Hannah Kristine Bjørke Lunde har gjort feltarbeid mellom anna ved å gå Gudbrandsdalsleden, som er ein del av ruta mellom Oslo og Trondheim. Pandemien gjorde at ho måtte gjera litt om på feltarbeidsplanane.
Hannah Kristine Bjørke Lunde har gjort feltarbeid mellom anna ved å gå Gudbrandsdalsleden, som er ein del av ruta mellom Oslo og Trondheim. Pandemien gjorde at ho måtte gjera litt om på feltarbeidsplanane.

Min doktorgrad

— Det har vore stunder der eg lurte på kva eg heldt på med

Det er lett å ty til pilegrimsmetaforar om Hannah Kristine Bjørke Lunde sitt doktorgradsprosjekt. No håpar ho yrkesvegen vert til medan ho går.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

Lundes avhandling har tittelen «Pilgrimage Matters: Administrative and Semiotic Landscapes of Contemporary Pilgrimage Realisations in Norway».

— Kvifor vart det avhandling om akkurat dette emnet?

— Det handla dels om eiga interesse for endring og kontinuitet i religiøse praksisar og for korleis dette får materielle uttrykk. Eg søkte ei stipendiatstilling som var lyst ut knytt til prosjektet «Stories of Heritage», der kulturarveleggjering av religiøs historie har ein sentral plass.

— Kan du i korte trekk seia noko om prosjektet?

— Eg er kulturhistorikar, og har forska på korleis pilegrimsvandringar til gitte historiske mål har vorte populært i vår tid. Eg har særleg interessert meg for dei eg kallar pilegrimsbyråkratar, altså dei som tilrettelegg for vandrarane.

Frå departementsnivå vart det laga eit prosjekt for å utvikla pilegrimsruter allereie på 1990-talet, og frå 2012 har det vore ein nasjonal strategi for pilegrimsvandringar. Etter det har det vorte lagt opp ein omfattande infrastruktur rundt pilegrimsvegane, inspirert av mellom anna Spania og pilegrimsvegen til Santiago de Compostela.

Fakta

Hannah Kristine Bjørke Lunde (35)

  • Har levert avhandlinga «Pilgrimage Matters: Administrative and Semiotic Landscapes of Contemporary Pilgrimage Realisations in Norway »
  • Disputerte ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk ved Universitetet i Oslo 14. oktober

— I dag er det så godt merka at ein nesten kan gå pilegrimsvegen frå Oslo til Trondheim utan kart og kompass. I tillegg er det laga fleire pilegrimssenter, som er møteplassar, og ein kan få både pilegrimspass og diplom for gjennomførte etappar.

— Kva konkluderer du med?

— Eg har skrive ein monografi der eg mellom anna ser på historia til pilegrimsfenomenet. Noko av det som har fascinert meg er graden av administrasjon og infrastruktur rundt pilegrimsvandringane, både frå folk i frivillig og betalt engasjement. Eg har sjølv gått deler av vegen mellom Oslo og Trondheim, og eg har vore med på ein gruppetur til Selja, som er eit av dei andre store pilegrimsmåla i Noreg. Det eg finn i prosjektet mitt er at desse pilegrimsvandringane gir oss ein norsk versjon av eit internasjonalt fenomen som har element av både kultur og tru, og at det er i skjeringspunkt for kulturarvsturisme. Eg har vore mykje på pilegrimssentra og intervjua dei som kjem dit, og spurt kva som skil ei DNT-rute frå ei pilegrimsrute. Svaret er at det for mange er ein tilleggsdimensjon med ei pilgrimsvandring. Ein nyttar òg andre ord, som «herberg», ikkje «hytte».

— Kva har vore det mest krevjande undervegs?

— Både det beste og det mest utfordrande med å ta doktorgrad er fridommen. Det står skildra at ein har ei særleg fri arbeidstid... I tillegg vart pandemien krevjande. Eg måtte endra planane for feltarbeid. Heldigvis hadde eg fått gjort ein del av det allereie i 2019. Eg fekk òg eit luksusproblem, eg hadde mykje materiale! Det var tidvis krevjande å ha oversikt.

I dag er det så godt merka at ein nesten kan gå pilgrimsvegen frå Oslo til Trondheim utan kart og kompass.

Hannah Kristine Bjørke Lunde

— Har du angra undervegs?

— Eg har ikkje angra, men det har vore stunder der eg lurte på kva eg heldt på med! Det var i periodar tungt å skriva, og å få alle delene saman. Eg har med tusen års historie og skulle få til eit narrativ. Men eg har hatt god støtte frå både kollegaer, familie og venner.

— Kom du i mål til normert tid?

— Eg starta i 2018, og skulle altså eigentleg vore ferdig i fjor, men eg fekk forlenging på grunn av pandemien. I tillegg fekk eg fråtrekk frå ei sjukemelding, som òg skuldast pandemien; senebetennelse på heimekontor. Så med desse forlengingane kom eg i mål til eg skulle, og leverte til påske i år.

— Kva skal du bruka avhandlinga til?

— Eg håpar å kunne verta verande i akademia. No har eg gjennomføringsstipend fram til påske, og så håpar eg ferda går vidare til ein postdok. Det er mykje meir innanfor same emne eg har lyst til å ta tak i! Eg jobbar òg med å gjera avhandlinga om til artiklar eller bokkapittel, og kanskje vert det ei populærvitskapeleg bok? Ein går seg litt vill i metaforar når ein skriv om pilgrimar: Vegen vert til medan ein går!

Powered by Labrador CMS