student
Desse studentane gjekk 700 kilometer heim frå NTNU
Det byrja som ein vill idé. Men 12. juni tok det nyutdanna paret Espen Aakre Sjo og Ingeborg Huse Bjørnebøle på seg turskoa i Trondheim. 35 dagar seinare var dei ved endestoppet.
— Me snakka eigentleg om det allereie då me flytta til Trondheim, at me kunne gå heim, seier Ingeborg Huse Bjørnebøle (24).
— Men då var det berre snakk, og me hadde jo ikkje akkurat gått så mykje tur.
Fem år og to mastergrader seinare vart ideen sett ut i live. Bjørnehøle og kjærasten, Espen Aakre Sjo (24), har gått heile vegen frå Trondheim til Kvinnherad i Vestland. Det er ein strekning på over 700 kilometer.
Når Khrono snakkar med dei, har dei kome heilt fram, etter 35 dagar på tur.
— No har me fått ei god natts svevn, seier Bjørnebøle.
Byrja med pilegrimsleden
Lokalavisa Kvinnheringen skreiv først om at paret var komne fram, og dei skreiv også om dei då dei hadde lagt bak seg fire dagar på tur.
— Dei første dagane gjekk me på pilegrimsleden sørover. Då var det gode stiar og dels grusveg. Men etter kvart har me gått meir ute i terrenget, seier Sjo til Khrono.
I snitt gjekk dei to mil kvar dag, og dei overnatta både i telt, men også i DNT-hytter.
— Me har unngått telt der me kunne, seier Sjo og humrar.
— No er det hetebølgje, men kva vêr har de hatt på turen?
— Generelt har det vore vanvittig bra, sjølv om det har vore regn nokre dagar, seier Sjo.
Bjørnebøle supplerer:
— Det var aldri slik at vêret stoppa oss.
Vart skada
Det som kunne stoppa dei, var ein skade. Dei første dagane hadde dei litt gnagsår, men det gjekk seg til. Men etter å ha vore på tur i om lag ti dagar kjende Sjo at han hadde litt vondt i akillesen.
— Og så small det. Då var me sikre på at me ikkje kunne gå vidare, fortel han.
Løysinga vart å ta ein liten busstur til Lom og vera i ro der eit par dagar. Paret fortel at jau då, då gjekk dei glipp av ein etappe, men alternativet hadde vore å måtte verta henta.
Kom i båt
Dei to nyutdanna masterkandidatane, han sivilingeniør, ho grunnskulelærar, seier at det var denne sommaren dei hadde sjansen til å ta ein så lang tur. Då dei kom til Kvinnherad 16. juli vart dei tekne imot av familie og venner. Den siste etappen kom dei faktisk i båt, skriv Kvinnheringen.
— Kva har vore det beste med turen?
— Det er vanskeleg å trekka fram ein enkelt ting. Det er ei samling av opplevingar, seier Sjo.
— Det å kopla av frå kvardagen og frå mobilen og berre vera i naturen, seier Bjørnebøle.
Men etter kvart vart det lenge å vera vekke frå alt og alle, syntest ho. Nokre dagar måtte ein berre koma seg gjennom, fortel paret.
Nok gåing no
No ventar først ein roleg ferie. Deretter går ferda vidare sørover, dei har begge fått jobb i Stavanger-regionen.
— Dit skal de ikkje gå?
— Nei, frå no av vert det motor, seier Sjo og humrar.

Nylige artikler
Nesten halvparten av de private fagskolene gikk i minus
Partene må bli hørt om ny finansiering av universitetsbygg
Rapport: Dårligere økonomi gir mindre forskning ved universiteter og høgskoler
Forskere krevde betalt for fagfellevurdering. Tapte i retten
Ny redaktør på plass i Khrono: — Helt fantastisk!
Mest leste artikler
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Det renner inn med KI-genererte søknader. — Som en flodbølge av KI-skvip
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Berg-Hansen og jeg
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI