khrono helg

Biologi-professor Dag O. Hessen tek av seg klokka og går ut i naturen. På jakt etter jerven, og kanskje på jakt etter det som ein gong var.

Då Dag O. Hessen var ung, gjekk vaksne menn framleis med hatt og frakk. No er det han sjølv som er vaksen. Professoren har fylt 67, og i den ferske boka si ser han femti år tilbake i tid.

— Eg er komen til livets august, seier Dag O. Hessen

Møter han jerven?

Det er spørsmålet som slyngjer seg gjennom heile den ferske boka «Jervesporet». Brageprisvinnar og biologiprofessor Dag O. Hessen har gått på, i alle fall nesten «gjengrodde stier», der han og faren for 50 år sidan såg ferske spor frå det myteomspunne dyret jerv. Sjølve dyret såg dei ikkje.

Boka har fått undertittelen «Jakten på dyret, meningen og minnene i en krympende natur».

Jerv. 1972. 28.februar. Så jervespor på veien fra Øksendalen og til Friisbua (halvveis). De krysset skiløypa og var så store at jeg kunne legge hele håndflata nedi. Lengde 17-18 cm, bredde 9-10 cm. Forholdsvis ferske. Kjølig.

Vil bruka posisjonen sin til noko

I desember 2022 tok Hessen ein pause frå den offentlege debatten. Han er ein kjend formidlar, var fast inventar i NRK-programmet Big Bang, og i fjor var han med på Debatten. Der vart det bråk.

— At det kjem reaksjonar nærmast programmatisk frå klimaskeptikarar, er eg van med, men at dei eg opplever at eg står på parti med og kjempar ein felles kamp med, har opplevd dette som eit svik og at eg nærast har sprunge ærend for oljenæringa, harmonerer veldig dårleg med den bodskapen me prøvde å formidla, sa Hessen til Khrono etter at han på Facebook hadde skrive at han tok ein pause både frå Facebook og frå å ytra seg i klimadebatten.

— Det var ein kortvarig pause, seier Hessen no, og nyttar omgrepet storm i vassglas.

— Der og då vart eg litt perpleks. Dei tilbakemeldingane som kom frå grøn side, det var dei som svei. Men for meg er det å formidla djupt meiningsfylt. Eg skriv sjølvsagt fagartiklar, men dei når ein mindre krins, og eg tenkjer at eg har ei plikt til å vera med i debatten — òg når det vert ubehageleg.

Klimaforskarar, særleg kvinnelege, har gått offentleg ut og sagt kva dei får av tilbakemeldingar når dei ytrar seg i det offentlege rommet.

«Din uintelligente ku.» «Dritt-kvinne.» «Forbanna drittkjerring.» «Du er stygg i trynet.» «Hvem tror du at du er? Forskningen din er møkk.» Dette var berre nokre av meldingane Bjerknessenteret sin direktør Kikki Kleiven viste til NRK då dei hausten 2022 skreiv om hets mot klimaforskarar. Der kjem det fram at kvinnelege klimaforskarar oftare enn menn seier nei til å ytra seg.

Hessen skjønar dei godt.

— Kvinner får mellom anna sexistisk sjikane. Eg har ikkje fått slikt. Eg har alltid tenkt at dersom eg får ein posisjon der eg vert lytta til, bør eg utnytta det.

Så no bur han seg på meldingar i avisene og på bokbad og andre arrangement.

— Det er litt skrekkblanda fryd knytt til det. Men dette er slikt som følgjer med. Har ein sagt a, så får ein seia b.

Formidling utan fotnotar

Nå står jeg her igjen, ganske nøyaktig på stedet jervesporet krysset den gang. Femti år har gått. Et liv. Far er borte, men to nye generasjoner har kommet til. Det er ingen jervespor her i dag, men jeg har akkumulert et halvt århundre med motivasjon og har bestemt meg for å ta tiden som trengs for å følge de sporene jeg kommer over. Kanskje finner jeg et annet jervespor, kanskje får jeg til slutt se fabeldyret. Om ikke annet kan jeg muligens finne rester etter tapt ungdom, levd liv, den intense naturfølelsen jeg husker fra tenårene.

Dette heiter det i innleiinga til boka. Så byrjar Hessen å gå. Han går dei gamle rutene, overnattar på gamle hytter og i hengekøye utandørs, han les gamle bøker om naturopplevingar og om jerv. Han kjem nær dyr som rein, elg, rev og ymse fuglar.

— Kva type bok er det du har skrive?

— Det er nok ei blanding av sjangar. Det er faktabasert, men ikkje ei typisk sakprosabok. Eg ville prøva om eg klarte å formidla naturglede, kunnskap og undring — utan fotnotar og referansar, seier Hessen, og held fram:

— Nokon har spurt om det er ein sjølvbiografi. Det er det ikkje, og det er heller ikkje ein roman. Eg hadde ikkje orka å skriva noko utan at det hadde ein nyttefunksjon.

Han bestemte seg for at dersom han fekk ein posisjon som gjorde at nokon lytta, skulle han bruka denne posisjonen. Biologiprofessoren skriv både om natur som krympar, om å vera fanga av klokka og ikkje minst om gleda ved fjella.

Store endringar

Biologen viser tydeleg i boka. Hessen skriv om dyre- og fugleartar, om insekt, om rovdyrpolitikk og om naturen som krympar.

— Korleis krympar naturen?

— Rundt 1972 starta ein med ei kartlegging av bestandar, og sidan den gong har ein sett ein nedgang. Ein har òg ei dramatisk endring for mellom anna regnskogen. Samstundes har det skjedd mykje positivt desse femti åra, med dyreetikk og vernetanke, seier Hessen.

I boka utforskar han to fjellområde. Det eine er der han gjekk saman med faren, i Ringebu, mellom Gudbrandsdalen og Østerdalen. Dette er heilt sør i det området der ein kan treffa jerv. Det andre er i Rondane. I tillegg er Hessen med Statens naturoppsyn på jervesporing. Dei ser spor...men ikkje dyr.

Frå hatt og frakk til mobil

Den unge Hessen, han som i 1972 fann jervesporet, var på spranget ut i livet. Han var 15 år den gongen. Eit par år seinare var han på tur med ein kamerat på kryss og tvers i Jotunheimen. Den turen forma han, seier professoren.

Seinare har han teke med barna sine ut, gitt dei moglegheita til å verta glade i naturen. Ein av sønene har vorte biolog.

Og: I boka skildrar faren korleis det tikkar inn ei melding frå sonen, som er på naturkartlegging. Tipp kva dyr han møter?

Hessen skildrar òg korleis han og kameraten planlegg ein tur som den dei hadde tidleg på 1970-talet. Dei må innsjå at dei er vortne eldre.

— Er det ein eldre mann som ser tilbake du skildrar i denne boka?

— Eg skal jo ikkje seia at livet dreg seg mot slutten. Men det går i alle fall mot slutten av arbeidslivet, seier Hessen, og brukar omgrepet «livets august» om seg sjølv, 67 år som han er vorten.

Han reflekterer over kor annleis mykje var.

— 1972 var jo på tampen av den tida der menn gjekk med hatt og frakk og mødre var heime. 2. verdskrig var fjernt, det kunne like gjerne vore ein napoelonskrig det var snakk om. Men i dag er det jo kortare frå 1972 til 2. verdskrigen enn frå 1972 til i dag...

Medan han er på tur, legg han frå seg klokka og set telefonen i flymodus. Det er ikkje det at professoren er nokon motstandar av det digitale, men han kallar seg sjølv ein slave av tida.

— Eg har ein hang til å sjekka klokka, og eg skundar meg alltid til noko. Eg synest det er godt å vera avlogga, og det er noko turisthytter no reklamerer med — mobilfrie soner. Men ein må seia frå heime!

Hessen sat i juryen då WWF Verdens naturfond, Den Norske Turistforening (DNT) og Norsk Friluftsliv skulle laga lista over raudlista naturopplevingar — dei ti naturopplevingane folk er mest redde for å mista. På lista står både stille og natur som ikkje er rørt ved.

— Naturen forventar ingenting av ein. Ein slepp den evige pålogginga, det vert eit frirom, seier Hessen.

Han sette telefonen i flymodus, tok av seg klokka, fann ein slant konjakk etter faren, og sov så godt som han ikkje plar i ei enkel fjellhytte. Ei anna natt sov han under open himmel i hengekøye. Ikkje så langt unna møtte Dag O. Hessen ein ulv.

Tenkjer dyra?

Plutseleg er han der. Ulven.

Et hundedyr glir ut av bjørkeskogen og krysser veien ikke mer enn 100 meter foran meg. Noe ved fremtoningen gjør at jeg fryser til. Rolig, nærmest selvsikker, skrider den over seterveien, før den forsvinner inn i skogen på den andre siden. Det var da en bemerkelsesverdig stor og langbeint rev? Og den var da grå? Nei, rever har jeg sett mange av i mitt liv, og dette var ikke en av dem. Hund er utelukket, for her finnes ikke folk i fjellet. Så slår det meg at det var en ulv. At jeg akkurat har hatt mitt første glimt at ulv i norsk natur.

I boka skildrar Hessen korleis rovdyrpolitikken gjorde at dei store rovdyra nesten var heilt utrydda. Slik er det ikkje lenger. 

I dag finst det, ifølgje Store norske leksikon, om lag 350 jerv i Noreg. Dyret er det største i mårfamilien. Det er altså ikkje i slekt med bjørn, men med andre, mindre rovdyr som røyskatt, oter og snømus. Nettopp snømusa vert òg skildra i boka. Ho dukkar opp og snappar med seg ei lita mus når Hessen skal henta ved i uthuset.

— Stort, seier Hessen om opplevinga.

— Ein jerv er ikkje truande, og ein bør heller ikkje kjenna seg trua av ulv — sjølv om staden der eg møtte ulven var like ved der eg hadde sove i hengekøye. Det finst nokre ytterst få ulveangrep.

Jerven er myteomspunnen, med sine enorme potar. Biolog Hessen fortel at det er forbausande lite ein faktisk veit om store dyr sine kjensleregister. Han reflekterer rundt dette i boka når han finn skjelett av hjortedyr, og han fortel om ein jerv som klatra høgt, høgt opp, ein plass han ikkje ville kunne finna mat.

— Ein veit at dyr leikar, og særleg gjer mårdyra det. Men eg trur store dyr har eit vidare kjensleregister enn me menneske trur.

Bad om obdusering

Kanskje var det allereie i 1972, eller til og med før det, at Dag O. Hessen bestemte seg for å verta biolog. Far hans var veterinær, og i boka skildrar sonen korleis han fekk faren til å obdusera eit daudt dyr dei fann på fjellet. Sjølv noterte tenåringen smått og stort av dei observasjonane han gjorde i naturen.

— Det stod mellom å studera medisin og biologi. Eg fekk høyra at som biolog kunne ein berre verta lærar. Det er ei yrkesgruppe eg har stor respekt for, men det var likevel ikkje heilt det eg hadde sett føre meg. Eg ville gjerne ha ein jobb med noko forsking.

I dag leiar han Senter for biogeokjemi i antropocen, eit tverrfagleg senter med tilsette frå Institutt for biovitenskap, Institutt for geofag og Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Professor vart han allereie i 1993.

Det er ikkje jervespor som er bak far og son her. Dag O. Hessen, her med sonen Eirik, seier han har teke barna med ut i naturen. — Så får dei sjølve bestemma om dette er noko dei likar.

Med tennene blotta

Møter Hessen jerven?

Det seier denne soga ingenting om. Men han har møtt jerv, for tretti år sidan.

— Eg var heilt nær. Han spratt ut av eit kratt. Så blotta han tennene mot meg. Det var heilt magisk. 

Tekstutdraga i kursiv er henta frå den ferske boka «Jervesporet» av Dag O. Hessen, gitt ut hos Cappelen Damm.

 

Powered by Labrador CMS