbar for betre måloppnåing.
Det heiter òg at departementet, som styret, er uroa over det høge sjukefråveret ved høgskulen. Men også færre studentar på campus og fleire som tek nettstudium vert trekt fram. Det same vert talet på publiseringspoeng frå dei tilsette, og departementet saknar ein plan for utvikling av kompetanse for dei tilsette ved høgskulen.
Uroa kjem òg fram i tildelingsbrevet for Høgskulen i Volda for 2025. Der heiter det at departementet framleis er svært uroa over situasjonen ved høgskulen, knytt til både fagleg resultatutvikling og administrative utfordringar.
Hadde 24 styremøte
I tilbakemeldinga frå etatsstyringsmøtet skriv Kunnskapsdepartementet at høgskulen har hatt ein vanskeleg styrings- og leiingssituasjon.
Før jul 2024 hadde Khrono ei oppteljing: Høgskulestyret hadde hatt 24 møte det siste året. I tillegg var konflikten ved høgskulen omtala i media 90 gongar.
Som Khrono har skrive, starta saka som handla om leiing av høgskulen før jul i 2023. Fleire ekstraordinære styremøte tett opp under jul vart følgt av mange møte også våren 2024. I april 2024 sa styret opp høgskuledirektøren. Ho klaga, og fekk i november støtte frå departementet. I mars 2025 sa direktøren sjølv opp stillinga si, og fekk med seg ein sluttpakke.
Samarbeidet mellom både styre og direktør og mellom direktør og rektor var krevjande i denne perioden. Styret vedtok mellom anna at dei ikkje hadde tillit til direktøren, og rektor og direktør varsla mot kvarandre.
Kunnskapsdepartementet kom på bana og kalla høgskulen inn til fleire ekstra møte. Først eit etter det ordinære etatsstyringsmøtet i juni, så eit i oktober. Deretter var det også eit møte på nyåret 2025.
«Vi viser ellers til at forholdene ved høyskolen har vært omtalt i media over tid. Departementet ser derfor behov for en orientering fra høyskolen, som del av den løpende styringsdialogen. Departementet ber styret gi en skriftlig redegjørelse for utfordringene, og hvordan styret nå organiserer og sikrer ledelse av institusjonen», skreiv Kunnskapsdepartementet i eitt av breva dei sendte til høgskulen.
Vil visa det gode arbeidet
Tilbakemeldinga frå etatsstyringsmøtet er ei av sakene som skal handsamast på styremøte ved Høgskulen i Volda 11. september. Framlegget til vedtak er at styret skal be leiinga om å følgja opp tilbakemeldinga.
— Me har sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobba med å få til betre årsrapportar. Eg trur ikkje me per no får fram godt nok det gode arbeidet som vert gjort ved høgskulen. Me er også i gang med eit strategiarbeid, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.
Han seier at noko av det som vert peika på i tilbakemeldinga frå departementet, som sjukefråver og studieportefølje, er noko som vert jobba med.
— Me er mellom anna i gang med ein gjennomgang av forskingsincentiva våre, seier Tonheim.
— Korleis kjennest det å verta kalla inn til ekstra etatsstyringsmøte?
— Me møter når departementet kallar oss inn til møte. Me set stor pris på at me har ein god dialog med Kunnskapsdepartementet, seier Tonheim.
Som Khrono har skrive før, tok høgskulen mellom anna kontakt med departementet for å be om administrativ bistand frå ein annan høgare utdanningsinstitusjon med vald leiing. Universitetet i Oslo tok på seg denne oppgåva.
I vår vart stillinga som høgskuledirektør lyst ut. Søkjarlista er klar, og planen er tilsetjing i løpet av hausten. I styremøtet denne veka kjem styret til å få ei orientering om den vidare prosessen.
