Min doktorgrad

Det er vanskeleg å vita kor lang tid ein kjem til å bruka på dei ulike delane av arbeidet, og eg fekk til dømes ikkje inn alle dataa før mot slutten av det andre året, seier Kjersti Nørstebø. Ho har forska på musikkundervisning på mellomtrinnet.

Brukte fire ekstra månader: — Ei evigheitsmyr

No pakkar eg saman og går heim, tenkte Kirsti Nørstebø. Ho er musikar og spesialpedagog, og måtte læra seg fleire andre metodar undervegs i doktorgradsarbeidet.

Publisert

— Hei, kva har du skrive avhandling om?

— Eg har gjennomført eit kvasieksperiment der eg har sett på om det er skilnad på læringsutbyttet når elevane får ulike typar musikkundervisning gjennom eit skuleår. Me hadde ei gruppe som spelte fiolin, ei spelte jSAX og ei gruppe hadde vanleg musikkundervisning, der dei til dømes mellom anna hadde ein bolk med opplæring i gitar.

FAKTA

Kirsti Nørstebø

  • Har skrive avhandlinga «Students’ learning outcomes of primary music education — A longitudinal study on 5th graders’ musical competence development and potential social benefits»
  • Disputerte ved Nord universitet 17. desember 2025

— Kvifor ville du ta doktorgrad i akkurat dette?

— Eg søkte ei stilling i det forskingsrådsstøtta prosjektet OutMus. Eg har både master i musikk og i spesialpedagogikk.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Me samarbeidde med både kulturskular og grunnskular. Det var 500 elevar i tre kommunar som var involverte. Me testa dei på førehand og på slutten av året, og i tillegg observerte me undervegs.

— Kva testa de?

— Det finst ikkje så mange testar for musikkfaget, så me såg til Tyskland. Det me testa var musikalsk kompetanse innanfor områda å utøva musikk, oppleva musikk og kulturforståing frå norsk læreplan. Det gjorde me til dømes med oppgåver der lytting, lesing, speling og refleksjon var sentrale. 

— Kor gamle var elevane?

— 5. trinn. Kulturskulerådet ville helst at me testa endå yngre elevar, medan me forskarane gjerne skulle sett av dei var litt eldre.

— Men jSAX. Kor vert det av den gode, gamle blokkfløyta?

— jSAX er eit pedagogisk instrument, og ein kan seia at han ikkje er så langt unna blokkfløyta — det fungerer godt til opplæring. Men når det vart valt jSAX så handlar det om at det er nærare eit korpsinstrument, altså noko ein kan få tilbod om gjennom kulturskulane.

Eg har vore frilansmusikar i 15 år, så eg er ikkje så stressa for dette med fast jobb.

Kjersti Nørstebø

— Kva finn du etter eit år med musikkundervisning?

— Me finn stor utvikling hos elevane, men ingen skilnad mellom gruppene! Det trur eg heng saman med at alle lærarane i desse klassane hadde utdanning som musikkpedagogar. Slik er dette eit innspel i debatten om å bruka kulturskulelærarar i grunnskulen, og la dei bruka hovudinstrumentet sitt i undervisninga der.

— Kva syntest elevane om dette opplegget?

— Tilbakemeldinga var at dei syntest dette var heilt topp. Nokre stader fekk dei ei god klassekjensle med eige klasseorkester. Eg har ikkje sett spesielt på dette i mi avhandling, men forskingsprosjektet hadde fleire arbeidspakkar. Ein av dei er kvalitativt retta.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva synest du var mest krevjande med doktorgradsperioden?

— Det var nokre fagspesifikke ting som var utfordrande, som statistikk og koding. Det hadde eg ikkje jobba så mykje med før. No pakkar eg saman og går heim, dette får eg ikkje til, tenkte eg nokre gongar. Men når ein får det til, får ein ei stor meistringskjensle. No er eg den kollegaene mine spør om slike ting! Det å ta doktorgrad er ei fantastisk reise i sjølvutvikling, ein ser verda heilt annleis. Det er mange måtar å bringa fram kunnskap på.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, aldri, men eg tvilte nokre gongar på om eg kom i mål. Eg brukte fire månader ekstra. Då kjende eg nokre gongar på at eg trakka i ei evigheitsmyr. Å skriva ei avhandling er ein stor prosess, og tre år er ganske kort tid. Det er vanskeleg å vita kor lang tid ein kjem til å bruka på dei ulike delane av arbeidet, og eg fekk til dømes ikkje inn alle dataa før mot slutten av det andre året.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg har hatt eit vikariat ved Nord universitet i to år, der eg er vore universitetslektor og studieprogramansvarleg for musikkutdanninga. No håpar eg å kunne få ei postdok-stilling, så eg kryssar fingrane! Håpet mitt er å få forska vidare. Samstundes har eg vore frilansmusikar i 15 år, så eg er ikkje så stressa for dette med fast jobb. Kanskje eg også får tid til å spela litt meir igjen sjølv?

 

Powered by Labrador CMS