Iran-krigen
Fordømmer bombing av toppuniversitet i Iran
Både representantar for og motstandarar av regimet fordømmer angrep på det naturvitskapeleg-teknologiske universitetet i Teheran.
Sharif Universitet i Irans hovudstad Teheran blir rekna som eitt av det beste. Måndag vart det utsett for bombeangrep.
Dette er det siste av fleire angrep på forskings- og utdanningsinstitusjonar i landet dei siste dagane.
Reaksjonane er sterke — også blant motstandarane av det sitjande regimet i Iran, mange i eksil.
«I tillegg til øydeleggingane gir dette ei handsrekning til regimet sin propaganda og risikerer med det å skape djup splitting av opposisjonen», skriv ein iransk opposisjonsaktivist og førsteamanuensis i informatikk ved Harrisburg University i Pennsylvania, Siamak Aram, referert i The New York Times.
Fleire av universiteta i Iran har vore sentrale arenaer for demonstrasjonar og opprøret mot styresmaktene, før USAs president Donald Trump sette i gang angrepa mot Iran.
«Trumps galskap»
Verken USA eller Israel har så langt tatt på seg ansvar for angrepa. Men israelske talspersonar har ved tidlegare angrep på forskingsinstitusjonar vist til at institusjonane har ein dobbel funksjon: Sjølv om det føregår legitim og nyttig forsking, blir dei også brukt eller kan brukast til militære føremål.
Men i eit land som Iran, med eit autoritært regime og stram kontroll, har alt ein dobbel funksjon, peikar ein iransk ekspert på cybertryggleik på, også han referert i New York Times. Dermed vil det alltid finnast eit påskot for å rettferdiggjere angrep, seier han.
«Det eg forstår, er at landet mitt blir øydelagt. Den islamske republikken held fram med avrettingane sine og drep landsmennene mine, også bombene som blir slepte drep landsmennene mine.»
Frå styresmaktene si side blir angrepet kalla eit «symbol på Trumps galskap og ignoranse», ifølgje ein post på X frå Irans første visepresident, Mohammed Reza Aref, referert av Al Jazeera.
Aref er utdanna ingeniør frå Stanford-universitetet i USA.
Bomba Pasteur-instituttet
Også ved Pasteur-instituttet i Teheran er det store øydeleggingar etter bombeangrep.
Instituttet har eksistert i over 100 år i samarbeid med Institut Pasteur i Paris og driv mellom anna forsking på infeksjonssjukdomar og med vaksineproduksjon. Få av dei tilsette var på jobb då angrepet skjedde på ein fridag. Men dei materielle øydeleggingane skal vere store.
— Det er snakk om infrastruktur som har tatt fleire tiår å bygge opp, seier direktør for Pasteur-instituttet, Ehsan Mostafavi til Science.
Heller ikkje dette angrepet har USA eller Israel tatt ansvar for. Motivet for angrepet kan ifølgje Science ha vore at fasilitetane kunne blitt tatt i bruk av styresmaktene til å produsere biologiske våpen.
Visehelseministeren i Iran, Shahin Akhondzadeh, avviser dette.
— Det er ikkje noko samband mellom det iranske militære og Pasteur-instituttet, seier han.
Infrastruktur nede
Blant dei andre institusjonane som er trefte av amerikanske eller israelske bomber er Shahid Besheti-universitetet i Teheran, som er blitt kopla til Irans atomprogram.
Tidlegare har Irans universitet for vitskap og teknologi (IUST), Illam universitet for medisin forsking og Isfahan teknologiuniversitet blitt råka, ifølgje Science.
Forskings- og utdanningsinstitusjonar som så langt ikkje er blitt angripne er sterkt prega av situasjonen. Internett er ofte nede og studentar og forskarar manglar tilgang til laboratorium og fasilitetar, ifølgje kjelder Science har vore i kontakt med.

Nylige artikler
Kommunesektoren trenger mer kompetanse på forskning
Ny søkerrekord for BI
Ny rapport: Amerikanske universiteter må ta ansvar for fallende tillit
Khronos KI-skole starter opp igjen
Året da KI ble hverdag i norsk akademia
Mest leste artikler
Ho er inkompetent og upåliteleg, meiner professoren. — Maktmisbruk, svarer ho
Foreleseren kaster ut alle som bruker skjermer under forelesningene
Studenter skriver bevisst dårligere for å unngå KI-mistanke. — Ikke gjør det
Nav står fast på at ekstern sensor ikke får sykepenger
Han er 85 år og har nettopp levert en doktoravhandling