Universitetet i Bergen

Fleire har trekt seg frå Israel-samarbeid. UiB vil ikkje drøfta saka

Styremedlem ville at universitetsstyret skulle drøfta om Universitetet i Bergen framleis skal vera med i det omdiskuterte FALCO-prosjektet, der to israelske universitet er med. — Ikkje ei sak for styret, sa rektor.

Ida-Elise Seppola Asplund (til høgre, ved sidan av universitetsdirektør Tore Tungodden) ville ha opp ei sak om UiB si deltaking i eit prosjekt der to israelske universitet er partnarar. Det fekk ho ikkje.

812 tilsette ved norske universitet og høgskular stod som avsendarar av eit innlegg i Khrono i slutten av oktober, der forskingsprosjektet FALCO var tema. Dette er eit EU-prosjekt innan musikkterapi, og det er leia av forskingsinstituttet Norce.

Prosjektet er «et graverande eksempel på uforstand og unnfallenhet i UH-sektoren», skreiv dei 812. 

«Problemet er ikke innholdet i forskningen, men samarbeidet med to israelske universiteter, Bar Ilan University og Herzog College, som opererer på okkuperte områder».

Tyrilistiftelsen og Universitetet i Stavanger trekte seg som partnarar i FALCO allereie i 2024. Nyleg har både Stavanger universitetssjukehus (SUS) og Sykehuset Innlandet fatta temmeleg likelydande vedtak: Dei vil avslutta deltakinga i prosjektet dersom den samtaleprosessen Norce no har, ikkje fører til at dei to israelske partnarane avsluttar deltakinga si i prosjektet innan utgangen av 2025.   

Men Universitetet i Bergen, ein annan av partnarane, ville ikkje drøfta si deltaking i prosjektet då Ida-Elise Seppola Asplund nyleg løfta saka i universitetsstyret.

Fagleg samarbeid?

Asplund, som representerer vitskapeleg tilsette i mellombels stilling, hadde bede om at styret skulle få ei orientering om prosjektet, og saka kom opp under eventuelt då UiB-styret hadde møte 31. oktober.

— Står UiB fast ved at ein skal halda fram med samarbeidet, spurde ho i møtet, og viste til at fleire andre anten har trekt seg ut eller har sagt at dei kan koma til å gjera det.

— Dette er eit EU-prosjekt med partnarar frå mange land, og UiB er med i to av arbeidspakkane. UiB har ikkje vedteke akademisk boikott, og fagleg samarbeid er noko forskarane må ta stilling til. Me løftar ikkje slike saker inn i styret, sa rektor Margareth Hagen.

Eller institusjonelt samarbeid?

UiB har, som fleire andre universitet og høgskular, stoppa enkelte avtalar med israelske universitet. Men dei har ikkje, også som andre, vedteke nokon akademisk boikott. Det siste var tema på styremøte ved Universitetet i Oslo i slutten av oktober.

— Det er skilnad på eit forskar til forskar-samarbeid og eit samarbeid der UiB er inne i eit prosjekt. Er ikkje FALCO institusjonelt samarbeid, spurde Asplund i styremøtet.

Svaret frå rektor og styreleiar Hagen var at UiB ikkje definerer EU-prosjekt som det.

— Alternativet her er at me får ei sak opp på nytt om full akademisk boikott, sa Hagen.

Får sak om konsortium

Asplund seier til Khrono at ho synest saka er krevjande.

— Kva er ein institusjonell avtale? Det må gå an å sjå på enkeltprosjekt og ikkje anten ha full akademisk boikott eller ikkje, seier ho.

— Det er òg andre omsyn her, som menneskerettar og akademisk fridom for palestinske forskarar.

Asplund bad også om ei orientering om NorPal — Norwegian Consortium for Palestinian Higher Education. NorPal vart etablert i mai 2025, og målet er å samla norske universitet og høgskular om ei felles satsing for å bidra til gjenoppbygging og framtidig utvikling.

Her var svaret frå rektor at det kjem ei eiga sak i neste styremøte.

— Slik eg har forstått det, går UiB-leiinga inn for medlemskap her. Det er kjempepositivt! Men det må gå an å ha fleire tankar i hovudet samstundes, seier Asplund.

Powered by Labrador CMS