professoropprykk

Taus om opprydding etter opprykkssak

Dekan seier fakultetet har gått gjennom «rutiner og interne prosedyrer for professoropprykk», men vil ikkje opplyse om kva gjennomgangen har bestått i.

Øyvind Frette og Gunn Mangerud, prodekan og dekan NT-fakultetet Universitetet i Bergen
Medan dekan Gunn Mangerud sette professoropprykket i Bergen på vent, blei prodekan Øyvind Frette utpeikt til å leie arbeidet med å revidere nasjonale retningslinjer.

Det enda til slutt godt for førsteamanuensen ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Etter at Khrono skreiv om saka i fleire omgangar tidlegare i år, fekk Dorte Nørgaard Madsen professorstilling. 

FAKTA

Opprykkssaka ved Universitetet i Bergen

  • Forskerforbundet varsla i mai leiinga ved Universitetet i Bergen om «Kritikkverdige forhold ved NT-fakultetet».
  • Bakgrunnen var førsteamanuensis Dorte Nørgaard Madsens søknad om opprykk til professor. Ein nasjonal komite anbefalte opprykket i desember 2024. Fakultetet gjennomførte ikkje opprykket, men etablerte i staden to eigne komitear.
  • Forskerforbundet meinte fakultetets saksbehandling var strid med lover og forskrifter og bar preg av «nidkjær leting etter feil og mangler i Madsens søknad» og «en negativ særbehandling uten sidestykke i noen opprykkssaker».
  • Madsen stod fram i Khrono og fortalde om si oppleving av saka og ein svært utfordrande arbeidsmiljøsituasjon.
  • Eit anonymt notat med ei rekke negative påstandar om Dorte Madsens søknad om professoropprykk vart sendt ut og sidan trekt tilbake. Fakultetet ville ikkje opplyse kven som førte notatet i pennen, men dekanen stadfesta at det var bestilt av henne.
  • 16. juni godkjende fakultetet opprykket utan nærare forklaring.

Då hadde Fakultet for naturvitskap og teknologi brukt eit halvt år på å saksbehandle søknaden hennar, i det Madsen karakteriserte som ein «kafkaprosess» — etter at ein einstemmig nasjonal fagkomité i desember 2024 fann henne kvalifisert til stillinga.

Forskerforbundet, som leverte eit omfattande varsel til UiB-leiinga i mai, kalla saka «en negativ særbehandling uten sidestykke i noen opprykkssaker».

I kjølvatnet kom krava om gransking og gjennomgang av saka

Dekan Gunn Mangerud svarte den gongen ikkje på korleis ho stilte seg til kravet om gransking. Derimot var lovnaden, slik ho formulerte det i e-post til Khrono:

Vi går nå igjennom rutinene for saksbehandling for å påse at det ikke skjer igjen.

No, fem månader seinare, har Khrono spurt Mangerud om kva som konkret er gått gjennom og korleis, og etterspurt konklusjonar og rapport.

«Tatt opp i ledergruppen »

Mangerud har ikkje svart på Khronos telefonar, men sendt skriftleg svar:

Vi har gått gjennom retningslinjer, rutinar og interne prosedyrar for professoropprykk i samarbeid med HR-seksjonen. Opprykksordningen har også blitt tatt opp i ledergruppen på fakultetet.

På oppfølgingsspørsmål om kva denne gjennomgangen har gått ut på, svarer Mangerud igjen på e-post, og viser til at fakultetet har «vedtatt og implementert de nye retningslinjer fra UHR MNT».

UHR er ei forkorting for Universitets- og høgskolerådet, og MNT er ei fagstrategisk gruppe i UHR for realfag. Denne gruppa forvaltar dei nasjonale retningslinjene for professoropprykk innan fagfeltet. 

Khrono har ikkje fått svar på om det er gjort andre tiltak utover å implementere dei nasjonale retningslinjene og diskutere dei leiargruppa. Dekanen har heller ikkje svart på om det finst rapportar eller andre dokument knytt til gjennomgangen av rutinar og interne prosedyrar på fakultetet. 

Prodekan leidde revisjon

Dei nye retningslinjene om professoropprykk frå UHR MNT som Mangerud viser til i e-posten, vart banka gjennom rett før sommaren. I UHR MNT sit representantar frå universiteta og fakulteta som har slutta seg til den felles ordninga for korleis opprykk til professorstillingar skal gå føre seg.

Mandatet for revisjonen var ikkje primært å sjå nærare på søkarane sine rettar og måten dei blir behandla på. Målet var å gjere eventuelle tilpassingar til retningslinjene til den nye universitets- og høgskulelova, med tilhøyrande forskrifter, som kom i 2024.

Det er Mangerud sjølv som er leiar for UHR MNT. 

Til å styre arbeidet med å revidere retningslinjene blei hennar prodekan på fakultetet i Bergen utpeikt — Øyvind Frette. Dette arbeidet gjekk føre seg samstundes som fakultetet hadde Dorte Madsens sak under behandling.

Laga sin eigen komité

Sentralt i ordninga for professoropprykk, er den nasjonale komitéen som har som oppgåve å gjere den faglege vurderinga av søknadene. 

Det var denne komitéen dekan Mangerud sette til side, etter at dei fagkyndige i komiteen gav positivt svar og konkluderte med at Madsen var kvalifisert til professoratet.

Rapporten frå komitéen vart også halden hemmeleg av fakultetet, som i staden oppretta eigen komitear for å vurdere Madsens søknad.

Normalt står berre formalitetar igjen etter at søknader er blitt godkjende i den nasjonale fagkomiteen. Khrono har ikkje klart å finne andre eksempel på at konklusjonar derifrå er blitt sett til side i løpet av dei 13 åra den nasjonale opprykksordninga har eksistert.

Skal ha vore i konflikt

I varselet frå Forskerforbundet om behandlinga av Madsen kom det fram at Øyvind Frette hadde vore i konflikt med Madsen nokre år tidlegare, då han var hennar instituttleiar. 

— Enormt belastande, var skildringa Dorte Madsen gav av måten ho var blitt handsama på av arbeidsgivaren sin, då Khrono møtte henne tidlegare i år.

Madsen stadfesta dette overfor Khrono. Frette sa at han «ikkje opplever å ha vore i konflikt» med Madsen.

Frette var opphavleg utpeikt til sitje i den interne, såkalla supplerande, fagkomitéen, som fakultetet utpeikte for å gå gjennom Madsens opprykkssøknad. Prodekanen vart seinare tatt ut av denne komiteen.

Khrono har bede om innsyn i kommunikasjon på fakultetet knytt til Dorte Madsens opprykkssøknad, men fått avslag.

HR-seksjonen ved fakultetet har ikkje ønskt å svare på spørsmål. «Jeg må be deg ringe Gunn Mangerud», skriv fungerande HR-sjef Lene Sørheim i ein sms.

 

Powered by Labrador CMS