utdanning
Ein av tre studentar i Storbritannia kjem frå dei rikaste heimane
Andelen studentar som har foreldre med dei høgaste lønene er aukande.
Studentar som kjem frå dei mest velståande familiane utgjer no tett på ein tredel av alle studentar på lågare grad ved britiske universitet, skriv Times Higher Education (THE).
Data frå byrået som fører statistikk over høgare utdanning i Storbritannia, viser at nær 290.000 studentar ved høgare utdanningsinstitusjonar i 2024—25 kom frå familiar som høyrer til den øvste tidelen i Storbritannia, klassifisert etter sosioøkonomisk status. Denne gruppa er definert som dei som jobbar i høgare leiarstillingar og i visse profesjonar, som legar, advokatar og ingeniørar.
Tala viser at det no er ein høgare andel blant universitetsstudentane frå denne gruppa enn tidlegare.
Mindre mobilitet
I 2021—22 viste tilsvarande måling at 25 prosent var i denne kategorien, medan talet no er oppe i 31 prosent.
Ifølgje professor Lee Eliot Major, som forskar på sosial mobilitet ved Universitetet i Exeter, kan tala vere ein indikasjon på djupare strukturelle endringar i det britiske samfunnet med minkande sosial mobilitet.
— I takt med hardare konkurranse om moglegheitene blir tilgangen til høgare utdanning i større grad sosiale skiljeliner, særleg når det gjeld ei mest ettertrakta universiteta, seier han til THE.
Jamt i midten
Andelen studentar som har foreldre med mellomleiar-posisjonar og jobbar som for eksempel sjukepleiarar, lærarar eller journalistar har lege jamt på 25 prosent dei siste åra.
Studentar som kjem frå ein bakgrunn med foreldre med lite utdanning, og for eksempel arbeider som salsassistentar, pleiarar eller postarbeidar, er dei det tydelegast er blitt færre av på universiteta dei seinare åra.
Prosentandelen frå denne gruppa har gått ned frå 13 til 9 prosent.

Nylige artikler
Misforhold mellom ambisjoner og rammer
Ein av tre studentar i Storbritannia kjem frå dei rikaste heimane
Lønnskonflikt ved OsloMet: Fagforeningene vil ta saken videre
En av tre studenter har for høy inntekt og formue — får kutt i stipend
«Sossebygget», «NAV» og «Hufsa» blant forslagene til navn på nye NTNU-bygg
Mest leste artikler
Redaktør går hardt ut mot bønnerom og muslimer ved kristen høgskole
Den kjente skoleforskeren John Hattie granskes for fusk
Professor åtvarar mot ukultur som kan korrumpere universitetet
Forsvarets høgskole skal tilby master i krigføring
NTNU lanserer nytt KI-verktøy. — Tryggeste i Norge