Min doktorgrad

Dette hadde kome flytande, og ein av Victoria Østerberg sine informantar hadde teke vare på det. Ho har skrive doktoravhandling om korleis det gjekk då plastprodukta inntok kysten av Noreg frå 1950-talet.

Ho skifta karriere. — Ei slags midtlivskrise

Det hender at Victoria Østerberg lurer på korleis livet hadde vore dersom ho framleis var lektor i den vidaregåande skulen.

— Kan du kort seia kva du har skrive avhandling om?

— Eg er miljøhistorikar og har skrive om korleis plastmateriale vart ein del av kvardagslivet langs kysten i Noreg i åra frå 1950—1990.

— Kvifor ville du skriva om akkurat dette emnet?

FAKTA

Victoria Østerberg

  • Har levert avhandlinga «Plastifiseringen av livet langs kysten fra 1950 til 1990. En undersøkelse av Ågerøya, Landøy-Udøy og Loshavn-Eikvåg over tre halvgenerasjoner»
  • Disputerte ved Universitetet i Agder 19. desember 2025

— Eg søkte på ei stilling som var lyst ut, og var ein del av ei forskargruppe som jobbar med miljøgifter. Eg utvikla prosjektet meir i retning av praksis, og var oppteken av verdiar og forteljingar.

— Men kva plastmateriale er det du har sett på?

— Eg har sett på plastbåt, gjenstandar knytt til bading og leik, og på emballasje. Eg har også sett på bruk av det som kom drivande frå havet. Først vart det sett på som ein ressurs, men etter kvart vart det sett på som boss.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Det har vore eit tett samarbeid med informantar. Kva historier har dei? Eg har også brukt mange lokalhistoriske kjelder, og lagt dette saman. Det har vorte ein hermeneutisk prosess.

— Kva finn du?

— Først og fremst er det ein stor skilnad i kva dei hugsar. Informantane kunne til dømes legga mykje vekt på ein badeball i plast, men andre deler er det vanskelegare å få informasjon om. Men det eg finn, er at mykje av praksisendringane skjer seinare enn på 1950-talet. Det handlar nok dels om økonomi og det å spara på det ein hadde. Ein trong ikkje dette nye og flotte, ein kunne bruka det ein allereie hadde. Så det tok litt tid før ein gjekk over til plast.

Det var mykje som kom flytande, både plastkassar og reiskapar, og dette vart teke vare på for eigen bruk.

Victoria Østerberg

— Kva med det dei fann i fjøra?

— I starten var det ein tanke om at ein kunne finna noko å bruka det ein fann til. Ei av historiene handlar til dømes om eit stort plastflak som ein fekk henta inn og tok vare på. Det var mykje som kom flytande, både plastkassar og reiskapar, og dette vart teke vare på for eigen bruk. Men på eit tidspunkt kom det så mykje at det ikkje lenger var aktuelt å bruka det igjen. I staden vart det sett på som boss.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Kva har vore mest krevjande med å doktorgradsperioden?

— Det er å sitja åleine, veldig fordjupa i sitt eige stoff. Det var inspirerande å få tilbakemeldingar frå andre, men ein står likevel åleine i prosjektet.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, å angra på val ein har tatt verkar fjernt for meg. Men eg har tenkt på korleis det hadde vore dersom eg framleis var lektor i den vidaregåande skulen, eg har jo på eit vis begynt på ein ny karriere.

— Var det ein fordel å ha vore i arbeidslivet før du vart stipendiat?

— Ja, eg er van med på koma på kontoret klokka åtte og gå heim klokka 16. Så det å koma godt i gang før lunsj var ein stor fordel. Men eg har brukt meir tid enn normert på å koma i mål.

— Og kva vert vegen vidare?

— Sei det. Det er ei lita midtlivskrise, kva veg skal eg? Det er både spanande og gir meg mykje fridom. Eg jobbar no frivillig med trafikk og samfunnshistorie, og planlegg ei utstilling gjennom ein miljøorganisasjon. Og elles søkjer eg jobbar.

Powered by Labrador CMS