jobb
Universitetet i Bergen skal saumfare reglar for opprykk og tilsetting
Rektor Margareth Hagen seier universitetet lærer av problematiske tilsettings- og opprykkssaker.
Universitetet i Bergen (UiB) skal neste år gå grundig gjennom reglementet for tilsettingar og opprykk til vitskapelege stillingar.
Khrono har det siste halvtanna året skrive om fleire omstridde saker ved UiB — seinast om «opprykkssaka» til Dorte Madsen ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet). I eit halvt år vart søknaden hennar om opprykk til professorstilling trenert, etter at han var godkjend av den nasjonale fagkomiteen.
I 2024 blei historikar Eirik Hovden fjerna frå tilsettingsprosessen til ei stilling som førsteamanuensis, etter at han var blitt vurdert som best kvalifisert til stillinga han søkte på.
Rektor ved UiB, Margareth Hagen, vil ikkje svare på spørsmål om desse sakene har medverka til at universitetet no skal gå sitt eige regelverk etter i saumane. Ifølgje universitetet er det behov for å justere regelverket i tråd med endringar i forskriftene til universitets- og høgskolelova.
— Denne gjennomgangen ville ha kome uansett, seier rektoren.
— Ikkje naturleg
Margareth Hagen vil heller ikkje svare på spørsmål om korleis ho ser på handteringa av opprykkssaka til Dorte Madsen. Det var Hagen og UiB-leiinga som mai fekk Forskerforbundets varsel om Madsens sak sendt direkte til seg.
— Det er ikkje naturleg å kommentere ei enkeltsak som blir handtert av fakultetet, men universitetsleiinga skal det komande året ha ein brei gjennomgang av reglementet for vitskapelege stillingar som også inkluderer opprykksreglementet, seier Hagen til Khrono.
I kjølvatnet av det Madsen sjølv karakteriserte som ein «Kafka-prosess», det Forskerforbundet karakteriserte som lovstridig og som andre kar kalla ein skandale, kom krava om gjennomgang og gransking av fakultetet. Dekan ved NT-fakultetet, Gunn Mangerud, lova deretter ein gjennomgang av retningslinjer, rutinar og prosedyrar for professoropprykk internt på fakultetet.
Eit halvt år seinare har Khrono etter gjentatte spørsmål ikkje fått svar på kva gjennomgangen gjekk ut på og kva som kom ut av han, verken frå Mangerud eller HR-avdelinga ved fakultetet.
— Vi lærer
I 2024 blei Eirik Hovden i intervjurunden fjerna frå heile tilsettingsprosessen til ei stilling som førsteamanuensis medan vurderingane bak vart haldne hemmelege. Då hadde ein sakkunnig komité alt vurdert han som best kvalifisert til jobben.
Saka vekte oppsikt og fekk kritikk, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt uttalte at saka sette både rettstryggleiken og tilliten til universitetet på spel. Han forlangte derfor at fakultetet offentleggjorde dei hemmelege vurderingane.
Det har framleis ikkje skjedd.
Hovden vart seinare tilsett i ei anna førsteamanuensisstilling.
I etterkant av saka kommenterte dekan ved Det humanistiske fakultet, Camilla Brautaset, at ho ikkje såg behov for å evaluere av den omstridde tilsettingssaka. Tvert imot sa ho til Khrono at «det ikkje er noko i denne prosessen som har vore feil».
Kort tid før «Hovden-saka» fortalde Khrono om to saker ved Senter for vitskapsteori ved UiB. I den eine blei kandidaten, Mark Young, som var vurdert som best kvalifisert, flytta ned på lista av senterleiaren som stod for innstillinga. Det fann Young først ut tre månader seinare, då han tok kontakt og etterlyste utfallet.
I ei anna tilsettingssak ved det same senteret blei kandidaten som var den einaste rangerte av fagkomiteen forbigått, og jobben gjekk til ein annan som ikkje var blitt rangert i det heile.
Margareth svarer «ingen kommentar» på spørsmålet om desse sakene har gjort det nødvendig for universitetsleiinga å ta grep. Ho legg til på generelt grunnlag:
— Vi lærer av tilsettings- og opprykkssakene.
Ifølgje universitetsdirektør Tore Tungodden skal det på nyåret gjennomførast ei brei høyring i organisasjonen om regelverket for tilsettingar og opprykk, og dette skal etter planen munne ut i eit styrevedtak før sommaren 2026.
«Videre arbeid»
Startskotet for arbeidet med å sjå på regelverket for tilsettingar og opprykk begynte rett før sommarferien i år. 17. juni gjorde universitetsstyret vedtak om å oppdatere reglar for utdanningsfagleg kompetanse for vitskapelege stillingar i tråd med nasjonale endringar.
I styremøtet skisserte universitetsdirektøren også eit «videre arbeid med gjennomgang av kvalifikasjons- og dokumentasjonskrav for kompetansevurdering ved ansettelse, overgang og opprykk».
Styremøtet gjekk tilfeldigvis av stabelen dagen etter at NT-fakultetet brått gjorde kuvending og godkjende Dorte Madsens søknad om opprykk til professor utan vidare forklaring.
