Universitetet i Bergen
Vil ikkje svare på spørsmål om professoropprykk. «Går gjennom rutinene»
Dekan Gunn Mangerud beklagar at ting har tatt tid, og lovar å gå gjennom rutinar for saksbehandling. Ho vil ikkje svare på spørsmål om gransking.
Etter eit halvt år lang saksbehandling som er blitt karakterisert som ein «kafkaprosess», og som har ført til varslingssak, kom konklusjonen måndag ettermiddag:
Førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi, Dorte Nørgaard Madsen, får opprykk til professor.
Kva fekk arbeidsgivaren til å snu så brått?
Det vil dekan ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet) ved Universitetet i Bergen (UiB), Gunn Mangerud, ikkje svare på.
Vil ha gransking
Khrono har stilt fleire spørsmål til dekanen, blant anna om korleis ho stiller seg til ønsket frå Forskerforbundet om ei gransking av saka.
Leiar i Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad uttalte til Khrono måndag at «denne saka er ikkje ferdig», og at «ei ekstern gransking ville vere naturleg å vurdere». Han har tidlegare karakterisert saka som ei av dei verste han har vore borti.
I mai leverte Forskerforbundet varsel om saka til UiB-leiinga.
Opprykkssaka har vekt reaksjonar hos fleire. Professor ved UiB, Gisle Selnes, har også lagt fram ønsket om at saka får ei uavhengig gransking.
Beklagar tidsbruk
Då Khrono først fortalde historia, retta Dorte Madsen ein appell til UiB-leiinga om å kome til botnen i saka.
— Universitetet skal vere rollemodell for resten av samfunnet. Eg håper dei vil seie, «slik skal det ikkje vere, slik kan vi ikkje ha det», sa ho.
Rektor ved UiB, Margareth Hagen, seier til Khrono at ho no vil invitere Forskerforbundet til eit møte. Utover det ønsker ho ikkje å kommentere saka.
NT-fakultetet nedsette så seint som 12. mai ein tredje komité som, ifølge oppdraget, skulle «vurdere Dorte N. Madsen sin søknad om kompetanseopprykk til professor (...)».
Då hadde ein såkalla supplerande komité kome fram til same konklusjon som den nasjonale komiteen, som eigentleg har oppgåva med å vurdere professorsøknader: At Madsen var kvalifisert for opprykk.
Går gjennom rutinar
Mangerud har sendt ein e-post som svar til Khrono:
«Først vil jeg igjen beklage tiden det har tatt å behandle dette opprykket. Vi går nå igjennom rutinene for saksbehandling for å påse at det ikke skjer igjen. Videre vil jeg på generelt grunnlag understreke at vi støtter fullt opp om den nasjonale opprykksordningen og vil jobbe for å styrke denne videre sammen med de andre institusjonene som har sluttet seg til den nasjonale opprykksordningen. Utover dette har jeg ingen kommentar til denne personalsaken».
Khrono har spurt om kva vurderingar som førte til at fakultetet brått avgjorde saka, og kva som konkret ligg i å «gå gjennom rutinene for saksbehandling, — men ikkje fått svar.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager