krig
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
— Også forskarane må belage seg på oppgåver i krig, seier Cecilie Hellestveit.
Kan Russland eller Kina sende bomber og rakettar mot norske forskingsinstitusjonar, med folkeretten i ryggen, i ein eventuell krigssituasjon?
Utan tvil, ifølgje ekspert på krigens folkerett, Cecilie Hellestveit.
— Vi må aldri slutte å jobbe for ei verd i fred. Men akkurat no må vi planlegge for ei verd i krig, seier ho.
Ho peikar på dei såkalla fleirbruksinfrastrukturane — visse forskingsmiljø som blir oppfatta å ha militære funksjonar. Det betyr at sjølv om dei i utgangspunktet er sivile, vil dei kunne koplast til og ha samarbeid med det militære.
Då vil dei også bli militære mål i krig og kunne angripast som legitime mål etter internasjonal lov (krigens folkerett), ifølgje Hellestveit.
Eit opplagt døme på ein fleirbruksinfrastruktur er forsking på og utvikling av droneteknologi. Men også mange andre høgteknologiske forskingsmiljø kan hamne i skotlinja.
— Det kan for eksempel gjelde spydspissar innan marin teknologi, seier Hellestveit.
Nøkkelen er planlegging, og her meiner Hellestveit at Noreg — og forskings- og utdanningssektoren — er på etterskot.
— Vi må planlegge for ein røyndom som vi har vore forskåna for sidan 1945, seier ho.
Reservistforskar
Ein måte å gjere dette på er å etablere såkalla «forskingsreservistar». Det vil kort sagt seie forskarar som kan stille opp med kunnskap og kreativ kraft i ein eventuell krigssituasjon i Noreg.
Det var direktøren i Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), Kenneth Ruud, som i påska lanserte omgrepet forskingsreservist i Khrono og tok til orde for ei ordning med eit slikt «heimevern» av forskarar.
I krig er det særleg forsking og innovasjon som «kan beskytte egne styrker og sivilbefolkningen, og som kan påføre en motstander tap», ifølgje Ruud.
Fleire politikarar stiller seg positive til forslaget.
Det gjer også Hellestveit.
— Det er mange gode grunnar til å opprette ein styrke av «forskingsreservistar», seier ho.
Ho ser for seg at dei som opererer i gråsonen, eller fleirbruksinfrastrukturen, kan flyttast frå der dei arbeider til dagleg. I ein krigssituasjon vil dette samstundes gjere dei reint sivile som er igjen på campus mindre sårbare.
— Ein «reserviststyrke» av forskarar kan operere frå meir verna anlegg, for eksempel i bomberom, og under ein eigen kommandostruktur. Dersom du har reservistar, kan du lettare oppretthalde eit tydelegare skilje mellom sivil forsking og det som har med det militære å gjere, seier ho.
Bombemål i Iran og Israel
At forskingsinstitusjonar kan bli militære mål, er mellom anna blitt illustrert den siste tida i Iran.
I seinare tid skal 21 universitet og andre forskingsinstitusjonar i landet ha blitt bombemål. Mellom anna har store delar av det hundre år gamle Pasteur-instituttet blitt øydelagd, og måndag vart Sharif-universitetet i Teheran råka av omfattande angrep.
Israelske talspersonar har ved tidlegare angrep på forskingsinstitusjonar vist til at institusjonane nettopp er fleirbruksinfrastrukturar: Sjølv om det føregår legitim og nyttig forsking, blir dei også brukt eller kan brukast til militære føremål.
I juni i fjor vart naturvitskapelege Weizmann Institute råka av iranske missil.
Eit brev til FN med utspring på NTNU var torsdag signert av nær 900 akademikarar, nobelprisvinnarane May-Britt og Edvard Moser inkludert. Kravet er stans i bombinga av akademiske institusjonar i Iran. «Vitskap er ikkje eit militært mål», står det i brevet.
Sivilt kan bli militært
Ifølgje FFI-direktør Ruud kan forskingsreservistane for eksempel vere «forskere som til daglig arbeider i sivile FoU-miljøer, men som på frivillig basis stiller seg til disposisjon dersom behovet oppstår — ikke ulikt ordninga i Heimevernet».
Kor grensene går, er krevjande og blant dei tinga ein må sjå på, sa Ruud til Khrono i påska.
— Når det som i utgangspunktet er sivilt, blir brukt i ein militær samanheng, blir det eit militært mål. Om du reparerer militære køyretøy i garasjen din, blir du eit militært mål, seier Hellestveit.
Derfor meiner ho det er viktig at vi gjer det vi kan for at ein eventuell angripar skal kunne skilje mellom kva som er sivilt og kva som er fleirbruksføremål etter folkeretten.
— Dette er ein grunn til at etterretning er tungt inne i akademiske miljø og teknologiske miljø. Det handlar om å finne ut kva slags teknologi ein potensiell fiende utviklar — men det handlar også om kartlegge kva slags forskingsmiljø som kan bli legitime militære mål i ein konflikt, seier Hellestveit.
Ho legg til at det i krig ikkje vil vere eit klart skilje mellom forsvarsvåpen og offensive våpen. Sjølv om noko er utvikla for eksport og ikkje eige militære, kan det likevel bli definert som mål.
Hellestveit peikar på at infrastrukturen i Noreg er bygd utifrå at vi som lever i dag, aldri har opplevd krig.
— Dersom vi hamnar i ein vedvarande konfliktsituasjon som rammar norsk territorium, bør strukturen vere gjennomtenkt. Korleis forskingsmiljøa skal handtere eit slikt scenario, er ei ny problemstilling. Her går det eit skilje mellom grunnforsking og anvend forsking. Det er særleg dei siste stega før forsking kan nyttast til militære formål som er i risikosonen, som kan bli definert som fleirbruksinfrastruktur, og dermed bli angrepsmål.
— Folk flest betalar
I det militære feltet går teknologiutviklinga i ei rasande fart.
— Hovudforklaringa på at ukrainarane har klart å halde frontlinjene nokolunde, trass i at dei er underlegne både når det gjeld utstyr, ammunisjon og mannskap, er at dei har klart å finne opp ny teknologi undervegs, seier Hellestveit.
Noreg er ein teknologinasjon.
— Vi er få menneske, og områda våre uendeleg store, i alle fall om du tar sjøområda med. Måten vi kan kompensere for dette på i ein krigssituasjon, er å ta høgteknologi i bruk. Også forskarane må belage seg på oppgåver i ein eventuell krig, seier Hellestveit.
Det militære bidraget frå akademia og teknologimiljøa handlar dessutan om kva samfunnet forventar av dei, meiner ho:
— Vi har eit skattefinansiert forskings- og utdanningssystem. Folk flest betalar for teknologisk forsking. Det betyr at dersom vi kjem i ein situasjon der landet blir angripe, forventar befolkninga at teknologi- og ingeniørmiljø vil bidra for å verne samfunnet.

Nylige artikler
Folkerettsekspert: Norske universitet kan bli legitime bombemål i krig
Aasland ble ikke «grillet» om studiestøtte. — Kanskje vi har løst det?
300 svenske akademikere mistet jobben i fjor
Forskningsrådet utsetter søknadsfrister etter IT-forsinkelse
Akademisk frihet krever akademisk ansvar
Mest leste artikler
Stipendiatens tidligere veileder krevde at avhandlingen skulle underkjennes
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Disse henter mest og minst fra Forskningsrådet
Konferansen avslørte KI-bruk med ny metode. Avviste 500 artikler
Forskningsetikk: Dette synes forskere er mest uakseptabelt å gjøre