Debatt ● jenny myklebust
Der det er vilje er det veg
«Søkjartala til høgare utdanning på Campus Nesna er imponerande! Tala dokumenterer at studentar og vil søke seg til distrikta, dersom dei får høve til det», skriv Jenny Myklebust.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Regjeringa og stortingsfleirtalet sitt ønskje om å satse på desentralisert utdanning i distrikta, har lukkast. Der det er vilje er det veg. Det er muleg å motverke sentralisering dersom ein satsar på institusjonar i distrikta. Vi veit at eit stort fleirtal av studentar blir igjen der dei har teke utdanninga si.
Denne politiske viljen er nødvendig dersom vi skal sikre velferdsstaten og kommunane sine behov for fagfolk i skule og barnehage. Vi treng utdanning i distrikta for å utvikle pedagogikken som er nødvendig for distriktsskulane i framtida.
Studentane har vore tydelege på at dei vil studere på Campus Nesna, no treng vi at leiinga i Nord universitet følger opp regjeringa si klåre melding om å rekruttere fleire både faglege og administrative tilsette på Campus Nesna, for å tilbakeføre alle stillingane som vart fjerna etter nedleggingsvedtaket i 2019. Dette vil vere viktig for å ivareta dei oppgåvene som den gode søkinga til Campus Nesna no medfører.
Kampen for høgare utdanning i distrikta er ikkje over sjølv om mange heisar flagget til topps på Helgeland i dag. Oppbygging av eit nasjonalt senter på Campus Nesna med ansvar for utdanning og forsking i eit distriktsperspektiv, vil vere svært viktig for å ta tak i utfordringane med å rekruttere fagfolk, og utvikle kunnskap og kvalitet i distrikta.
Nylige artikler
To studentar vart drepne i masseskyting under eksamen
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mann (58) sverger til ukulele
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert