varsling

Ber UiB vurdere ekstern gransking av opprykkssaka. — Dette er ein skandale

Det må kome fram kva som har skjedd i denne saka, for tilliten til universitetet sin del, meiner professor Gisle Selnes ved Universitetet i Bergen.

Gisle Selnes, professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen, meiner opprykkssaka minner om opptil fleire Kafka-romanar.
Publisert Sist oppdatert

Gisle Selnes, professor ved Universitetet i Bergen (UiB), har tidlegare engasjert seg i både den såkalla sjølvplagiatsaka og «Hovden-saka».

No har Universitetet i Bergen fått «opprykkssaka» ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet).

Selnes er ikkje i tvil om skadepotensialet, og har ei klar oppfatning av kva som bør skje:

— Dette er ein skandale, som raskast mogleg må ryddast opp i — både for å sørge for rettstryggleik for søkaren og for å unngå meir skade på tilliten til universitetet og prosedyrane for likebehandling. UiB bør vurdere ekstern gransking av saka, seier Selnes.

FAKTA

Opprykkssaka

  • Forskerforbundet har varsla leiinga ved Universitetet i Bergen om «Kritikkverdige forhold ved NT-fakultetet». Bakgrunnen er førsteamanuensis Dorte Nørgaard Madsens søknad om opprykk til professor. 
  • Forskerforbundet meiner fakultetets saksbehandling er strid med lover og forskrifter og ber preg av «nidkjær leting etter feil og mangler i Madsens søknad» og «en negativ særbehandling uten sidestykke i noen opprykkssaker».
  • Madsen har sjølv stått fram i Khrono og fortalt om si oppleving av saka og ein svært utfordrande arbeidsmiljøsituasjon.
  • Fakultetet har beklaga at saksbehandlinga har tatt tid, men utover det ikkje kommentert anklagene frå Forskerforbundet og Madsen.

Han presiserer at han uttalar seg på grunnlag av Khronos framstilling av saka.

Det er berre nokre månader sidan Det humanistiske fakultet, der Selnes jobbar, var i stormen. Den gongen vart historikaren Eirik Hovden anbefalt til ei førsteamanuensisstilling av ein sakkunnig komité, for deretter å bli fjerna frå innstillinga lokalt.

Kvalifikasjonsprinsippet, som er heilt grunnleggande, blei sett til side i Hovden-saka. I opprykkssaka ser det ut til å vere sterkt utvatna. At det dreier seg om  brot på regelverk og saksbehandlingsprosedyrar, verkar det ikkje å vere tvil om, seier Selnes.

Unik overprøving

Khrono fortalde for nokre dagar sidan historia om førsteamanuensis Dorte Nørgaard Madsens søknad om opprykk til professorstilling ved NT-fakultetet ved UiB. 

Madsen vart funne kvalifisert og anbefalt opprykk til professor ved Institutt for fysikk og teknologi av ein nasjonal fagkomité i desember 2024. NT-fakultetet, og fleire andre realfagsfakultet i Noreg har delegert søknadsbehandlinga til den nasjonale komiteen for å sikre likebehandling og fagleg kvalitet. Det er fakulteta som utnemner medlemmene til komiteen.

Leiinga ved NT-fakultetet i Bergen var likevel ikkje fornøgd med den nasjonale komiteens arbeid og har ikkje gjennomført opprykket.

Etter det Khrono har funne ut, er dette truleg første gong ein lokal institusjon har overprøvd den nasjonale komiteen sidan den nasjonale opprykksordninga vart innført i 2012.

I mai sende Forskerforbundet eit offisielt varsel til leiinga ved UiB om «Kritikkverdige forhold ved NT-fakultetet». 

— Ei av dei verste sakene eg har vore borti, uttalte leiar for Forskerforbundet ved UiB, Steinar Vagstad, til Khrono.

Dobbel Kafka

Professor Selnes har også notert seg det anonyme dokumentet som sirkulerte i saka.

I april fekk Madsen og Forskerforbundet tilsendt eit usignert notat, som vedlegg i ein e-post frå HR-sjefen ved fakultetet, med fleire negative påstandar om henne. 

Dekan Gunn Mangerud vil ikkje opplyse kven som står bak notatet.

— Dette høyrer ingen stader heime. Rykte skal ikkje ha nokon plass i saksbehandlinga — men her ser det ut til å ha vore grunnlaget for å etablere den første supplerande komiteen, som seinare vart oppløyst. Slik dette ser ut, verkar det fullstendig umusikalsk. Å opprette ein supplerande komité sett saman av personar som burde ha vurdert sin eigen habilitet og spurt seg sjølv om kva rolle dei har i saka, er mildt sagt oppsiktsvekkande, seier Selnes.

Selnes, som er professor i litteratur, meiner prosessen fortener det forslitne Kafka-stempelet. Men i tillegg til den mest berømte romanen, «Prosessen», er assosiasjonane til det ansiktslause byråkratiet i «Slottet» endå sterkare i denne saka, meiner han.

— Det er vanskeleg å seie kor saka står, kva som er årsak til dei mange forpurringane, kven som eigentleg har sett i gang dei inkvisitoriske tiltaka, og kva status dei ulike dokumenta og komiteane har hatt.

Rektor: — Ingen kommentar

Rektor ved Universitet i Bergen, Margareth Hagen, vil ikkje kommentere verken saka eller spørsmålet om eventuell gransking. Ho viser til at varslingssaka framleis er under behandling.

— Det er svært uheldig og beklageleg at ein ikkje tar lærdom av tidlegare saker, seier Selnes, og viser igjen til Hovden-saka og sjølvplagiatsaka. 

— Likskapen med Hovden-saka er openberr: Her set ein den sakkunnige vurderinga til sides og prøver etter alt å dømme på kreativt vis å legge til rette for den konklusjonen ein sjølv vil ha. At den sakkunnige rapporten ikkje er «konklusiv», slik fakultetsleiinga hevdar, stemmer jo ganske enkelt ikkje med konklusjonen slik han er referert i Khrono: «Dorte Madsen meets the requirements for promotion to full professor.»

I tillegg til å vere bekymra for tilliten og bildet av universitetet i samfunnet, meiner han sakene er døme på misbruk av ressursar, både menneskelege og økonomiske.

UiB-rektor Margareth Hagen ønsker ikkje å ta stilling til kritikken eller spørsmålet om gransking fordi varslingssaka mot NT-fakultet framleis er under behandling.

— At det skal vere så vanskeleg å lese reglementet på ein nokolunde balansert måte, undrar meg. I staden for å ta utgangspunktet i intensjonen i lova, der mogleg tvil skal kome søkjaren til gode, set ein i gang med ekstraordinære granskingar, utan synleg grunn, etter å ha funne ein passus i UiBs «Reglement for tilsetting i vitskaplege stillingar» ein kan bruke. Det ser ikkje pent ut.

Khrono har kontakta dekan ved NT-fakultetet, Gunn Mangerud, som ikkje vil kommentere saka.

 

Powered by Labrador CMS