Min doktorgrad
Kristina måtte laga regel for seg sjølv: Ikkje jobba etter midnatt
Dersom eg skulle ta doktorgrad ville eg gjera det innanfor eit fagfelt eg er engasjert i, og eg ville ha impact, seier Kristina Stølen Ugelvik. Ho tok doktorgrad i tillegg til full jobb som kirurg.
— Kan du først kort fortelja kva du har forska på?
— Eg har forska på norsk helseskadeberedskap knytt til massehendingar. Dette er hendingar som kan skuldast både ulukker, natur og terror. Fellesnemnaren er at dei skjer brått og uventa og at ein får ei stor tilstrøyming av pasientar. Sjølvsagt kan ein nemna 22. juli, men dette er òg hendingar som bussulukka i Hadsel i fjor eller tunnelbrann i Gudvangen.
— Kvifor ville du skriva doktorgrad om dette emnet?
— Eg er kirurg og leiar traumeteam. Det betyr at eg er ansvarleg for å ta imot både enkeltpasientar og grupper. For å få dette til på ein god måte, er ein avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid. Tidlegare har eg jobba for Leger utan grenser, så eg har sett konsekvensar av helseberedskap også i eit globalt perspektiv. Eg veit ut frå erfaringar frå norsk og internasjonalt helsevesen at det finst både brestepunkt og forbetringspunkt i helseberedskap for større hendingar med fleire skadde. I dagens geopolitiske situasjon og med klimaendringar er det viktig å vera budd. Dersom eg skulle ta doktorgrad ville eg gjera det innanfor eit fagfelt eg er engasjert i, og eg ville ha impact. Eg har eit genuint ønske om å betra norsk helseberedskap.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
—Eg har gjennomført to tverrsnittundersøkingar og ein beredskapstest. Ei tverrsnittsundersøking gjeld helseberedskap utanfor sjukehuset. I Noreg er samverke-prinsippet sentralt, og eg har fått svar frå både brannvesen, politi, legevakt, AMK-sentral, hovudredningssentralen og luftambulanse og ambulansetenesta. Eg var oppteken av kva kompetanse som finst hos desse etatane, korleis beredskapsarbeidet vert utført og av korleis ein øver. Den neste undersøkinga gjorde eg blant tilsette ved traumesjukehus for å kartlegga helseberedskapen blant norske traumesjukehus. Det er 34 sjukehus som kan ta imot slike pasientar, og i tillegg har ein fire traumesenter, ved Ullevål sjukehus, St. Olavs, Haukeland universitetssjukehus og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg.
— For ein ikkje-medisinar: Kva avgjer om ein skal til traumemottak?
— Her finst det nasjonale kriterium for kven som skal ha traumeteam og type sjukehus som pasienten skal transporterast til. Ein vurderer om pasienten har avvikande vitale målingar, som hurtig pust, er medvitslaus eller har lågt blodtrykk. Det andre er om ein har store ytre skadar som kan gi høg risiko for alvorleg skade, til dømes store skadar i andletet eller bryst. I tillegg vurderer ein sjølve traumemekanismen som kor høgt ein har falle, fart og utløysing av airbag og så vidare. Vanlegvis er det mange ulike personar i eit traumeteam med ulik fagkompetanse, eksempelvis er det tolv personar i traumeteamet ved Haukeland sjukehus. Dersom det har vore ei stor hending med mange skadde, er det færre medlemmar i traumeteamet.
— Kva finn du?
— I begge desse undersøkingane finn eg at det er store variasjonar og dels betydelege manglar i helseberedskapen. Nokre nødetatar er ein veldig flinke med helseberedskapsarbeidet, andre nødetatar har stort forbetringspotensial. Det same finn eg for sjukehusa. Nokre førebur seg godt på slike masseskadehendingar, medan andre veit ikkje kor mange hardt skadde ein kan ta imot samstundes, har manglande rutinar for evaluering og øver sjeldan.
Eg har jobba som kirurg med vanlege vakter, så dette prosjektet har eg i stor grad gjort på fritida.
— I tillegg til desse to undersøkingane hadde du også med ein beredskapstest i avhandlinga. Kva gjorde de der?
— Me hadde ein beredskapstest på Voss sjukehus, med 16 aktørar og 98 deltakarar. Her var mellom anna politi, brannvesen, vegvesen, legevakt, luftambulanse, alarmsentralar og kommune med. Me testa kva som var maks-kapasiteten for sjukehuset og kva som var kapasitetsavgrensande. Denne metoden har aldri vore testa i Noreg før. Som ein konsekvens av dette, har Voss sjukehus mellom anna det er gjort endringar i beredskapsplanen og starta eit prosjekt med etablering av ein vandrande blodbank. Ein kan ikkje ha blod lagra for lenge — og samstundes kan ein veldig skadd pasient åleine tømma lager ganske fort. Så Voss sjukehus har eit prosjekt saman med blodbanken ved Haukeland universitetssjukehus der dei har jobba fram ei liste med personar dei kan kalla inn for å gi blod akutt.
— Kva var mest krevjande med doktorgradsperioden?
— Det har kravd hard prioritering, og har nok gått på kostnad av det sosiale livet mitt. Eg har jobba som kirurg med vanlege vakter, så dette prosjektet har eg i stor grad gjort på fritida. Eg har hatt avsett ein dag i veka siste året til doktorgradsarbeidet og tatt ut litt overlegepermisjon i vår/haust. Eg er eit ja-menneske, men eg har mellom anna takka nei til å vera instruktør på kurs og halda undervisning. Det har vore vanskeleg, for eg har jo lyst til å seia ja!
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Korleis klarte du å få til ei avhandling i tillegg til full jobb?
— For det første sette eg delmål for meg sjølv heile vegen. Eg hadde noko å gjera heile tida, til dømes gjekk eg i gang med ein annan del av prosjektet medan eg venta på tilbakemelding på ein artikkel. No jobbar eg ved sjukehuset på Voss, men eg hadde delt stilling mellom Voss og Haukeland medan eg jobba med avhandlinga. Då brukte eg kveldane på Voss til å jobba med dette prosjektet. I periodar, særleg då eg planla den store «Vossa-testen», merka eg at eg vart sliten. Då måtte eg laga nokre reglar for meg sjølv, som å ikkje jobba etter midnatt når eg skulle på jobb neste dag.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Eg har angra nokre gongar, ja. Men eg har hatt eit fantastisk rettleiarteam med enorm kunnskap, erfaring og som har inspirert og vist veg. Eg syntest det var tøffare å planlegga den store beredskapstesten enn det var å førebu seg til disputas. Det som redda meg var eit fantastisk lagarbeid, med legevakt, politi, brannvesen, tunnelekspertar og personell frå sjukehuset. I tillegg vert ein jo litt oppgitt når ein får ein artikkel avvist. Men det er berre å seia «brrr» og så bretta opp ermene og tenke at artikkelen i neste runde vert betre.
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg jobbar på sjukehuset på Voss, og jobbar no mellom anna med å gjera noko med det me fann ut at ikkje fungerte optimalt under «Vossa-testen». Eg vil til dømes at me skal ha fleire, mindre øvingar for å testa endringar i beredskapsplanen. Eg håpar òg å kunne få kontakt med nokon på nasjonalt nivå som jobbar med helseberedskap: Kva kan ein gjera for å redusera variasjonen og brestepunkta ein ser i dag i norsk helseberedskap for større hendingar med mange skadde? Eg meiner det bør på plass ein nasjonal rettleiar for helseberedskap, med klare krav til minimum standard og kompetansekrav. Per no er det ingen økonomiske incentiv for sjukehusa knytt til å jobbe med helseberedskapen. Beredskapsarbeid skaper ikkje inntening for sjukehusa. Men tenk på kva som skjer dersom Nato går inn i ein krig. Det sivile helsevesenet er ein del av Nato sitt totalforsvaret: Norske sjukehus må tenka på dette scenarioet og førebu seg i fredstid.
Nylige artikler
Hva er vårt forsvarsverk for akademisk frihet?
Når data ikke er nok
Kristina måtte laga regel for seg sjølv: Ikkje jobba etter midnatt
Overvåkningskamera ved NTNU lå åpent tilgjengelig i over seks år
En stålhanske i fløyel mot akademisk frihet
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
— Det er ingen grunn til å tro at vi uten videre kan stole på universitetene i krisetider