tilsetting

Klart best kvalifisert, ifølgje fagekspertane. Vraka til fordel for intern kandidat

Han var nummer ein til stillinga som førsteamanuensis i arkeologi ved Universitetet i Bergen. Heilt til instituttleiaren leverte innstillinga.

Mann med langt hår står ute ved sjøen med åser og skog i bakgrunnen
Benjamin Raffield var ein av 23 søkarar til jobben som førsteamanuensis i Bergen, som vart utlyst i april 2025. Han meiner universitetet har brote eigne retningslinjer i tilsettingsprosessen.

I november 2025 hadde den sakkunnige komiteen med tre fagekspertar einstemmig konkludert: Benjamin Raffield bør på grunnlag av dei faglege kvalifikasjonane få jobben som førsteamanuensis i arkeologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Hans «akademiske merittar overgår dei tre andre leiande kandidatane» vurdert etter alle dei sentrale kriteria, står det i rapporten.

Ifølgje fagekspertane er han best kvalifisert som forskar, har den sterkaste publikasjonsprofilen, er pedagogisk mest kompetent, har mest erfaring med prosjektleiing og har mest å vise til når det gjeld å innhente ekstern finansiering.

Raffield hadde vore gjennom den obligatoriske prøveforelesinga, der vart han vurdert til å vere den beste. I januar 2026 var han i Bergen på intervju, normalt sett ein formalitet. Også det gjekk bra. Den lange søknadsprosessen som begynte i april 2025, nærma seg endeleg slutten.

24. februar ringde leiaren ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Teemu Ryymin.

Der fekk Raffield beskjed om at han ville bli innstilt som nummer to.

Personen som først var rangert som nummer to av den sakkunnige komiteen, og som i dag er tilsett i ei anna stilling ved instituttet, vart flytta opp til førsteplassen.

Sladda vurdering

— Forklaringa eg fekk, var at den sakkunnige rapporten var biased, fortel Benjamin Raffield til Khrono.

Kva biased skulle bety i denne samanhengen, kva som eigentleg var problemet med den sakkunnige vurderinga til dei tre fagekspertane, var vanskeleg å få tak på, ifølgje Raffield.

Khrono har kontakta instituttleiar Teemu Ryymin. Han opplyser at han er sjukmeld og viser til dekan Camilla Brautaset for kommentar. I e-post til Khrono skriv Brautaset at saka er «i prosess». Utover dette ønskjer ho ikkje å kommentere eller svare på Khronos spørsmål eller kritikken frå Raffield. 

Camilla Brautaset er dekan ved Det Humanistisk fakultet. Ho har ingen kommentar til saka.

Ni dagar etter telefonsamtalen fekk Raffield oversendt den skriftlege innstillinga frå instituttet. Dokumentet er datert 24. februar, same dag som Raffield snakka med instituttleiaren.

«Selv om den sakkyndige komiteen rangerte Raffield foran (...), har opplysninger som har kommet frem i prosessen mer enn utlignet forskjellen mellom de to», står det i innstillinga.

FAKTA

Tilsettingar på universitetet

  • I tilsettingar til vitskapelege stillingar på universitetet er det tre medlemmer i ein sakkunnig komite med fagekspertar som har ansvaret for å gjere den grundige, faglege vurderinga av søkarane og gi ei anbefaling om kven som på dette grunnlaget bør få jobben. 
  • I tillegg til rapporten frå fagekspertane må dei utvalde kandidatane vanlegvis gjennomføre ei prøveforelesing og til sist eit intervju. Det er fakultetsstyret som normalt gjennomfører tilsettinga etter innstilling.
  • Ifølgje UiBs regelverk for vitskapelege tilsettingar skal tilsetting skje «ut fra sakkyndig bedømmelse etter krav angitt i utlysning og stillingsbeskrivelse».
  • Dersom det er tvil om den sakkunnige vurderinga er adekvat og forsvarleg skal «ansettelsesorganet foreta det som er nødvendig for å avklare og eventuelt korrigere en slik uoverensstemmelse, men ikke selv foreta en sakkyndig bedømmelse», ifølgje regelverket.

Kva det er som har kome fram i prosessen som har snudd opp ned på fagekspertane sine vurderingar, er berre delvis tilgjengeleg. Delar av innstillinga, som er unntatt offentlegheit, og som Raffield fekk tilsendt, er sladda.

«Instituttet har (…) foretatt følgende samlede vurdering av søkerne, står det. Det neste avsnittet er streka over.

Khrono har lese innstillinga med unntak av dei sladda delane.

Delar av innstillinga er formulert som kritiske kommentarar til den sakkunnige komiteens vurderingar. Instituttleiaren som har ført innstillinga i pennen, ser ut til å meine at fagekspertane ikkje har vurdert Raffield etter same kriterium som den konkurrerande interne søkaren. Det same skal gjelde måten talet på vitskapelege publikasjonar er telt opp på.

Raffield stiller seg uforståande til begge påstandane.

— Vantru

— Reaksjonen min var i første omgang vantru, seier Raffield til Khrono.

— Prinsipielt er det merkeleg for meg at ein kan setje den eksterne sakkunnige rapporten til side på denne måten.

Raffield, som er frå England, er dosent, tilsvarande førsteamanuensis, ved Uppsala universitet i Sverige. Der har han vore i ni år. Han har tidlegare arbeidd i Storbritannia, Canada og USA.

— Eg har ikkje erfaring med det norske systemet, men eg kan ikkje sjå at denne innstillinga ville ha vore haldbar i Sverige, seier han.

Raffield har no sendt eit omfattande brev til fakultetsstyret der han peikar på det han meiner er alvorlege feil og manglar i innstillinga. Mellom anna viser han til UiBs eigne retningslinjer. Der står det at tilsettingsorganet, dersom det er i tvil om den sakkunnige vurderinga, skal «avklare og eventuelt korrigere en slik uoverensstemmelse, men ikke selv foreta en sakkyndig bedømmelse».

— Eg meiner innstillinga gjer nettopp dette og dermed er eit mogleg brot på universitetet sine eigne retningslinjer, seier han.

Ifølgje regelverket skal tilsettingsorganet i tilfelle der det er tvil be om «en tilleggsuttalelse fra den sakkyndige komiteen».

Ingen merknader

Khrono har vore i kontakt med leiaren i den sakkunnige komiteen, seniorforskar ved Nationalmuseet i Danmark, Anne Pedersen. 

Ho seier at ho ikkje har fått signal om at det skulle vere noko problematisk med rapporten og vurderinga, eller noko som var nødvendig å diskutere med komiteen.

— Vi leverte vår rapport i november 2025 og har ikkje høyrt meir etter det. Vi bad om å få klare retningslinjer og har i heile prosessen gjort vårt beste med å gjere våre vurderingar utifrå dei, seier komiteleiaren.

Professor Simon Malmberg var UiBs koordinator og bindeleddet mellom komiteen og fakultetet i Bergen. Han stadfestar at det ikkje er kome inn eller sendt nokon merknader til rapporten. 

I brevet til fakultetsstyret spør Raffield «om det er gjort ei objektiv vurdering av dei innstilte kandidatane, eller om innstillinga berre er eit forsøk på å få ein intern kandidat tilsett».

Eldre kvinne med briller sitter foran store bokhyller fulle av bøker
— Då vi avleverte rapporten, spurte vi om det var noko meir vi kunne gjere. Men eg har ikkje fått vite noko anna enn at rapporten er akseptert, seier leiaren for den sakkunnige komiteen, Anne Pedersen.

Stillingstrøbbel — igjen

Universitetet i Bergen arbeider for tida med ein full gjennomgang av sine reglar og retningslinjer for vitskapelege tilsettingar og opprykk. Bakgrunnen er mellom anna fleire saker Khrono har skrive om, der søkarar til stillingar på universitetet er blitt forbigått og utsett for det fleire har kritisert for å vere grove overtramp.

I 2024 vart historikar Eirik Hovden fjerna frå tilsettingsprosessen som førsteamanuensis, etter at han var blitt vurdert som best kvalifisert til stillinga han søkte på.

Også den gongen var instituttleiar Teemu Ryymin (med) forfattar av ei innstilling som sette den sakkunnige komiteen si vurdering til side.

Jussprofessor og ekspert i forvaltningsrett, Jan Fridthjof Bernt, uttalte den gongen at Hovden-saka hadde blitt «ei prinsippsak, som dreidde seg om rettstryggleiken til søkaren og tilliten til tilsettingsprosedyren og universitetet som institusjon».

I 2025 førte «opprykkssaka» til Dorte Madsen ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet) til sterk kritikk og krav om gransking. I eit halvt år vart søknaden hennar om opprykk til professorstilling utsett, etter at han var godkjend av den nasjonale fagkomiteen.

Universitetet sin gjennomgang av retningslinjene skal etter planen vere klare før sommaren.

«Potensielt gode kolleger»

Innstillinga slår fast at både Raffield og den andre kandidaten er fagleg «eksepsjonelt velkvalifiserte», og «begge fremstår som potensielt gode kolleger med planer for hvordan de ønsker å fylle stillingen». 

Men slik Raffield les innstillinga, er kvalifikasjonane hans samstundes blitt systematisk underspelte og underrepresenterte, medan motkandidaten sine kvalifikasjonar er tilsvarande løfta fram.

Raffield reagerer sterkt på måten intervjuet er referert i sjølve innstillinga, og særleg ei formulering:

«Under intervjuet kom det frem at han setter pris på tydelige tilbakemeldinger og avklaringer om hva han skal fokusere på», heiter det i referatet.

Skilt ved hovedinngangen til et institutt ved Universitetet i Bergen på murvegg.
For andre gong på halvtanna år har leiinga ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen snudd om på fagekspertane sine konklusjonar.

— Det er vanskeleg å ikkje lese dette som at eg skulle ha behov for rettleiing for å kunne arbeide effektivt og sjølvstendig. Men eg har aldri sagt noko slikt, seier Raffield.

Khrono har vore i kontakt med tilsette på arkeologiseksjonen på instituttet. Professor Daniela Hofmann seier dei stiller seg undrande til innstillinga.

— Vi er forbausa over at rekkefølgja på kandidatane er blitt endra. Det var ikkje forventa med tanke på den sakkunnige rapporten og heller ikkje prøveforelesinga, der dei fleste av oss var til stades, seier ho.

Hofmann meiner det ikkje er mogleg, utifrå dei tilgjengelege delane av innstillinga, å sjå nokon grunn til eller forklaring på den avgjersla som er tatt.

— Det er uheldig at vi ikkje får vite dette. Vi ønskjer berre dette oppklart og at den beste kandidaten får jobben, jo før jo heller.

— Gjer vondt

— Etter ein prosess som har tatt snart eit år, etter ei grundig fagleg vurdering frå tre ekspertar — å sjå arbeidet ditt bli diskreditert på denne måten det blir gjort i innstillinga, det er gjer ganske vondt, for å vere ærleg, seier Raffield.

Etter det Khrono forstår, skulle styret ved Det humanistiske fakultet etter planen få innstillinga på bordet på sitt komande møte 17. mars — men tilsettingssaka er ikkje på sakslista. Ifølgje dekan Brautaset kjem saka truleg ikkje opp før på det neste møtet, som er i mai. 

Raffel understrekar overfor Khrono at han har stor fagleg respekt for og ikkje noko imot den interne kandidaten, som han ikkje kjenner personleg.

— Alt eg ber om er ein rettferdig og transparent prosess, seier han.

Powered by Labrador CMS