rangering

Ny rangering: Universitetet i Bergen er best i Norden på utveksling

Universitetet i Oslo er beste norske i fersk rangering. Men Universitetet i Bergen hevdar seg med studentutveksling.

Universitetet i Bergen er attraktivt for internasjonale studentar, ifølgje QS si rangering over dei beste i Europa. Bildet er frå ein promosjon ved UiB i 2019.
Publisert Sist oppdatert

Ei av dei store universitetsrangeringane legg i dag fram den årlege lista over dei beste universiteta i Europa. Ifølgje QS World University Rankings er Universitetet i Oslo det 64. beste universitetet på kontinentet. Det er same plassering som i 2025.

Å vere best i Noreg held likevel ikkje til å hevde seg i den nordiske toppen. Framom seg på lista over det QS reknar som dei totalt sett beste i Norden, har UiO åtte universitet. Tre av dei er frå Sverige, tre frå Danmark og to frå Finland.

På topp i Norden er Lunds universitet, og med seg på «pallen» har det Uppsala universitet og KTH Kungliga tekniska högskolan.

FAKTA

Ti på topp i Europa

  1. University of Oxford
  2. ETH Zurich
  3. Imperial College London
  4. UCL
  5. University of Cambridge
  6. The University of Edinburgh
  7. King’s College London
  8. Université PSL
  9. The University of Manchester
  10. EPFL – École polytechnique fédérale de Lausanne

Etter UiO er NTNU neste norske som nummer 96.

UiB er tiltrekkande

Meir gledeleg er det kanskje for Universitetet i Bergen å registrere at QS utropar dei til flinkast i den nordiske klassen når det gjeld studentutveksling.

I kategorien som vurderer kor godt ting fungerer når deg gjeld studentar som kjem til Noreg, er UiB på 17. plass i Europa. Når det gjeld kategorien som handlar om kor gode forholda er for å reise ut på utveksling — 18. plass.

Ifølgje QS måler dei i kva grad institusjonane er opne for utveksling, kva slags omdømme studentane har ved andre institusjonar og evna til å tiltrekke seg utvekslingsstudentar frå andre universitet.

NMBU har flest undervisarar i forhold til studentar.

Også NMBU kan smykke seg med ei nordisk topplassering, ifølgje QS. I ein indikator som måler kor mange undervisarar dei har per student, er universitetet nummer ein i Norden.

FAKTA

Ti på topp i Norden

  1. Lund University
  2. Uppsala University
  3. KTH Royal Institute of Technology
  4. Aalto University
  5. Aarhus University
  6. University of Copenhagen
  7. University of Helsinki
  8. Technical University of Denmark
  9. University of Oslo
  10. Stockholm University

Når QS reknar ut kven som totalt sett er best, har kategoriane UiB og NMBU hevdar seg i, likevel lite vekt (2,5 og 5 prosent). Den store tunga på den vektskåla er «akademisk omdømme», ein kategori som tel 30 prosent. Best academic reputation har Københavns universitet, ifølgje rangeringa.

UiO er «innrangert»

QS baserer seg  både på  data som institusjonane sender inn og data QS sjølv leitar opp. Som Khrono skreiv om i desember 2025, hadde berre 1 av 10 norske universitet levert data til ei QS-rangering som handla om berekraft.

Den gong uttalte rektor ved UiO, Ragnhild Hennum, til Khrono:

Rangert: Ragnhild Hennum er rektor for Europas 64. beste universitet, ifølgje QS si rangering.

— Vi bestemte at vi ikkje ønskte delta på denne, då er det rart å bli tatt med. Det er som å hamne på resultatlista i ein konkurranse du ikkje har deltatt i.

Ein av toppsjefane i QS, Ben Sowter, svarte at QS baserer seg på pålitelege, offentleg tilgjengelege kjelder.

Også med: Volda

Etter Universitetet i Oslo på 64. plass kjem NTNU som nummer 96 på rangeringa av dei beste i Europa samla sett. Universitetet i Bergen er ifølgje QS-rangeringa i dag det 105. beste universitetet i Europa.

Deretter må ein 160 plassar ned for å finne neste norske, UiT Noregs arktiske universitet, som er nummer 265.

NMBU, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder og OsloMet er alle i sjiktet mellom dei 300—450 beste i Europa — med NMBU som høgast rangert på 308. plass. Nord universitet rangerer QS til å vere ein stad mellom 551.-600. plass på lista over universitet i Europa.

Også ein høgskule har fått plass.

Høgskulen i Volda, Volda University College, er på cirka 900. plass.

 

Powered by Labrador CMS