Rekrutteringssvikt

— Eg blei sjokkert. Vi er nesten fleire lærarar enn studentar her

Studentane sviktar lærarutdanningane. Men for dei som er igjen, er det i alle fall ikkje mangel på undervisningskrefter.

— Før blei lærarane sett opp til. Når eg har fortalt venner og familie at eg skal ta lærarutdanning, har eg blitt møtt med skepsis, seier førsteårs lærarstudent Ingrid Næss (i midten). Her flankert av medstudentane Viktoria Valrygg og Thomas Ramfjord Jørgensen .
Publisert Oppdatert

Bodø (Khrono): Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, heller ikkje for dei 11 studentane som denne hausten har tatt fatt på utdanninga for å bli lærarar i grunnskulen for 1.-7-klassingar.

— Vi blir i alle fall sett av undervisarane, og det er tid til å diskutere og ta opp ting, seier Viktoria Valrygg, 1. års student på lærarutdanninga ved Nord universitet i Bodø.

— Og vi blir tettare knytte i hop sosialt når vi er ei så lita gruppe, legg medstudent Ingrid Næss til, medan ho pakkar sakene etter didaktikk-timen i seminarrom E 143.

Dei skulle ha vore langt fleire.

Som Khrono tidlegare har skrive står meir 700 studieplassar ledige ved inngangen til oktober, ved 10 av institusjonane som utdannar grunnskulelærar.

I utgangspunktet skulle over 2800 studentar ha vore i full gang med å utdanne seg til å undervise på trinn 1-7 og 5-10. I staden manglar 25 prosent av studieplassane studentar.

Blant dei verst stilte er grunnskulelærarutdanninga på Nord universitets campus i Bodø. Der står 74 av 100 stolar tomme.

— Det er kjempetrist. I skulen er det stor lærarmangel. Ein av fem i skulen er ikkje utdanna lærar. Dette kjem jo til å bli endå verre, seier Valrygg.

Draumen, ikkje lønna

Statlege rekrutteringskampanjar ser ikkje ut til å hjelpe. Khrono har vist at Kunnskapsdepartementet frå 2017 og 2021 brukte 84 millionar kroner på å reklamere for lærar- og barnehagelæraryrket.

Ein gjennomgang av søkartala dei siste åra som Khrono gjorde, viser også at det er blitt færre menn på lærarutdanningane.

Ein av dei to gutane som har starta på lærarutdanning 1-7 i Bodø er Thomas Ramfjord Jørgensen frå Namsos. Etter vidaregåande fekk han jobb på barneskule. Det var det som vart utslagsgivande for utdanningsvalet. Lønn spelte mindre rolle då han bestemte seg.

— Det handlar meir om å kunne trivast på jobben. At det eg skal halde på med er noko eg verkeleg vil. Då eg jobba på skule, følte eg at dette er noko som passar for meg. Eg likte variasjonen, å vere saman med ungane, å bidra til det sosiale samhaldet og utviklinga deira, seier Jørgensen.

Lønn har heller ikkje vore avgjerande for dei to andre grunnskulelærarstudentane Khrono snakkar med.

— Eg har alltid hatt ein draum om å bli lærar. Eg trur det kan gi meg ein givande og meiningsfylt arbeidskarriere. Når eg tenker tilbake, var det lærarar der som var med å gi meg moglegheiter i livet. Eg vil gjerne kunne gjere det same, seier Viktora Valrygg.

Det nikkar Ingrid Næss til, men ho trur hennar eigen skulegang i Bodø kan ha gitt inspirasjon på ein annan måte.

— Lærarar som ikkje gjorde inntrykk på meg motiverer meg til å bli lærar sjølv, seier ho.

«Alvorleg»

Prorektor ved Nord universitet, Levi Gårseth-Nesbakk, har i Khrono karakterisert situasjonen som «alvorleg».

— Situasjonen er alvorleg, og utfordrar intitusjonane både på kvar ein tilbyr utdanning, og korleis ein tilbyr utdanning, sa han til Khrono.

Universitetslektor Hedvig Flaten Lie underviser grunnskulelærarstudentar i norsk didaktikk. På førsteåret på grunnskulelærar 1-7 er dei berre 11 studentar, 9 av dei jenter.

Han peikte på at sjølv om rekrutteringssvikten til lærarstudia viser seg over heile landet, kan konsekvensane bli ekstra alvorlege i Nord-Noreg, fordi lærarmangelen allereie er prekær.

Nord universitet har i tillegg vore prega av intern kamp, i første rekke knytt til nedlegginga og seinare gjenopprettinga av lærarutdanninga i Nesna. I Nesna står 42 av 70 plassar tomme. På grunnskulelærarutdanninga til Nord i Levanger var det planlagt 130 studieplassar, berre 53 studentar er på plass. Tala dekker både dei som vil bli lærarar på trinn 1-7 og dei som vil undervise på trinn 5-10.

«Alvorleg» er også ordet statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Hoel (Sp), har brukt.

— Samstundes er vi veldig sikre på at det ikkje er ein enkel årsak til dette og at det dermed heller ikkje finst noko trylleforumlar eller quick fix, sa han.

Hæ? Skal du bli lærar?

Dei tre lærarstudentane Khrono møter i Bodø er alle bekymra for statusen og nedsnakkinga av læraryrket. Det har heilt sikkert vore medverkande til at mange potensielle lærarstudentar har ombestemt seg, meiner dei.

Fakta

Tomme studieplassar

Tal på tommet studieplassar for grunnskulelærarar (trinn 1-7 og trinn 5-10) ved universitet og høgskular, fordelt på lærestader ved Nord universitet hausten 2022:

  • Bodø 74 av 100
  • Levanger 77 av 130
  • Nesna 42 av 70

— Før blei lærarane sett opp til. Når eg har fortalt venner og familie at eg skal ta lærarutdanning, er eg blitt møtt med skepsis. ‘Er du sikker på at du vil bli lærar?’, liksom, seier Ingrid Næss.

Viktoria Valrygg har opplevd akkurat det same – undring over utdanningsvalet hennar. Ingen av dei tre har lærarforeldre eller lærarar i nær familie.

— Når det i media handlar mest om at lærarar er lønnstaparar og om folk som vil slutte, er det ikkje så rart at mange er skeptiske, seier Ingrid Næss.

Eit par månader inn i studentlivet angrar likevel ingen av dei tre på at dei valde lærarutdanninga i Bodø. For dei er den gode tilgangen på lærekrefter fordelt på så få studentar ein uventa luksus, sjølv om den også avgrensar: Nokre valfag blir ikkje tilgjengelege, fordi det ikkje er nok studentar til at dei kan gjennomførast.

— Eg blei sjokkert den første dagen, over at det var så få studentar, seier Næss.

— Vi er nesten fleire lærarar enn studentar her.

Endringslogg

10.10.2022, kl. 16.20: Oppdatert med totaltall for de ti institusjonene til «over 2800» planlagte studiepleasser ved ti av 12 institusjoner som tilbyr grunnskolelærerutdanning 1-7 og 5-10.

Powered by Labrador CMS