tilsetting

Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar

Etter fleire omstridde tilsettingssaker foreslår Universitetet i Bergen ei rekke tiltak for å hindre at faglege kvalifikasjonar blir sett til side.

Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, ønsker å rydde opp i reglementet som regulerer tilsettingar av forskarar og undervisarar ved institusjonen.
Publisert

Det kan bli vanskelegare å setje faglege vurderingar til side til fordel for «trynefaktoren», dersom leiinga ved Universitetet i Bergen (UiB) får gjennomslag for sine forslag.

Ei rekke forslag til endringar og justeringar av UiBs reglement for tilsetting og opprykk til faste undervisnings- og forskarstillingar er no sendt ut på høyring.

Høyringsnotatet understrekar blant anna at det bør vere høgare terskel for å la «personleg egnethet» vege tyngre enn faglege kvalifikasjonar enn elles i offentleg sektor.

Khrono har dei siste åra avdekt fleire saker ved UiB der dei best kvalifiserte søkarane ikkje er blitt innstilt til jobbane. 

«Personlig egnethet»

I tilsettings- og opprykksprosessar til vitskapelege stillingar er det ein sakkunnig komité med fagekspertar som i første omgang skal vurdere kvalifikasjonane til kandidatane. Normalt er det rangeringa frå den sakkunnige komiteen som blir avgjerande for kven som får jobben.

Men dersom ein søkar på grunnlag av intervju eller referansar viser seg å ikkje vere personleg eigna til stillinga, er det rom for å endre på rangeringa og innstille andre til jobben. Det er faren for misbruk av regelen om «personleg egnethet» til fordel for vikarierande motiv UiB no vil til livs.

I den samanhengen er det spesielt bruken av jobbintervjuet som har «behov for avklaringer og tydeliggjøringer», ifølgje høyringsnotatet.

Dette gjeld både med omsyn til kven som skal vere til stades på intervjuet og ikkje minst korleis «vurderingene som springer ut av intervjuet skal vurderes opp mot den sakkyndige vurderingen». 

Utvida komité

I dag stiller reglementet berre krav til at instituttleiar eller den næraste overordna skal delta i jobbintervjuet.

Endringsforslaget legg opp til at intervjuet heretter skal gjennomførast av ein utvida innstillingskomité med tre til fem medlemmer, der eitt av medlemmene i tillegg til instituttleiaren har kompetanse innan det aktuelle fagområdet.

Den som leiar intervjuet, skal passe på at det blir ført referat — og at det i referatet skal gå klart fram kva som er fakta som kom fram under intervjuet, og kva som er sjølve vurderinga av søkaren. 

Å unngå samanblanding fakta og vurdering har implikasjonar for søkarane fordi dei har rett til innsyn i faktainformasjonen. Det same gjeld det som kjem fram frå referansar.

Fjerna og trenert

I utgangspunktet var det endringar i det nasjonale regelverket for tilsettingar og opprykk som gjorde at Universitetet i Bergen ville justere sitt eige reglement. 

Fleire saker Khrono har avdekt ved universitetet, der prinsippa for rekruttering til vitskapelege stillingar er blitt sett på prøve, har gjort dette arbeidet meir omfattande og akutt.

  • 5. mai skal fakultetsstyret ved Humanistisk fakultetet ta stilling til ei tilsetting ved Institutt for arkeologi. Den sakkunnige komiteen fann Benjamin Raffield å ha dei beste faglege kvalifikasjonane. Då anbefalinga frå instituttleiaren kom, hadde han i staden innstilt ein intern kandidat, som var vurdert som nest best av den sakkunnige komiteen.
  • I 2025 fortalde Khrono om opprykkssaka til Dorte Madsen ved Fakultet for naturvitskap og teknologi (NT-fakultetet). I eit halvt år vart søknaden hennar om opprykk til professorstilling trenert, etter at han var godkjend av den nasjonale fagkomiteen. 
  • I 2024 blei historikar Eirik Hovden fjerna frå tilsettingsprosessen ved Humanistisk fakultet, etter at han var blitt vurdert som best kvalifisert til ei stilling som førsteamanuensis.
  • Same år blei Mark Thomas Young vurdert som best fagleg kvalifisert til jobb som postdoktor ved Senter for vitskapsteori (SVT). Senterleiaren flytta han til andreplass i si innstilling. 

«Skal svært mye til»

I forslaget til nye formuleringar står det at det «skal svært mye til for at én søkers personlige egnethet kan veie tyngre enn en annen søkers bedre vitenskapelige kvalifikasjoner».

Det blir også presisert at desse vurderingane skal ha relevans for arbeidet som skal utførast.

Ifølgje høyringsnotatet er bruken av ordet «diskvalifisering», som er brukt i dagens regelverk, problematisk: Dette kan «tolkes slik at den åpnes for at den sakkyndige komiteens innstilling settes til side, noe som ikke faller inn under innstillende organs kompetanse. Slik er det ikke», står det.

Dersom dei personlege eigenskapane til ein søkar blir vektlagt, bør også dette bli vurdert ved dei andre søkarane, ifølgje høyringsnotatet.

Fristen for tilbakemeldingar er sett til 11. mai, og planen er at nytt reglement skal på plass før sommaren.

Powered by Labrador CMS