varsling
Opprykksaka: Nektar å opplyse kven som stod bak anonymt notat
Ei rekke negative påstandar om Dorte Madsens søknad om professoropprykk vart sendt ut og sidan trekt tilbake.
I april fekk Dorte Nørgaard Madsen tilsendt eit notat «vedrørende innhold i søknad om professoropprykk». Notatet var sendt som vedlegg i eit brev frå HR-sjefen ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Universitetet i Bergen.
Men notatet var verken datert eller signert.
Notatet ramsa opp fleire påstandar om at Madsens søknad ikkje heldt mål — etter «fakultetets erfaring».
Fakultetet vil ikkje fortelje kven eller kva som er kjelde til notatet, eller kven som har ført det i pennen.
— Det er basert på kunnskap institusjonen har, er alt dekan ved fakultetet, Gunn Mangerud, vil seie.
Heldt tilbake rapport
Khrono har tidlegare fortalt om førsteamanuensis Madsens søknad om opprykk til å bli professor ved Institutt for fysikk og teknologi, der ho har arbeidd sidan 2004.
Den nasjonale fagkomiteen, som har ansvaret for å behandle opprykkssøknader, konkluderte med at Madsen var kvalifisert, og anbefalte at ho fekk opprykk til professorstilling.
Fakultetet heldt rapporten frå den nasjonale komiteen tilbake, og oppretta i staden ein supplerande komité på eiga hand. Då også den supplerande komiteen meinte at Madsen var kvalifisert, oppretta fakultetet endå ein komité, grunngitt i at rapporten frå den supplerande ikkje var «konklusiv», som det var uttrykt.
Det var i samband med beskjeden om at den andre komiteen skulle opprettast at det anonyme notatet vart lagt ved.
På oppdrag frå dekan
Dekan Mangerud seier til Khrono at notatet vart utarbeidd på oppdrag frå henne, men at det ikkje er ho som har ført det i pennen. Det har heller ikkje HR-sjef, May Britt Skåtøy, som sendte dokumentet, gjort, ifølgje Mangerud.
Khrono har vore i kontakt med Skåtøy som viser til Mangerud for kommentarar i saka.
Forskerforbundet har sendt varsel til toppleiinga ved Universitetet i Bergen der dei hevdar at fakultetet har vore «fast bestemt på å stoppe opprykket med alle midler» — og at Madsen er blitt utsett for «en negativ særbehandling uten sidestykke i noen opprykksaker».
Verken UiB-leiinga eller leiinga ved fakultetet har så langt svart på spørsmål frå Khrono i saka, og vist til at ho framleis er under behandling.
Mangerud understrekar overfor Khrono at det anonyme notatet vart trekt tilbake, og derfor ikkje lenger er del av saksbehandlinga.
Det skjedde, ifølgje Forskerforbundet, etter at dei stilte spørsmål om kvifor det ikkje var signert.
Prodekan: Avviser kjennskap
Forskerforbundet trekker også prodekan ved fakultetet, Øyvind Frette, inn i Madsen-saka. Fagforeininga hevdar Mangerud — og Frette — handla utifrå ein «følelse av at Dorte Madsen ikke er professorkompetent».
Det blir vidare peikt på at Madsen og Frette for nokre år sidan var i konflikt, i den tida Frette var hennar sjef som instituttleiar. Frette har avvist dette til Khrono og sagt at han ikkje opplever at han har vore i konflikt med Madsen.
Frette vart utnemnd til å sitje i den første «supplerande» komiteen som skulle gå gjennom Madsens opprykkssøknaden, men vart sidan tatt ut av komiteen igjen.
Frette seier til Khrono at han er ukjend med notatet — og at han ikkje har hatt noko med saka å gjere etter at han gjekk ut av komiteen.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager