utdanning
Oxford, Yale, Stanford på topp i rangering. For «dei mest privilegerte»
For å studere der bør du helst kome frå ein privilegert og pengesterk familie, ifølgje Time Magazine, som står bak rangeringa.
Det er «the usual suspects» som toppar den nye universitetsrangeringa som det amerikanske Time Magazine står bak (som ikkje må forvekslast med den meir kjende rangeringa til Times Higher Education).
Magasinet presenterer ei liste på 500 universitet frå heile verda. På topp tronar Oxford University, den britiske eliteinstitusjonen som har det med å prikke inn høge plasseringar i rangeringar. Det andre mest berømte eliteuniversitetet på dei britiske øyane, Cambridge, er på 7. plass.
Mellom dei to på lista er alle amerikanske: Yale, Stanford, MIT, The University of Chicago og Harvard.
Blar ein seg nedover, kjem det fleire amerikanske og britiske, med kjende namn — før dei kinesiske dukkar opp, eit par frå Australia, eitt frå Canada, Tyskland, Japan, Sveits. Etter kvart kjem nokre nordiske til syne.
Lista frå Time Magazine ser med andre ord ut som mange andre lister som jamt blir presenterte av universitetsrangeringar. Men i tillegg til lista presenterer det tradisjonsrike magasinet rangeringa med ein analyse av tala som ligg bak.
Rangeringa «avslører ein ubehageleg røyndom», skriv Time: I dei fleste land er dei topprangerte universiteta mest tilgjengelege for dei som kjem frå høginntektsfamiliar.
Ein prosent
Dataa bak rangeringa viser at færre enn 1 prosent av amerikanske studentar går på dei 12 såkalla «Ivy-Plus»-universiteta — kort sagt prestisjeuniversiteta i USA som oftast ligg i toppen av rangeringane. Samstundes utgjer studentane som har gått der 13 prosent av:
- dei 0,1 prosent med høgast inntekt,
- ein firedel av amerikanske senatorar
- halvparten av alle med Rhodes-stipend (prestisjestipend frå Oxford University)
- tre av fire høgsterettsdommarar som er blitt utpeikt siste 50 åra
Time Magazine har også funne ut at dei som får utdanning på toppen av denne universitetspyramiden også har langt større sjanse for å nå til topps samfunnet etterpå, enn dei som ikkje har utdanning derifrå.
Kor godt klarer universiteta å rekruttere talent frå alle bakgrunnar? spør Time-analysen.
Ikkje spesielt bra.
Ressursar, prestisje, arv
Studentar frå rike eller velståande familiar er sterkt overrepresenterte på alle universiteta som okkuperer dei 60 første plassane på rangeringa. Time viser til forsking som har funne ut at meir 15 prosent av studentane kjem frå familiar som høyrer til den eine prosenten i USA med årsinntekter på meir 600 000 dollar, i underkant av 5 millionar norske kroner.
Konklusjonen, slår Time-analysen fast, er at eliteuniversiteta kunne ha fått studentar frå breiare sosioøkonomiske lag om dei hadde gjort noko med måten dei rekrutterer studentar på. I staden er den klare tendensen at desse institusjonane «forsterkar privilegia som går i arv mellom generasjonane».
Kort sagt, privilegium avlar privilegium.
Studentar frå rike eller velståande familiar er sterkt overrepresenterte på alle universiteta som okkuperer dei 60 første plassane på rangeringa.
Som eksempel trekker Time igjen fram rangeringsvinnaren Oxford og tvillingen i Cambridge, nummer sju på rangeringa. Halvparten av studentane der har gått på privatskular før universitetet. Likevel utgjer dei berre 7 prosent av alle som går ut av vidaregåande i Storbritannia.
I Chile har dei som har gått på eksklusive privatskular 16 gonger større sjanse for å hamne på toppuniversitet i landet enn dei som har gått på vanlege skular.
Kva kan eigentleg prestisjeuniversiteta gjere?
Ressurssterke familiar bur gjerne i ressurssterke nabolag, som ofte forplantar seg til skulane, som også blir meir ressurssterke — og dermed elevane. Ja, det gjer at fleire får gode karakterar som trengst for å gå på universitetet, ifølgje Time.
Men statistikken viser at det i stor grad også handlar om korleis universiteta filtrerer studentane som får sleppe til.
Bussjåfør? Gløym det
For å kome inn på dei fleste toppuniversiteta må studentane ta ei opptaksprøve som del av grunnlaget for å kome inn. Time har samanlikna likt resultat for ein student frå ein høginntektsfamilie med ein som kjem frå middelklassen. Resultat:
«Ein student med foreldre som er bedriftsleiarar har langt høgare sjanse til å kome inn på dei høgast rangerte lærestadene enn ein student med same karakterar frå vidaregåande og resultat på opptaksprøva som ein student med foreldre som er lærarar eller bussjåførar».
Time fyller på med fleire tal som underbygger bildet av eit skarpt klasseskilje:
Dersom foreldra dine har gått på eliteuniversitet i «Ivy-Plus»-kategorien, er sjansen fem gonger høgare for at også du kjem inn, enn om foreldra dine ikkje har gått på eit slikt universitet.
I tillegg kjem ein annan faktor som gjer utslag, nemleg at dei som har pengar i større grad, kan kjøpe seg privat undervisning og hjelp til å gjennomføre søknadsprosessen.
Ei spesiell gruppe i USA er dei som kjem inn på grunnlag av idrettsprestasjonar. Dei utgjer 10—15 prosent av studentane ved dei høgast rangerte universiteta. Det skulle ein kanskje tru var ein sjanse til å kome inn, sjølv utan rike foreldre?
Men også her viser det seg, ifølgje Time Magazine, at høginntektsfamiliane dominerer — dei som har råd til å engasjere trenarar og støtte som trengst for at ungane skal nå langt i idretten.
Oslo, Trondheim, Bergen
Kanskje er det berre naturleg at Norden og langt meir egalitære land som Noreg ikkje når heilt opp i rangeringane?
Ingen norske er blant dei 100 beste på Time Magazine si rangering. Det danske DTU, det tekniske universitet er oppe på 75. plass. Lunds universitet er nummer 82.
På plass nummer 106 dukkar Universitetet i Oslo opp, seks plassar før Uppsala Universitet. Med på lista er også NTNU på 384. plass og Universitetet i Bergen som er på 405. plass av dei 500 rangerte.
Dei tre norske er alle i kategorien «store gamle», kanskje er der ein samanheng med kor dei er plasserte i rangeringa?
Det seier ikkje Time sin analyse noko om. Men det finst mange undersøkingar som underbygger at økonomisk og sosial bakgrunn framleis er avgjerande faktorar også i det norske utdanningslandskapet.
I ei tid med veksande mistillit til «eliten» vil bildet av institusjonar der bakgrunn er viktigare enn merittar forsterke inntrykket av at universiteta prioriterer dei privilegerte.
Eit langvarig forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen har vist at samanhengen mellom klassebakgrunn og utdanning er sterk, og i nokon samanhengar sterkare enn før. For eksempel ber viss juss- og økonomiutdanningar preg av å vere eliteutdanningar som reproduserer, eller forsterkar, gamle mønster.
Det finst gode grunnar for å sjå på denne situasjonen med kritisk blikk i ei omveltande tid, der tilliten mellom folk blir sett på prøve:
Meir enn nokon gong før, slår Time Magazine, fast er det viktig å utvide tilgangen til toppuniversiteta. I ei tid med veksande mistillit til «eliten» vil bildet av institusjonar der bakgrunn er viktigare enn merittar forsterke inntrykket av at universiteta prioriterer dei privilegerte.
Time Magazine forklarer metoden bak rangeringa her.

Nylige artikler
Oxford, Yale, Stanford på topp i rangering. For «dei mest privilegerte»
Forskningsparkens lekende prins
8 av 10 universiteter med røde tall i Frankrike: «Dette er en alvorlig advarsel»
Forlot først akademia på grunn av midlertidigheten
Raseforskere lurte til seg helsedata fra 20.000 barn
Mest leste artikler
Sykepleierstudenten har en dødelig sykdom. Mens han kan, vil han hjelpe andre
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Ønsker å bli kvitt navnetradisjonen. Vil ikke være professor emerita
Det renner inn med KI-genererte søknader. — Som en flodbølge av KI-skvip
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger