varsling
NTNU-professor reagerer på opprykkssak. — Alvorleg og uheldig
Universitetet i Bergen tuklar med tilliten til den nasjonale ordninga for professoropprykk, meiner tidlegare leiar av nasjonal fagkomité.
— Eg håpar Universitetet i Bergen landar denne saka på ein ryddig måte som klart syner at dei har tillit til dei nasjonale fagkomiteane, seier Trond Amundsen.
Biologi-professoren ved NTNU har sjølv kring ti års erfaring som leiar av ein av dei nasjonale komitéane som gjer dei faglege vurderingane av søknader om opprykk til professor ved dei største universiteta.
Han seier han «hoppa i stolen» då han las Khronos sak om førsteamanuensis Dorte Nørgaard Madsens søknad om professoropprykk.
I desember 2024 slo ein nasjonal komité fast at Madsen var kvalifisert til å bli professor ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet) i ved UiB.
Men det fekk ikkje Madsen vite om.
I staden heldt fakultetet rapporten frå den nasjonale komiteen hemmeleg, og oppretta sin eigen komité — i første omgang med prodekan, fakultetsdirektør og HR-sjef som medlemmer.
Forskerforbundet har sendt inn varsel til universitetsleiinga. Der hevdar fagforeininga at Madsen er blitt utsett for «en negativ særbehandling uten sidestykke i noen opprykkssaker».
Dekan ved fakultetet, Gunn Mangerud, har ikkje ønskt å kommentere saka «utover at jeg ikke kjenner meg igjen i mye av det som her fremsettes».
Avhengig av tillit
— For den nasjonale ordninga sin del og for dei som sit i komiteane, er det viktig at oppdragsgivaren viser tillit til arbeidet komiteane gjer, og deira konklusjonar. Det gjer ein ikkje med å opne for overprøving i lokale komitear. Derfor er dette ei alvorleg og uheldig sak, seier Amundsen.
I eit debattinnlegg i Khrono stiller han seg undrande til korleis opprykkssaka har utspelt seg i Bergen, etter at den nasjonale komiteen leverte si innstilling:
«Det forbauser meg at oppdragsgivende fakultet ved UiB ikke synes å ha bedt den nasjonale komiteen om en utdypende vurdering av sine spørsmål vedrørende Madsens søknad, men i stedet har oppnevnt en ny komité», skriv Amundsen.
— Det er og rart og uheldig at NT-fakultetet ikke oversendte komiteens evaluering til Madsen så snart den var klar, med tilbod om å kome med merknader, seier han i intervju med Khrono.
Amundsen peikar på forskriftene til universitets- og høyskoleloven.
Dei seier at «søkeren har rett til å få tilsendt den sakkyndiges kompetansevurdering så snart den foreligger». I lova står det også at søkaren «søkeren kan komme med innsigelser til saksbehandlingen og merknader til den sakkyndige komites vurdering innen en frist fastsatt av institusjonen».
— Eg håper og trur at dette er eit tilfelle av uheldig saksbehandling, der universitetet har sakna meir informasjon om sider ved søkaren sin kompetanse. Men dette kunne ha blitt løyst på ein ryddigare og enklare måte ved å ta direkte kontakt med den nasjonale komiteen med dei spørsmåla ein ønskte å avklare, legg han til.
Amundsen understrekar at han berre uttalar seg om det prinsipielle i saka, knytt til sjølve behandlinga av opprykkssøknaden — og at han ikkje har band til nokon av dei involverte ved Universitetet i Bergen.
— Må følge opp
Professoren har sjølv vore med på å utarbeide retningslinjene som gjeld for den nasjonale opprykksordninga.
— Då ein oppretta den samordna, nasjonale opprykksordninga, var det for å sikre høg fagleg kvalitet og konsistens i søknadsbehandlinga, og at ho skulle vere uavhengig. Det har fungert etter føremålet over tid. Ordninga er svært solid. Retningslinjene er svært detaljerte, og faren for saksbehandlingsfeil liten, seier Amundsen.
Dei største universiteta i Noreg har sidan 2012 delegert behandlinga av søknader til nasjonale ekspertkomitéar. Det er institusjonen der søkaren er heimehøyrande som utnemner medlemene.
— I dette tilfellet er det NT-fakultetet ved UiB som har oppnemnt medlemmene i den nasjonale komiteen. Då ligg det i korta at ein samstundes gir legitimitet til avgjersla den tar, uavhengig av utfallet. Ein må ta konklusjonen frå den nasjonale komiteen til etterretning og følgje den opp. Dersom anbefalinga er opprykk, må det heilt særskilde grunnar til for å ikkje gi opprykk. Om det er behov for å få noko utdjupa, eller ein har spørsmål, kan ein gå tilbake til komiteen, seier Amundsen.
Aldri sett før
Normalt, etter ei positiv innstilling til professorsøknad frå ein nasjonal komite, står berre formalitetar igjen før opprykket blir gjennomført.
Den tidlegare komiteleiaren seier han ikkje kan hugse eit einaste tilfelle der innstillinga frå den nasjonale fagkomiteen har blitt sett til side av lokale institusjonar.
— I løpet av mine meir enn ti år i nasjonal komite trur eg det aldri har hendt at søkaren sin arbeidsgivar har hatt behov for meir informasjon frå nasjonal komite etter at søkaren har levert merknader og fått svar frå komiteen.
Fleire fagfolk og tillitsvalde Khrono har snakka med ved universitet i Noreg, og som er knytt til opprykksordninga, seier dei same.
— Når komiteen etter ei grundig vurdering kjem fram til ein konklusjon, så er heile ideen bak opprykksordninga at denne blir tatt til følgje. Dette kan ikkje vere avhengig av om søkaren sin institusjon er einig i konklusjonen eller ikkje, seier Amundsen.
Khrono har bedt dekan Gunn Mangerud om å kommentere kritikken frå Amundsen. I e-post skriv ho:
«Vi har full tillit til, og støtter opp om ordningen. NT fakultetet skal definitivt være med videre i og mener den fungerer etter hensikten».

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager