Min doktorgrad

58 år gamle Randi Elisabeth Taxt seier ho mange gongar har tenkt på stipendiatane som er mykje yngre enn henne. Å ha levd ei stund er ein fordel når ein skal ta doktorgrad, meiner ho.

— Eg er eit litt håplaust case

Når Randi Taxt lurer på noko, er svaret ofte å studera. Men etter doktorgrad har ho no sett sluttstrek.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

Fakta

Randi Elisabeth Taxt (58)

  • Har levert avhandlinga «Knowledge, Technology Transfer and the Third Mission of Universities»
  • Disputerte ved Institutt for geografi ved Unviersitetet i Bergen 27. juni

— Eg har alltid vore interessert i å fordjupa meg i kunnskap. Eg er eit litt håplaust case, eg har to mastergrader og diverse andre greier — når eg lurer på noko er svaret mitt å ta meir utdanning. Eg jobbar med innovasjon og kommersialisering frå forsking i VIS, Vestlandets innovasjonsselskap, og såg at innovasjonsfeltet er eit fragmentert og svært empirisk fagfelt. Eg har òg etter kvart oppdaga at mykje av det ein bestemmer seg for å gjennomføra i sektoren, ikkje alltid er gjort utifrå eit kunnskapsgrunnlag. Eg var heldig, arbeidsgivar oppmoda meg om å ta doktorgrad, så då sette eg i gang. Eg har tatt ein offentleg sektor-ph.d., som er delfinansiert av Forskingsrådet, og var teken opp ved Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen. Utgangspunktet mitt er at eg er praktikar, og eg vart undervegs utfordra på at eg var tett på det feltet eg forska på. Men særleg når eg var i utlandet opplevde eg at det var det stor interesse då eg presenterte prosjektet mitt på konferansar og slikt.

— Kan du presentera forskingsprosjektet ditt i korte trekk?

— Eg jobbar altså i VIS, med det som vert kalla TTO (Technology Transfer Office, på norsk teknologioverføring) og dei to siste åra har eg òg jobba som seniorrådgivar innan innovasjon i Senter for digitalt liv Norge. Det eg har forska på, er kva som fremjar og kva som hemmar innovasjon og kommersialisering av forsking. Eg har òg sett på korleis universiteta har posisjonert seg innanfor økosystemet for innovasjon. Kva er forskarane si rolle? Kva verkemiddel har ein tilgjengeleg? Kva andre aktørar er involverte i innovasjonsprosjekta? Eg har difor intervjua alle aktørane i eit innovasjonsprosjekt med datainnsamling frå universitet i Noreg, Spania og Frankrike, og eg har då spurt dei om både bakgrunn og motivasjon. I tillegg har eg, som ein del av eit EU-prosjekt, gått nærare inn i eit spesifikt prosjekt og kartlagt alle møtepunkta mellom universitetet og omverda innanfor eit bestemt fagfelt ved UiB, marinbiologi.

Eg har jobba med å læra meg å seia «nei», det er ikkje så lett når ein er eit ja-menneske.

Randi Taxt

— Kva finn du?

— Dei fleste som går inn i eit innovasjonsprosjekt er ikkje svært økonomisk motiverte. Det gjeld faktisk òg industripartnarane i prosjekta. Samstundes er det slik at VIS og liknande selskap vert målt på økonomiske parameter. Me skal tena pengar og bidra til vekst. Funna mine er at dei som går inn i eit innovasjons- eller kommersialiseringsprosjekt gjer det fordi dei vil bidra til å få forskinga ut i folk sin kvardag og dei vil bidra til noko betre. Eg stiller spørsmål ved om me kanskje heng litt att i fortida når rammevilkåra er knytt til at ein absolutt skal tena så mykje pengar — i ei tid der ein snakkar om missions, altså samfunnsoppdrag. Det er svært få TTO-ar som tener mykje pengar. Men dei bidreg til at forskinga faktisk vert realisert i samfunnet, så TTO-verksemd er eit samfunnsoppdrag.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Det var å ha ein jobb ved sidan av. Eg skulle jobba 25 prosent, men eg har nok ikkje jobba mindre enn femti. Det har vore krevjande å på den eine sida skulle tenka lange tankar, og på den andre svara på e-post og sløkkja små brannar på jobb. Eg har teke permisjon utan løn frå den vanlege jobben i nokre periodar.

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg brukte litt lenger tid enn normert. Dei siste to åra har eg brukt alle feriar og altså hatt noko permisjon utan løn. Og så har eg jobba med å læra meg å seia «nei», det er ikkje så lett når ein er eit ja-menneske. Begge arbeidsgivarane mine har vore svært forståingsfulle, men det har vore nokre oppgåver eg har vore åleine om, som berre eg kan gjera.

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Eg har ikkje angra, men eg har nok tenkt «var no dette så lurt». Det har absolutt ikkje vore ein walk in the park, men eg likar jo ei utfordring … Samstundes har eg tenkt mange gongar undervegs på dei stipendiatane som er yngre enn meg og på kor mykje tyngre eit doktorgradsarbeid må vera dersom ein er heilt ung. Det kjem tunge dagar i eit slikt løp, og då trur eg det er lettare å ha levd ei stund.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Det vert i alle fall ikkje ei avhandling til, no er eg ferdig! Eg har ikkje teke doktorgrad for å verta professor. Men eg har lyst til å formidla ein del av dei funna eg har, eg har tenkt å dryppa dei ut i ulike kanalar, mellom anna som kronikkar. Eg har tenkt å bruka mi stemme, for eg meiner me både gjer og tenkjer ein del feil innan dette feltet i dag, og så får folk lytta dersom dei vil. Elles gler eg meg til å få betre tid. Eg er eit naturmenneske, så eg gler meg til å få meir tid til å vera i fjellet og òg til å plukka opp diverse prosjekt på heimebane.

Powered by Labrador CMS