Moser frontar opprop mot bombing av universitet

Njord V. Svendsen
iran ntnu may-britt moser krig kortnytt opprop

Forskarar ved NTNU står bak eit internasjonalt opprop og brev retta mot FN der dei tar skarp avstand på dei militære angrepa på universitet og forskingsinstitusjonar i Iran.

På toppen av lista av underskrivarar står NTNUs nobelprisvinnarar, May-Britt Moser og Edvard Moser.

21 institusjonar skal vere råka etter at USA og Israel gjekk til åtak på Iran. Mellom anna har store delar av det hundre år gamle Pasteur-instituttet blitt øydelagd, og måndag vart Sharif-universitetet i Teheran råka av omfattande angrep.

Iran har trua med å gjengjelde med angrep på amerikanske og israelske campusar i regionen.

May-Britt Moser er blant underskrivarane på eit brev som krev stans i bombing av universitet i Iran.
Powered by Labrador CMS