universitetsrangering
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Berre 1 av 10 universitet som kom på lista over verdas mest berekraftige hadde levert inn data til rangeringa.
Kor berekraftig er ditt universitet, og korleis ligg det an samanlikna med resten av landet og verda?
Det er desse spørsmåla QS World University Rankings, ei av dei store internasjonale universitetsrangeringane, meiner dei gir svaret på. Khrono omtalte nyleg den ferskaste resultatlista frå ei av dei mange rangeringane deira. NTNU kom best ut med ein 176. plass. Det er ei rett god plassering, med tanke på at QS har tatt temperaturen på meir enn 2000 lærestader over heile kloden.
201 plassar etter NTNU følgjer Universitetet i Oslo, verdas 377. flinkaste til å passe på berekrafta. Dårlegast av dei norske er, ifølgje QS, Universitetet i Søraust-Noreg (USN) — 1325 plassar under NTNU.
Ein annan forskjell mellom desse universiteta er at det berre er NTNU som har levert inn data til QS-rangeringa.
Det har verken USN, eller nokon av dei andre av dei norske universiteta som er med i rangeringa gjort.
Ville ikkje delta
Rektor ved Universitetet i Oslo, Ragnhild Hennum, reagerer på at dei er blitt rangert utan å ha ønskt å vere med.
— Underleg, er hennar kommentar.
— Vi bestemte at vi ikkje ønskte delta på denne, då er det rart å bli tatt med. Det er som å hamne på resultatlista i ein konkurranse du ikkje har deltatt i.
Hennum seier UiO tok stilling til førespurnaden frå QS og konkluderte med at dei ikkje ønskte å delta.
— Derfor leverte vi ikkje inn data. Det var mykje data som måtte leverast inn, som ville medføre mykje arbeid, og vi meinte at det ikkje reflekterte vårt arbeid med berekraft, seier UiO-rektoren.
Ifølgje QS sine nettsider kan alle sende inn data til rangeringane. Desse er «viktige for å sikre at rangeringane våre blir så presise som mogleg», står det.
Og vidare: (…) det er i institusjonens eiga interesse å sørge for at vi kan gjere ei rettvis vurdering ved å sende inn data».
Men denne «eigeninteressa» er ikkje alle institusjonar klar over at dei har. Dei fleste har ikkje registrert at dei er blitt spurt om delta, viser ei rundspørjing Khrono har gjort.
— Ikkje blitt spurt
— Vi kjenner ikkje til at vi verken er spurt eller har gitt data, seier kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Agder (UIA), Øivind Dagsvik Eskedal.
UiA er plassert i kategorien 1301.-1400.-plass på lista.
— UiA har i det heile tatt ikkje noko strategisk mål om å delta i slike rangeringar.
- Universitetet i Stavanger opplyser at dei ikkje kjenner til at dei har bidratt med informasjon til rangeringa.
- Det same seier OsloMet og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, NMBU.
- Nord universitet «er ikkje involvert».
- UiT Noregs arktiske universitet kutta ut denne rangeringa i 2020 og har ikkje levert data sidan.
- Universitetet i Bergen meiner dei kan ha mottatt ein masseutsend e-post, men har heller ikkje ønskt å bidra med data.
Likevel er dei altså alle rangert og plassert på QS berekraftsliste.
Lettare å nå opp
Best i heile verda når det gjeld satsing på berekraft er Lunds universitet i Sverige, ifølgje rangeringa. Medan UiO-rektoren er kritisk og undrande til opplegget til QS, ordlegg rektoren ved Lunds, Erik Renström, seg på ein annan måte.
— Ödmjuk, stolt och inspirerad.
Universitetet legg tilsynelatande stor vekt på rangeringa, i alle fall i marknadsføringa.
— Nasjonalt er Lunds universitet godt kjent, men internasjonalt treng vi å synleggjere kvalitet og relevans. Rangeringar er ikkje fullstendig rettvise på alle område, men dei blir brukte av omverda, seier Erika Söderstjerna, som arbeider med rangeringar for Lunds universitet.
Lunds har levert inn data til QS, og ifølgje Renström er det ein overkomeleg jobb.
Men kunne Lunds ha nådd til topps om dei ikkje hadde levert inn data?
— Det å rapportere inn data har sjølvsagt gjort det lettare for Lunds universitet å nå heilt til topps, seier Renström.
QS: — Robust
Ifølgje QS er det ikkje slik.
Dei seier det ikkje gjer nokon forskjell for resultatet i rangeringa om ein leverer inn data eller ikkje.
— Når universiteta vel å ikkje levere data, baserer QS seg på pålitelege, offentleg tilgjengelege kjelder. Dette gjer rangeringa representativ for sektoren globalt. Dei få institusjonane som ikkje deltek aktivt, blir likevel vurderte rettferdig og konsistent, seier Ben Sowter til Khrono, Senior Vice President i QS.
Han meiner dei har gode grunnar for å ta med universitet som ikkje leverer data, men som likevel oppfyller QS sine metodiske kriterium.
— Å utelate institusjonar ville gitt eit ufullstendig og skeivt bilde. Dersom kvalifiserte institusjonar hadde blitt utelatne, ville det blitt ei mangelfull rangering.
— Det er viktig å merke seg at deltakinga er høg, og det bidrar til å sikre at samanlikningane vi kjem med er robuste, representative og meiningsfulle, legg han til.
— Korleis forsvarar du legitimiteten til ei rangering der mange av institusjonane tilsynelatande ikkje kjenner til at dei er rangerte, og nokre ikkje ønskjer å delta i det heile?
— Vi kontaktar jamleg alle kvalifiserte universitet og inviterer dei til å delta i datainnsamlinga. For denne runden sende vi invitasjonar 30. januar, 31. mars og 4. april, og alle vart inviterte til eit eige webinar 5. mars. Sjølv om vi gjer det som er rimeleg å forvente for å nå rette kontaktpersonar ved institusjonane, kan forhold vi ikkje rår over, som intern e-postfiltrering, forelda kontaktinformasjon eller manglande intern oppfølging føre til at informasjonen ikkje blir sett. Vi jobbar kontinuerleg med å ha ein god dialog med alle dei rangerte universiteta, seier Sowter.
