ytringsfridom
Brot på ytringsfridom kan føre til bot på mange millionar
Eit nytt system for å klage på brot på ytringsfridomen på britiske universitet er under innføring.
Det nye systemet skal setjast i funksjon frå april 2027 og inneber at akademikarar og andre tilsette ved universiteta skal kunne klage direkte til Office for Students (OfS), eit statleg tilsynsorgan for universiteta i Storbritannia.
Institusjonane kan få bøter på opp til 500.000 pund (ca. 6,3 millionar norske kroner) eller 2 prosent av inntektene om dei blir felt i klageorganet, melder BBC.
Studentar blir ikkje inkludert i det nye klagesystemet, men må ta klager opp med universitetet dei studerer ved og eventuelt andre uavhengige klageinstansar.
Det nye systemet kjem i forlenginga av ei omdiskutert ytringsfridomslov som vart innført i 2025, og som er meint å hindre universiteta i å sensurere kontroversielle eller upopulære idear. Arbeidet med å innføre lova vart starta av den tidlegare konservative regjeringa og er blitt vidareført og modifisert av Labour-regjeringa.
«Uakseptabel fryktkultur»
Det første forslaget la opp til at ein skulle kunne ta klager mot universiteta inn i rettssystemet. I staden har altså Labour bestemt å opprette eit separat klageorgan under OfS.
Ifølgje Free Speech Union (FSU) har om lag ei av ti av dei over 5700 sakene dei har hatt på bordet siste seks åra, dreidd seg om universitet som «ikkje har verna om ytringsfridomen».
— Ytringsfridom er grunnlaget for suksessen til eit kvart universitet, seier utdanningsminister Bridget Phillipson til BBC.
Men det har vore for mange saker som har bidratt til det ho kallar ein «uakseptabel fryktkultur som har knebla den frie kunnskapen», ifølgje ministeren.
Skulda for transfobi
Særleg var saka til filosofiprofessor Kathleen Stock ved Universitetet i Sussex ein del av bakgrunnen for initiativet til ei ny ytringsfridomslov. Stock vart utsett for ein kampanje frå transaktivistar som skulda henne for hatprat og transfobi, og kravde at ho måtte seiast opp, etter at ho hadde uttalt seg kritisk om framstillingar av kjønnsidentitet.
Filosofiprofessoren valde til slutt sjølv å seie opp.
BBC skriv om ei liknande sak frå 2025, der ein professor ved Universitetet i Bristol, Alice Sullivan, truar med søksmål fordi ho meiner arbeidsgivaren har knebla ytringsfridomen hennar.
Sullivan leia eit regjeringsnemnt utval som konkluderte med at biologisk kjønn og kjønnsidentitet burde haldast som distinkte kategoriar. Dette førte til påstandar om transfobi, og Sullivan meiner universitetet gav etter for presset.
Det nye klagesystemet skal vere klart til bruk frå april 2027.

Nylige artikler
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene
Ti søkere per studieplass i Forsvaret
Hevder forskere er lønnstapere, vil ha mer av kaka
Tre tiltak for en mer forsvarlig bruk av KI ved hjemmeeksamen
Halvering av israelske prosjekt i Horisont Europa
Mest leste artikler
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Studenter skriver bevisst dårligere for å unngå KI-mistanke. — Ikke gjør det
Nav står fast på at ekstern sensor ikke får sykepenger
Han er 85 år og har nettopp levert en doktoravhandling
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene