Min doktorgrad
Ei berg- og dalbane å vera stipendiat, seier Lisa
Ho var aldri i tvil om ho at ho skulle fullføra. Men på vegen dit gjekk det både opp og ned.
— Kan du kort seia kva du har forska på?
— Eg har forska på bruk av fedrekvoten med utgangspunkt i ulike arbeidskontekstar. Eg har sett på leiarar i ingeniør- og i finansbransjen. Desse vert ofte kalla karrierefedrar, og ein snakkar om at det er risiko for karrieren deira dersom dei er vekke frå jobb. I tillegg har eg forska på småbarnsfedre i mellombelse stillingar, og kva konsekvensar arbeidsvilkår i mellombelse stillingar har for fedrane sin bruk av fedrekvoten og deira omsorgspraksisar.
— Kvifor ville du skriva avhandling om akkurat dette emnet?
— Det starta då eg jobba med masteroppgåva mi. Då fann eg ut av det vart gjort lite på karrierefedrar. Det vert snakka om ulike institusjonelle logikar, ulik kultur og ulike normer knytt til å ta pappapermisjon. I tillegg er det ein auke i lause tilknytingsformer til arbeidslivet, mellom anna gjennom mellombelse stillingar. Fedrekvote hos denne gruppa er ikkje forska på i det heile.
— Dette høyrest ut som eit kvalitativt prosjekt?
— Ja, eg har gjennomført individuelle intervju med representantar frå finansbransjen, ingeniørbransjen og mellombels tilsette.
— Korleis får ein tak i respondentar til eit slikt prosjekt?
— Det handlar om nettverk. Først er det kanskje ein ein kjenner, og så byrjar den berømte snøballen å rulla — brått får ein kontaktinfo til ein til. Så eg starta nok rett og slett med å ha litt flaks. Det eg spurde dei om, var rett og slett korleis dei brukar fedrekvoten, som i dag er 15 veker. Ein kan både dela opp og ein kan utsetja uttaket.
— Kva finn du?
— Dei i mellombels stilling er redde for å anten missa den jobben dei har eller så hoppar dei mellom kontraktar. Dei er redde for å missa moglegheita til fast stilling dersom dei vert vekke ein periode. Så dei deler anten opp fedrekvoten, eller så utset dei uttaket. Fedre i mellombelse stillingar kan også missa retten til fedrekvoten, sidan dei ikkje har opparbeidd seg retten gjennom å ha hatt inntekt seks av dei ti siste månadane. Mange mellombels tilsette er arbeidsledige i periodar mellom korte kontraktar.
I mål skal eg jo, sa eg til meg sjølv.
— Kva med desse du kallar karrierefedrene?
— Fedrekvoten skal jo styrka relasjonen mellom far og barn. Men ein del utset å ta ut permisjonen, og når dei tek ut fedrekvoten, sender dei likevel barnet i barnehagen. Men det er viktig å nyansera biletet: Tidlegare forskingsfunn viser at mennene meiner at dei ikkje kan erstattast på jobb. Dei eg snakka med brukar fedrekvoten, men kanskje i litt fleksible former. Og fleire av dei seier at dei i staden for å tenkja at dei ikkje kan erstattast på jobb, opplever dei at dei ikkje kan erstattast i omsorga. Dei seier til dømes at barnet har vorte ei pappajente. Eg finn likevel at det er ulike kulturar. I finansbransjen er det mange som har eigne kundar, meklar er eitt døme. Då opplever dei at det er vanskeleg å vera vekke. Ingeniørar jobbar meir i team.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Men ein sender jo sjeldan barn på åtte månader i barnehagen. Kva gjer desse familiane dersom far ikkje tek ut kvoten sin?
— Dei oppgir at anten tek mor ut ulønt permisjon, eller så finn ein nokre løysingar der ein kombinerer med uttak av ferie. Det ein veit, er at fedre no tek det dei skal ta — som no er 15 veker. Då talet på veker til far gjekk ned i 2014, var det så mange veker fedre flest tok. Så då kan ein jo stilla seg spørsmål om kva som skjer dersom ein fjernar fedrekvoten heilt.
— Kva har vore mest krevjande med å vera stipendiat?
— Eg synest det har vore veldig fint! Men det siste året har vore stressande. Eg har to små barn på tre og fem år, så det er slitsamt å kombinera det med å vera stipendiat. Og det er jo ei berg- og dalbane: Er det eg gjer bra nok? Er det rett? Ein tvilar mykje på sitt eige arbeid. Samstundes er ein jo veldig heldig som får driva med noko så snevert.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Nei, det har eg ikkje, og eg har aldri tvilt på at eg kom til å koma i mål — sjølv om det kunne kjennast tøft undervegs. I mål skal eg jo, sa eg til meg sjølv, og eg leverte til normert tid.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— No har eg ei administrativ stilling, men eg håpar eg får halda fram med forsking. Eg vil gjerne tilbake til forskinga! Eg opplever at eg har teke tak i noko som ikkje har vore så mykje utforska. Det er ein viktig debatt, særleg det som handlar om dei som har mellombelse stillingar. Mange av dei jaktar ein tryggare arbeidskvardag.