Ein million til å styrka samiske perspektiv

Hilde Kristin Strand
samisk nord universitet kortnytt

Prosjektet SAMSAM får ein million kroner frå Noregs Forskingsråd. Prosjektet skal styrka korleis samisk kunnskap og samiske perspektiv vert ein del av undervisning, forsking og samarbeid ved norske breiddeuniversitet.

– Me veit at det skjer mykje bra rundt omkring, men ofte litt kvar for oss. No skal me knyta det saman og få det til å veksa, seier prosjektleiar Tove Mentsen Ness i ei pressemelding.

Ho er leiar for Senter for samisk og urfolksstudier ved Nord universitet og Nordlandsforskning.

Nord universitet skal leia SAMSAM. Dei andre universiteta som er med i prosjektet er UiT Noregs arktiske universitet, OsloMet og NTNU. Saman skal dei ikkje berre sjå på kva som vert gjort i dag – men også finna ut korleis arbeidet kan verta betre, meir koordinert og meir synleg nasjonalt.

Bakgrunnen for prosjektet er eit tydeleg signal frå både politikk og samfunn: behovet for meir kunnskap om samiske forhold aukar, skriv Nord universitet i pressemeldinga.

Ein viktig del av prosjektet vert å gå systematisk gjennom korleis samiske tema faktisk er omtala i universiteta sine eigne strategiar.

– Det er litt som å lesa kartet før ein legg ut på tur. Me må vita kvar me står, og kvar me vil, før me kan finna den beste vegen vidare, seier Ness.

Dei fire samarbeidspartnarane bringer med seg ulike perspektiv inn i prosjektet. Nokre har lang erfaring med samisk forsking og utdanning, medan andre er i ein fase der arbeidet skal styrkast og utviklast.

Ein viktig del av prosjektet vert å gå systematisk gjennom korleis samiske tema faktisk er omtala i universiteta sine eigne strategiar.
Powered by Labrador CMS