akademisk fridom
Rapport: Britiske universitet har svikta kjønnskritiske akademikarar
Universiteta har ikkje tatt vare på tilsette som er blitt trakasserte og trua, nokre gonger berre for å anerkjenne biologisk kjønn, ifølgje rapport.
Professor Alice Sullivan frå University College London, som står bak rapporten, meiner det er grunn til å vere uroleg for den akademiske fridomen ved britiske universitet.
Ho tilrår at studentar og tilsette som tar del i trakassering som avgrensar ytringsfridom, bør møte konsekvensar som står i forhold til alvoret, skriv The Guardian.
Rapporten slår fast at «forskarar som jobbar med viktige spørsmål har blitt utsett for kampanjar og trakassering, berre fordi dei har anerkjent den biologiske og sosiale betydninga av kjønn», skriv avisa.
Meir sårbare
Professor Sullivan meiner stadig fleire leiarledd i akademia, og ein meir utrygg karrierestruktur, gjer at forskarar er blitt meir sårbare for både indre og ytre press.
— Unødvendig omfattande og tungrodde byråkratiske prosessar har forverra problema ved å gi aktivistar meir påverkingskraft. Akademiske institusjonar må gå grundig gjennom eigne retningslinjer og rutinar for å unngå slike utilsikta konsekvensar, seier Sullivan til The Guardian.
— Når grunnleggande spørsmål ikkje kan bli undersøkte eller diskutert ope, undergrev det dei akademiske institusjonane våre, skadar enkeltpersonar og svekker integriteten til forskinga, legg ho til.
I rapporten heiter det mellom anna:
«Nedgangen i demokratisk styring i akademia har ført til at det ved dei fleste universitet er slik at fleirtalet av dei tilsette som underviser og forskar, har lite å seie for korleis universiteta blir styrte».
Under press
Mange av innspela til rapporten skildrar korleis forsking på kjønn og biologisk kjønn har blitt motarbeidd eller nedprioritert av andre tilsette eller administratorar.
Rapporten nemner også eit døme der Sullivan sjølv har vore mål for angrep — blant anna eit planlagt foredrag som førte til at ein dagskonferanse vart avlyst i 2020.
Blant dei mest kjende tilfella er filosofiprofessoren Kathleen Stock, som trekte seg frå jobben ved Universitetet i Essex, etter å ha blitt utset frå kampanjar og press frå kollegaer.
Ifølge Europaparlamentets Academic Freedom Monitor, som tidlegare er blitt omtalt i Khrono, er akademisk fridom under press i heile Europa.
Rapporten derifrå, publisert i juni, viser at det i fleire land, særleg i Vest-Europa, er aukande konflikt internt i den vitskapeleg verda. Det gjeld visse akademiske aktivitetar og interesser, i tillegg til press for å tilpasse seg dominante akademiske grupper og idear.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager