Min doktorgrad
— Heilt sidan eg fann ut at ein kan ta doktorgrad, har det vore ein draum
Erika Eidslott har allereie disputert, sjølv om finansieringsperioden hennar ikkje er slutt. No håpar ho på jobb i akademia. — Eg likar å vera forskar!
— Hei, kva er det du har skrive avhandling om?
— Eg har skrive innan fagfeltet organisasjon og leiing, med ei kritisk tilnærming. Eg har skrive om velferd i Noreg og sett på ideelle aktørar innanfor helse og omsorg.
— Kvifor ville du skriva doktorgrad om akkurat dette emnet?
— Eg har lenge hatt ei interesse for ideell sektor. Eg skreiv masteroppgåve om krisesenter, og har sjølv jobba ved eit krisesenter i fire år. Dette senteret var drifta av ein ideell organisasjon, med feministar frå kvinnerørsla på 1970-talet. Der såg eg korleis ideell sektor bidreg med noko særeige som du ikkje finn i det offentlege eller kommersielle. Eg ser med litt uro på at helse- og omsorgstenester vert kommersialiserte, og difor ville eg forska på feltet.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Eg har gjennomført ein tosidig casestudie. Eg har analysert stortingsdokument, og intervju og dokument frå feltarbeid. Metodisk har eg arbeidd med kritisk diskursanalyse, og med tematisk analyse.
— Kva finn du?
— Konkret har eg sett på helse- og omsorgssektoren. Heilt frå 2000-talet har velferda vorte meir kommersialisert. Dette handlar om eit breiare spørsmål: Skal ein tillata at nokon tener pengar på slike tenester? Eg finn at dei ideelle aktørane vert pressa under hardare konkurranse — for korleis skal ein velja dei framfor kommersielle aktørar? Kommersialiseringa gjer at måten ein snakkar om velferdstenester på vert endra, det vert i større grad ei vare og ein marknad — ikkje berre ein rett og eit statleg ansvar.
Eg meiner at skriving er ein underkommunisert eigenskap for forskarar, språk er måten me kan formidla på.
— Kva har vore mest krevjande med stipendiatperioden?
— Å vera stipendiat er jo å hoppa ut i noko der ein ikkje ser start og slutt. Det er mykje som er utanfor eigen kontroll. Men ein må finna sine eigne kompass og tru på det ein gjer. Å skriva doktoravhandling er òg ein mogningsprosess, ein skal læra å verta forskar!
— Undervegs har du skrive fleire kronikkar, mellom anna i Khrono. Var det eit medvite val?
— Hovudrettleiaren min, Stephen Sirris, har skrive mykje, og det har vore god inspirasjon. Eg har tenkt at eg har forska på noko som er viktig og samfunnsrelevant. Ein del av forskarrolla er å opplysa, og særleg når ein forskar på noko som angår folk. Det er dei færraste som les vitskapelege artiklar på engelsk, så i kronikkform vert forskinga lettare tilgjengeleg. Det har motivert meg. I tillegg har eg fått glede av å dela meir generelle perspektiv frå livet som stipendiat og forskar i Khrono.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Aldri. Det har vore nokre stressande situasjonar, men heilt sidan eg som student fann ut at det gjekk an å ta doktorgrad, har det vore ein draum!
— Det ryktast at du kom i mål før normert tid?
— Ja, kontrakten min går først ut i februar 2026. Eg disputerte i november 2025. Eg er veldig glad i å skriva, og finn stor glede i skriving som ein kreativ prosess. Det har bidrege til at eg har greidd å vera effektiv fordi arbeidet stort sett har vore veldig lystprega. Eg meiner at skriving er ein underkommunisert eigenskap for forskarar, språk er måten me kan formidla på! Og så har eg vorte ganske god til å planlegga og strukturera tida mi. Samstundes skal det seiast at eg hadde litt flaks: Eg hadde ein ryddig og relativt sett rask reviewprosess med den første artikkelen eg sende inn. I tillegg har eg hatt to veldig flinke rettleiarar, Stephen Sirris og Arild Wæraas, som har vore god støtte undervegs. Det trur eg har mykje å seia for at ein lukkast i ph.d.-løpet.
— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?
— Eg jobbar på. Eg jobbar med tre artiklar utanom avhandlinga, som i mindre og større grad er spin off av doktoravhandlinga. Og så reviderer eg den siste artikkelen min i avhandlinga, som snart er klar til innsending. Eg prøver å få jobb i akademia — eg likar å vera forskar!
Nylige artikler
— Heilt sidan eg fann ut at ein kan ta doktorgrad, har det vore ein draum
Vitenskapsmuseet skal pusses opp, men samlinger må vente
Synkende tillit til dette forskningsfeltet: «Kjøpt og betalt, ikke tro på ham»
Pilotstudenter reagerer på statsrådens svar. — Tar ikke ansvar
Wegener blir trolig ny styreleder ved NTNU
Mest leste artikler
Støttet demonstrantene. Mister jobben etter 20 år på universitetet
Robert Buch (1982—2026)
Fikk undervisningspris i fjor. Nå fjernes emnet fra bachelorgraden
Voldsdømt student saksøker staten for å få jobbe med elever
Forsker ble svartelistet for å ha presset ekspert