tilsetting

Professor åtvarar mot ukultur som kan korrumpere universitetet

Hemmelege vurderingar gjer administrative leiarar til «småkongar», meiner professor Gisle Selnes ved Universitetet i Bergen. 

— intervjurunden skal ikkje brukast til omkamp om den faglege vurderinga av søkarane, seier professor Gisle Selnes.

— Dette ser veldig stygt ut, er Gisle Selnes sin første reaksjon.

Han har også tidlegare har gått hardt ut mot det han oppfattar som uhaldbare tilsettingsprosessar ved Universitetet i Bergen (UiB).

Denne gongen er det tilsettinga som førsteamanuensis i arkeologi, som Khrono fortalde om sist veke, det dreier seg om.

I den sakkunnige rapporten vart Benjamin Raffield rangert som klart best kvalifisert til jobben. I innstillinga har instituttleiaren som har ansvaret for tilsettinga, i staden innstilt ein intern kandidat som fagekspertane meiner ikkje er like godt fagleg kvalifisert.

Det er uklart kva som ligg til grunn for endringa. Universitetet har nekta innsyn i innstillinga, men Khrono har lese ein sladda versjon. Innstillinga er ført i pennen av leiar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), Teemu Ryymin.

— Tilsettingar skal forankrast i uhilda og kvalifiserte vurderingar av søkarane, ikkje hemmeleghald og kreative innstillingar, seier Gisle Selnes, som er professor i allmenn litteraturvitskap.

— Same oppskrift

I Khrono sist veke gjekk Benjamin Raffield sjølv ut og kritiserte tilsettingsprosessen.

— Alt eg ber om er ein rettferdig og transparent prosess, sa Raffield, som har sendt eit omfattande brev til fakultetet der han påpeikar det han meiner er brot på UiBs eige regelverk for tilsetting i vitskapelege stillingar.

Instituttet der Raffield har søkt jobb er det same som i 2024 fjerna Eirik Hovden frå tilsettingsprosessen til ei stilling etter hemmeleg vurderingar. Saka vekte oppsikt og fekk kritikk, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Hovden vart til liks med Raffield først vurdert som best kvalifisert av fagekspertane.

— Instituttleiinga slapp unna med dette maskepiet i samband med Hovden-innstillinga. No brukar dei same oppskrift for å få tilsett ein annan søkar enn den som er plassert på topp av den sakkunnige komiteen, seier Selnes.

I innstillinga står det mellom anna at grunnlaget for å endre rangeringa og fjerne Raffield frå førsteplassen er «opplysninger som er kommet frem i prosessen». Det er uklart kva desse opplysningane er.

— Det høyrer ingen stader heime at «opplysninger som har kommet frem i prosessen», og som verken fagfellesskapet eller søkarane får vite kva er, skal velte den klare og samrøystes konklusjonen frå den sakkunnige komiteen. Dette hemmeleghaldet undergrev kvalifikasjonsprinsippet og gjer administrativt tilsette mellomleiarar til småkongar. Eg forventar at fakultetsleiinga innser alvoret og får sett ein stoppar for denne ukulturen, seier Selnes.

Fagforeining: — Pussig

Universitetet i Bergen arbeider for tida med ein full gjennomgang av sine reglar og retningslinjer for vitskapelege tilsettingar og opprykk. Bakgrunnen er mellom anna Hovden-saka og seinare opprykkssaka til Dorte Madsen, som Khrono også har fortalt om. 

Madsen søkte om opprykk til å bli professor på Fakultet for naturvitskap og teknologi, men søknaden vart trenert og ho vart utsett for det ho sjølv karakteriserte som ein «kafkaprosess».

Leiar i Forskerfobundet ved Universitetet i Bergen, Steinar Vagstad, meiner regelverket no treng opprydding og presisering for å sikre innsyn.

— Det er klart at det kan finnast saklege grunnar for å endre ei rangering, men då må desse saklege grunnane kome fram. Slik reglementet er i dag, treng ein ikkje vise det fram for andre enn tilsettingsorganet. Det er ein veikskap i reglementet.

Steinar Vagstad, i UiB-styret, styremøte Universitetet i Bergen
Steinar Vagstad i Forskerforbundet meiner tilsettingsprosessane må opnast opp for innsyn.

Vagstad meiner så godt som alt frå tilsettingsprosessen bør kunne gjerast offentleg.

— Eigentleg er det berre det som blir uttalt frå eventuelle referansar som bør skjermast, seier han. Når sjølv avgjersla er lukka for andre enn dei innvigde, er det umogleg for dei som er på utsida å sjå om ting har gått riktig føre seg eller ikkje. Det som er vist fram i denne saka ser ikkje ut til å vere godt nok grunnlag for å snu på vurderinga til den sakkunnige komiteen. Men det kan sjølvsagt vere andre ting, i det som vi ikkje får vite om, som kan vere slikt grunnlag, seier han.

Han peikar på at instituttleiarane ikkje har høve til å gjere eigne sakkunnige vurderingar.

— Dei kan føreslå å nedsette ein ny komité, men ikkje vere komité sjølv. I alle tilfelle skal ein, dersom ein meiner at komiteen har gjort noko feil, først ta kontakt for å finne ut om ein kan klare opp dette. Det er tydeleg at det ikkje har skjedd i denne saka. Sett frå utsida er det svært pussig, og det ser ikkje pent ut.

— Ikkje universitetet verdig

Også Gisle Selnes understrekar at jobbintervjuet er ein viktig sikringsventil, og at vesentleg ny informasjon, som for eksempel knyter seg til om ein person er skikka til jobben eller ikkje, skal kunne vere grunnlag for å endre ei rangering.

— Men intervjurunden skal ikkje brukast til omkamp om den faglege vurderinga av søkarane. Etter oppslaget i Khrono å dømme, er det det som har skjedd i denne saka ved AHKR.

Professoren fryktar, etter fleire saker ved UiB, at tilsettingane ikkje berre verkar som at dei er vilkårlege — men faktisk også kan vere det.

— Då blir det desto viktigare for yngre forskarar å halde seg inne med instituttleiinga, vere medgjerlege og ikkje for kritiske. Det er ein situasjon vi ikkje er tent med — det er ikkje eit universitet verdig. Og det seier seg sjølv at ei slik direkte «personalistisk» makt lett kan misbrukast og korrumpere institusjonen.

Instituttleiar Teemu Ryymin er sjukmeld og viser til dekan Camilla Brautaset. Ho skriv i e-post til Khrono: 

Dette er ei tilsettingssak som er uavslutta, ettersom den ikkje er handsama av fakultetsstyret. Av omsyn og respekt for dei involverte partane og den vidare saksbehandlinga, kan eg ikkje kommentere saka i media.

Powered by Labrador CMS