Min doktorgrad

Alle veit at denne gruppa er sjuke, men kor sjuke er dei eigentleg, spør Nina Auestad. Ho har kartlagt den kognitive funksjonen og den psykiske helsa hos personar med alvorleg rusmisbruk — og ho har gjort det medan dei var rusa.

Satsar på førti år til i akademia

Tolmod er ikkje det Nina Auestad har mest av. Ho skulle eigentleg berre øva seg på å skriva doktorgradssøknad, men no har ho disputert — og vil gjerne verta verande i akademia.

— Hei, kva har du skrive avhandling om?

— Eg har kartlagt den kognitive funksjonen og den psykiske helsa hos personar med alvorleg rusmisbruk. Eg har kartlagt dei der dei er, i den tilstanden dei ofte er i.

— Kvifor ville du skriva doktorgrad om akkurat dette emnet?

FAKTA

Nina Auestad

  • Har levert avhandlinga «Beyond the margins: Cognitive function, mental health, and harmful alcohol use among people with severe substance use»
  • Disputerte ved Universitetet i Oslo 19. januar 2026

— Eg har master i kognitiv nevrovitskap, og samstundes med at eg skreiv master, jobba eg deltid på eit butiltak for akkurat denne gruppa. Då eg hadde levert masteren vart eg merksam på stipendiatstillinga eg seinare fekk. Eigentleg ville ein ha ein lege, så eg tenkte at eg kunne nytta høvet til å øva meg på å skriva doktorgradssøknader.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har gjennomført ei omfattande kartlegging, så eg har eit stort, deskriptivt materiale. Alle veit at denne gruppa er sjuke, men kor sjuke er dei eigentleg? Kunnskap om omfanget og alvoret i situasjonen deira er viktig, fordi tal ofte spelar ei sentral rolle når ressursar vert prioriterte og fordelte.

— Korleis fann du dei du har forska på?

— Eg har gjort målingar på personar med pågåande rusmiddelbruk som nyttar det som vert kalla kommunale lågterskel butiltak eller rus- og akuttmottaket ved Aker sjukehus. Det var sjølvsagt mange etiske vurderingar som måtte gjerast. Men me landa på at så lenge menneska eg snakka med var som dei er til vanleg, er det ein tilstand der det er forventa at dei skal kunne ta val og til dømes møta Nav. Så å fjerna all autonomi fordi ein er rusmiddelpåverka, er også problematisk. Men me fekk god hjelp frå tilsette ved desse butiltaka til å vurdera. Dersom nokon var meir påverka eller abstinente enn vanleg, eller i psykose, inkluderte me dei sjølvsagt ikkje.

— Kva var det du faktisk testa?

— Eg gjennomførte ein kognitiv funksjonstest, som eigentleg er ein test ein plar bruka for å undersøka om nokon har demens. I tillegg vart det kartlagt rusmiddelbruk og symptombyrde på angst og depresjon, psykose, PTSD, ADHD og traume. Me har også teke blodprøvar, urinprøvar og undersøkt fysisk helse, tannhelse og livskvalitet. Data for desse siste har eg ikkje med i sjølve avhandlinga. Dei eg testa er i hovudsak menn, snittalderen er 40 år, og 80 prosent av dei eg testa har injisert rusmiddel. Det er altså først og fremst heroin dei brukar.

Heilt sidan eg begynte på bachelor har eg tenkt at eg ville ta doktorgrad.

Nina Auestad

— Korleis står det til med dei?

— Det står rett og slett ganske dårleg til. Ein stor del av dei har truleg ein nedsett kognitiv funksjon. Om dei hadde det før dei byrjar med rusmiddel, eller har fått det seinare, veit ein ikkje. Men ein veit at rusbruk over tid kan vera skadeleg, ofte gjennom indirekte faktorar som overdosar, sjukdom og dårleg ernæring. Det at den kognitive funksjonen er nedsett gjer at ein bør sjå på både rettar for og forventningar til denne gruppa. Vidare finn eg høgt symptomtrykk på at angst, depresjonar, ADHD, psykosar og PTSD. Det er også mange som har opplevd vonde ting, som seksuelle overgrep, vald og ran.

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Du testa også alkoholbruken?

— Ja, eg var nyfiken på kor høgt alkoholforbruk dei har. Eg hadde 171 deltakarar i studien, og i snitt nyttar dei tre rusmiddel regelmessig kvar. Men dei nyttar seg ikkje først og fremst av alkohol. Eg finn at mange av dei, særleg kvinnene, har eit alkoholforbruk som er på skadeleg nivå. Samtidig høgt alkoholforbruk kan auka faren for overdosar, og forverra fysisk sjukdom.

— Kva synest du var mest krevjande med å vera stipendiat?

— Å skriva ei avhandling handlar om tolmod og gjennomføringskraft. Eg har ikkje mykje tolmod, så det var vanskeleg. Eg synest også at det at eg hadde levert avhandlinga, men så måtte venta seks månader til før eg skulle disputera, synest eg var krevjande. Då har ein det hengande over seg og kjenner på at ein aldri vert ferdig. Men totalt sett har det gått betre enn eg hadde venta, sjølv om det er ei lette å vera på den andre sida av disputas!

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, det tok fire år. Eg skulle bruka tre. Men det var ein del ting som tok lenger tid enn eg hadde tenkt, mellom anna å få deltakarar.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, heilt sidan eg begynte på bachelor har eg tenkt at eg ville ta doktorgrad. Så det kjendest som eit heilt naturleg forløp. 

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No har eg fått midlar til å jobba vidare, og ser på lungefunksjon og tannhelse. Og etter det er det forhåpentlegvis 40 år til i akademia!

Powered by Labrador CMS