Frå mord til grad

Dømd for øksedrap i 2010
— denne veka tar han doktorgrad om skuld og straff

Han vart sett fri i fjor, etter å ha sona for forsettleg drap. No disputerer han om skuld, anger og straff – og det han meiner var ein feilaktig dom.

— Eg tar ein risiko med tanke på korleis dette blir lese. Men eg føler meg temmeleg sikker på at eg står på trygg grunn, metodisk og etisk, seier Andreas Ribe-Nyhus. Han begynte på doktorgraden i fengsel. No er eitt år gått sidan han vart lauslaten.
— Eg tar ein risiko med tanke på korleis dette blir lese. Men eg føler meg temmeleg sikker på at eg står på trygg grunn, metodisk og etisk, seier Andreas Ribe-Nyhus. Han begynte på doktorgraden i fengsel. No er eitt år gått sidan han vart lauslaten.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Den drapstiltalte filosofen fikk tirsdag en knusende dom av Nedre Romerike tingrett», var overskrifta i Romerikes blad 21. desember 2010. «Drapshandlingen hadde nærmest karakter av avretting. Med kraftige økseslag har 37-åringen slått (…) i hodet sju ganger. Videre ble liket kjørt til Sverige og begravd i snøen (…)», stod det i dommen.

Fakta

Andreas Ribe-Nyhus

  • Andreas Ribe-Nyhus disputerer for graden ph.d. i studier av profesjonspraksis ved Nord universitet i Bodø.
  • Avhandlinga har tittelen Indre og ytre soning og er ein «systematisk refleksjon av egen erfaring, på grunnlag av Ribe-Nyhus sin erfaring med å sitte mange år i fengsel,» ifølgje omtalen ved Nord universitet.
  • Ribe-Nyhus har hovedfag i filosofi frå Universitetet i Oslo (1999).
  • I 2011 vart han dømt for forsettleg drap.
  • Doktorgraden i profesjonspraksis er blitt evaluert av tilsynsorganet Nokut, som konkluderte med at graden ikkje tilfredsstiller nødvendige kvalitetskrav. Nord universitet har fått to år på å revidere gradsopplegget.
  • Bedømmingskomiteen for avhandlinga har bestått av Hedda Giertsen, professor emerita i kriminologi ved Universitetet i Oslo (førsteopponent), Uffe Juel Jensen, professor i filosofi ved Århus universitet (andreopponent) og

    Johan Arnt Myrstad, professor i filosofi, Nord universitet (leiar).

  • Også Myrstad er knytt til senteret for profesjonspraksis.

Ti år etter ligg ei heilt uvanleg akademisk avhandling på bordet.

Onsdag 26. august står Andreas Ribe-Nyhus på podiet ved Nord universitet i Bodø, ein fri mann som har sona straffa si. Der disputerer han for doktorgraden med avhandlinga «Indre og ytre soning».

— Dette handlar ikkje om å prosedere saka mi på nytt, seier Ribe-Nyhus, som alt i 1999 var ferdig utdanna fagfilosof med hovudoppgåva «Om ondskap».

I doktoravhandlinga, basert på såkalla refleksiv praksisforsking, analyserer han fengselssystemet i kritiske vendingar og fortel om si eiga soning, den indre så vel som den ytre, bygd på erfaringa med å sitje i fengsel «etter å ha tatt livet av en mann i en trusselsituasjon», som det heiter i innleiingsteksten. Det er ikkje ugjerninga avhandlinga handlar om, ifølgje Ribe-Nyhus.

— Har skrive det som det skjedde

I teksten har han likevel tatt med ei framstilling av sjølve drapshandlinga og det som leia fram til den, og køyreturen for å gøyme liket etterpå. Ribe-Nyhus meiner dette må med for forteljinga sin del. Men versjonen hans er ein annan enn domsteksten – den er tvert imot tett på forklaringa rettssystemet i to instansar ikkje trudde på.

Eit forskingsetisk problem?

Ikkje slik Ribe-Nyhus sjølv ser det.

Ribe-Nyhus meiner han står trygt innanfor forskingsetikkens grenser, og seier Khrono trekker fram stråmenn når spørsmålet blir brakt på bane. Han peikar også på at han har god kontakt med ein av dei etterlatne etter drapsofferet.

I den over 500 sider lange avhandlinga skriv Ribe mellom anna at det verkar som «systemet er mer opptatt av å få personer dømt, enn at sannhet og rettferdighet er rettesnorer (…). Når man gis en dom, får en beskrivelse av et hendelsesforløp som man skal ha gjort, og det ikke stemmer, er en slik dom svært vanskelig å forholde seg til».

Ribe-Nyhus hevda han handla i nødverje. Retten konkluderte derimot med at offeret ikkje var ein trussel mot Ribe (som seinare har skifta namn til Ribe-Nyhus). I domsteksten heiter det tvert om at drapsofferet hadde kjent seg trua av Ribe, fordi han ei tid før drapet gjekk til angrep og slo og skada offeret med jernstang. Også ankesaka munna ut i at det var «klart at drapshandlingen ble begått under særdeles skjerpende omstendigheter (…)», og dommen – forsettleg drap, vart oppretthalden.

— Ikkje prosedering

På spørsmål om han står ved at han handla i nødverje, svarar Ribe-Nyhus dette:

— Eg har skrive det ut slik som det skjedde. At det står noko anna i dommen, er fordi dei meiner vi ikkje snakka sant. Eg må skrive det som det var – det er ikkje prosedering – det er ikkje dette avhandlinga handlar om. Men eg forstår at når ein les det som står i dommen, kan ein tenke at dette er objektivt og fakta, eg forstår at det kan vere vanskeleg å forhalde seg til for utanforståande.

Til Khrono omtalar han handlinga som «ein nødvergesituasjon der eg overdreiv».

Den gongen drapet skjedde, var Ribe-Nyhus sambuar med eks-kona til offeret og barna frå dette forholdet. Eks-mannen hennar var rusmismbrukar, men gjekk på metadon. Etter samlivsbrotet var forholdet turbulent, ifølgje domsteksten, og eks-mannen vart på eit tidspunkt dømt for truslar og lekamsfornærmingar mot henne.

Drapet skjedde heime hos henne og Ribe-Nyhus, etter at eks-mannen var komen på uønskt besøk. I forklaringa i retten – og avhandlinga – teiknar Ribe-Nyhus opp eit bilde av ein trusselsituasjon, der sambuaren mellom anna skulle ha stått i fare for å bli valdteken av eks-mannen. Også dette er blitt avvist av retten.

Ribe-Nyhus får støtte frå rettleiaren sin, professor emeritus i filosofi ved Nord universitetet, Anders Lindseth, som meiner spørsmåla om dommen og forskingsetikken er ei avsporing.

Rettleiar: Det juridiske er ikkje tema

— Det juridiske er ikkje tema for avhandlinga, derimot den moralske utfordringa det er å ta ansvar for eiga handling når ein sonar fengselsstraff. At han skriv at han opplevde dommen som urettferdig då den fall, betyr ikkje at han i avhandlinga tar stilling til dommen og meiner den var feil. Ein kan diskutere om dommen er streng eller ikkje, men det er ikkje tema, seier Lindseth.

— Det er jo ikkje sånn at forskingsetikken alltid kan garantere at menneske ikkje blir støtt. Denne forskinga har ikkje tilført noko belastning som pårørande ikkje har hatt på førehand, tvert imot, den har i grunnen bidratt til avlaste, slik eg ser det, legg Lindseth til.

Professoren kjenner Ribe-Nyhus heilt tilbake frå tida då han skreiv hovudoppgåva.

— Eg hadde nokre tankar om at eg ville få han inn i ei stilling som stipendiat i Bodø, seier han.

Etter at dette naturleg nok ikkje vart aktuelt, etter dommen, vart Lindseth kontakta av fengselet der Ribe-Nyhus sat.

— Eg oppmoda Andreas til å skrive ei avhandling der han tok utgangspunkt i si erfaring som innsett i fengsel, for å forstå fengselsforhold, straff og soning. Eg tenkte at ei avhandling aldri er blitt skriven frå dette perspektivet.

Ganske kort tid etter at han starta soninga, vart dermed Ribe-Nyhus tatt inn på doktorgradsprogrammet ved Senter for praktisk kunnskap.

— Det er klart det er snakk om eit følsamt tema. Men det er også noko av det som gjer avhandlinga viktig. Den teoretiske forståinga av soning og fengselssystem får ein forståeleg bakgrunn fordi det er ei personleg historie der, seier Lindseth.

Samrøystes komite

Bedømmelseskomiteen rosar Ribe-Nyhus for arbeidet. I ei samrøystes innstilling heiter det mellom anna at «hans utforskning er først og fremst drevet av hans egen kamp for å overleve som sant menneske». Forskingsetikk er ikkje tatt opp i innstillinga, men komiteen meiner derimot forskinga «avføder en rekke interessante vitenskaps-teoretiske problematikk».

Det har ikkje lukkast Khrono å få kommentarar frå leiar i komiteen, Johan Arnt Myrstad, som er professor i filosofi ved Senter for praktisk kunnskap på Nord universitet (der også Lindseth har arbeidd).

Førsteopponent og komitemedlem Hedda Giertsen seier til Khrono at ho ikkje vil kommentere avhandlinga før disputasen. Giertsen er professor emerita i kriminologi ved Universitetet i Oslo.

Ribe-Nyhus seier avstand er ei nærliggande utfordring når stoffet er så nært knytt til hans eiga nære historie. Han meiner likevel at denne utfordringa ikkje treng å vere så ulik det å arbeide tett med andre menneske og deira historier, i staden for si eiga.

— Forskjellen er at eg slepp å innhente samtykke til mi eiga historie, seier han.

Han seier han trur det kan vere vondt for pårørande at historia får merksemd gjennom avhandlinga hans.

— På den andre sida, eg har vore i kontakt med sonen til avdøde. I forhold til pårørande, seier eg ikkje noko anna no enn det eg sa under rettssaka. Eg nektar ikkje for at eg har tatt livet av mannen, eg nektar berre for at det hendte på den og den måten.

Khrono har vore i kontakt med Eskild Vika Amundsen, den no 22 år gamle sonen til drapsofferet som Ribe-Nyhus refererer til. Han seier han ikkje har noko imot at Ribe-Nyhus omtalar drapet i doktorgradsavhandlinga, heller ikkje at versjonen strid mot domsversjonen.

— Dersom han kan bruke denne historia til å forstå ting betre, og det hjelper han, og kanskje andre, er det bra.

Vika Amundsen møtte aldri Ribe-Nyhus før han tok initiativet til eit forsoningsmøte med farens drapsmann i 2019, og han har seinare laga ein dokumentarfilm om møtet. Medan Eskild Vika Amundsen har budd i fosterheim heile livet, budde dei yngre halvsøskena hans (barn av drapsofferet) saman med Andreas Ribe og mora etter ho vart skilt frå faren (drapsofferet).

Strid om doktorgradsprogram

Det er ikkje første gongen doktorgradsprogrammet i profesjonspraksis ved Nord universitet kjem i søkelyset. I februar i år fekk Nord universitet to år på seg til å rette opp manglar i programmet, etter at tilsynsorganet NOKUT, som konkluderte med at programmet ikkje tilfredsstiller nødvendige kvalitetskrav. Dersom det ikkje går, kan heile universitetsstatusen ryke for Nord universitet.

Ribe-Nyhus seier han er kjent med dette, men at det ikkje har prega arbeidet hans. Han seier at målet hans mellom anna er å gi innsikt i fengelssystemet frå eit nytt perspektiv.

I dei seinare åra har han fortalt si historie i fleire samanhengar både i TV og aviser, mellom anna saman med den noverande kona, presten Ingrid Nyhus.

— Eg tar ein risiko med tanke på korleis dette blir lese. Men eg føler meg temmeleg sikker på at eg står på trygg grunn, metodisk og etisk, seier Ribe-Nyhus.

Disputasen finn stad kl. 12 den 26. august. Den vil kunne følgjast digitalt, ifølgje Nord universitets nettsider.

Powered by Labrador CMS