Min doktorgrad

Ikkje akkurat straum, sjølv om dette også er oppvarming. Men energieffektivisering og det å spara straum er det Eivind Hjort Matthiasen har skrive doktoravhandling om. Det er overklassen som har størst fotavtrykk, seier han, mellom anna fordi ein har større hus og kanskje også hytte.

Hadde ingen draum om akademia. No har han fått fast jobb

Det er viktig å setja pris på fleksibiliteten i akademia, seier Eivind Hjort Matthiasen. Han har gått rett frå stipendiatstilling til fast forskarjobb.

— Hei, kva har du skrive avhandling om?

— Eg har skrive om straum. Eg har intervjua ulike hushaldningar om korleis dei brukar straum, og så har eg sett dette inn i eit klasseperspektiv. Eg har sett på både utdanningsnivå og økonomi.

FAKTA

Eivind Hjort Matthiasen

  • Har skrive avhandlinga «Understanding households’ transitions to sustainable energy practices: A level playing field or a pipe dream?»
  • Har hatt arbeidsstaden sin ved Fridtjof Nansens Institutt, men disputerte ved Universitetet i Oslo 19. januar 2026

— Kvifor var det dette du ville skriva doktorgrad om?

— Eg var på utkikk etter ein jobb og fekk tips om ei stilling hos Include — Forskingssenter for sosialt inkluderande energiomstilling ved Fridtjof Nansens Institutt. Eg er sosiolog, og kan innrømma at eg ikkje brann for straum då eg gjekk i gang!

— Korleis fekk du tak i folk som vil seia noko om eigen økonomi og bakgrunn?

— Det var krevjande å rekruttera, det tok faktisk eit heilt år. Eg fekk til slutt 37 intervju. Eg brukte eit klasseskjema som seier noko om korleis ulike yrke er knytt til klasse. I den kulturelle overklassen plasserer ein mellom anna arkitektar og journalistar, i den økonomiske overklassen stillingar som CEO og i arbeidarklassen til dømes kokk, reinhaldar og drosjesjåfør. Det var mest krevjande å koma i kontakt med informantar frå arbeidarklassen, der måtte eg til dømes senda e-post til Oslo Taxi for at dei så kunne formidla vidare. Men det gjekk til slutt!

— Kva finn du?

— Eg finn skilnader både når ein ser på økonomisk og kulturell klasse. Dei i den økonomiske overklassen har eit økonomisk handlingsrom til å driva med energieffektivisering. Dei har til dømes smarthus, som er energifleksible. Dei i den kulturelle overklassen gjer også slike tiltak. Begge grupper i overklassen uttrykte berekraftig identitet og fokuserte på energioptimalisering, og dersom dei hadde god nok økonomi og tilgang på energieffektive og fleksible ressursar så var handlingsrommet til å bruka den kulturelle kunnskapen til stades. Arbeidsklassen gjer også endringar for å spara straum: Ein passar på at ikkje fleire apparat som trekkjer mykje straum, vert brukt samstundes og ein kjøper led-pærer. Men dei gjer desse endringane først og fremst utifrå økonomi. Likevel er det arbeidarklassen som har det minste fotavtrykket.

Det kan vera vanskeleg å strukturera tidsbruken når ein har ein frist først to-tre år fram i tid.

Eivind Hjort Matthiasen

— Ja, ein kan vel sjå føre seg at det er dei i overklassen som brukar mest straum, til dømes vil vel fleire der ha hytter?

— Alle informantane mine frå overklassen hadde elbilar, mange har også hytter. Eg finn at det er ein skilnad i type identitet hos gruppene eg intervjua. Og det vert kanskje litt feil, for det er dei ressurssterke som brukar mest straum.

— Kva har vore mest krevjande med å vera stipendiat?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det er at ein tidvis vert sitjande åleine i sitt eige hovud. Dersom noko er vanskeleg brukar ein gjerne lang tid på å spørja. Då går tida. Det kan vera vanskeleg å strukturera tidsbruken når ein har ein frist først to-tre år fram i tid. Det er lett å tenkja at ein har god tid — men så må ein brått innsjå at det har ein ikkje.

— Kom du i mål til normert tid?

— Nei, eg gjekk seks månader over tida.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, det har eg ikkje. Eg har ikkje hatt nokon draum om at det er i akademia eg skal vera. Men ein er ekstremt privilegert og det er ein veldig fleksibel jobb. Det er viktig å setja pris på! Ein får høve til å fokusera på eige prosjekt, det er veldig mange gode i akademia.

— Og vegen vidare, vert du i akademia?

— Eg har fått fast stilling her ved Fridtjof Nansens Institutt, det er heilt sjukt! Så eg slepp å tenkja på det. Eg jobbar framleis med straum, for tida knytt opp mot nettselskapa. Det eg må læra meg no, er å skriva søknader for å få inn eksterne midlar!

Powered by Labrador CMS