Forskingssamarbeid

Halvering av israelske prosjekt i Horisont Europa

Israels deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram vart halvert frå 2022 til 2025.

Telt for fordrevne palestinere i et bombeskadd auditorium ved Islamsk universitet i Gaza.
Boikott blir trekt fram som ein av grunnane til redusert samarbeid med Israel og finansiering gjennom EUs forskingsprogram. Bildet viser ein teltleir for heimlause palestinarar i eit auditorium ved Det Islamske universitetet i Gaza i april 2025. (AP Photo/Jehad Alshrafi)
Publisert

Året etter at Horisont, det store rammeprogrammet for finansiering av forsking i Europa, vart sjøsett i 2021, hadde 5,4 prosent av prosjekta ein israelsk deltakar. Tre år seinare var talet nede i 2,5 prosent.

Den totale finansieringa Israel får til forsking frå EU har også gått ned frå 303 millionar euro i 2022 til 119 euro i 2025.

 Tal på innvilga søknader frå det prestisjetunge ERC-programmet (European Research Council) underbygger tendensen. I 2023 kapra israelske prosjekt 116 stipend, i 2025 59.

Boikott og kritikk

Science Business, som presenterer tala, peikar på fleire moglege årsaker til nedgangen:

  • Hamas-åtaka i Israel i oktober 2023 førte til utfordringar for forskinga i Israel mellom anna fordi forskarar vart kalla inn til militæret i samband med invasjonen av Gaza.
  • Storbritannia og Sveits kom igjen med i Horisont i 2024 og 2025, og det har bidratt til større konkurranse om forskingsmidla.
  • Universitet over heile Europa, mellom anna i Belgia, Nederland og særleg Spania har innført boikottar som følgje av Israels krig i Gaza.

Science Business framhevar vidare at data frå september i fjor tyder på redusert vilje i europeiske land til å samarbeide med Israel. Kritikken på institusjonelt nivå har vore hardast i Spania.

— Dette har utan tvil samanheng med boikottane, seier Emmanuel Nahshon til Science Business.

Han er leiar av ei arbeidsgruppe som i Israel arbeider for å motarbeide boikottane.

Ville ekskludere

EU-kommisjonen tok i 2025 til orde for å ekskludere Israel frå gründer-programmet i Horisont Europa på grunn av Israels folkerettsstridige krigføring i Gaza. Dette er eit program som er retta mot gründerverksemder som jobbar med teknologi som i mange tilfelle også kan brukast militært, ifølgje kommisjonen. 

Forslaget vart blokkert av Tyskland og blei dermed ikkje realisert.

I Noreg har det dei siste åra vore mykje debatt om samarbeid med Israel, særleg har NTNU og Universitetet i Oslo debattert dette gjentekne gonger. Eit spesifikt prosjekt, FALCON, har også vore drøfta, og fleire av dei norske partnarane har trekt seg.

Med Israels krigføring i Iran og Libanon har spørsmålet om samarbeid med Israel igjen kome på dagsordenen. Science Business viser til at Spania har appellert til EU om å kutte samarbeid med Israel, som også vil medføre eksklusjon frå Horisont Europa og institusjonelt forskingssamarbeid.

Powered by Labrador CMS