Min doktorgrad
— Å vera stipendiat er ein meir spesiell jobb enn mange forstår
Ho har følt seg som ein eremitt i hola si. Men så har skuleforskar Elise Farstad Djupedal dukka fram og formidla funna sine offentleg. Det vart eit slags valfag for henne.
— Kan du kort fortelja kva du har forska på?
— Heilt konkret er det timeplanane i den norske skulen. Eg har skrive ei utdanningshistorisk avhandling. Timeplanane, som formelt heiter fag- og timefordelinga, seier noko om styringa av den norske skulen.
— Kvifor ville du skriva avhandling om akkurat dette emnet?
— Prosjektet har mange frø. For det første er eg utdanna lærar, og har vore interessert i det som bind opp skulekvardagen. I tillegg fekk eg eit konkret spørsmål frå ein student: Kvifor er matte eit av dei største faga i den norske skulen? Det skal eg svara deg på om ei vekes tid, sa eg. Og her sit eg — etter å ha fått spørsmålet i 2017.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Tidlegare har det ikkje vore finrekna på timefordelinga i grunnskulen. Så det har vore eit stort arbeid å finna gamle fag- og timefordelingar. Eg hadde eit håp om at det kunne finnast ein ringperm ein stad, men det har nok vore slik at når den eine planen har erstatta ein annan, har dei kasta den førre. Så dette var eit konkret leitearbeid. Til slutt enda eg opp med 44 versjonar — det er på mange måtar Pokemonkort-samlinga mi!
— Kva finn du?
— Fag- og timefordelinga er heilt konkret ein tabell. Det eg har gjort, er at eg har samanlikna tala i desse tabellane, og eg har rekna ut korleis undervisningstimetalet i grunnskulen har endra seg frå 1954 til 2024. Når eg til dømes fann ut at faget musikk får seks ekstra timar, er jo ikkje det noko å kalla inn til pressekonferanse om. Men det eg finn, er at dei ekstra timane som har vorte lagt til, utgjer heile 1359 timar. Det er eit abstrakt og uforståeleg tal, men målt i timar utgjer auken heile to skuleår! Og alle, uansett kva parti det er som styrer landet, meiner at det er bra med fleire timar.
— Timetalet går alltid opp?
— Det går alltid opp. I perioden frå etterkrigstida og fram til 1990 var det lagt vekt på studieførebuande fag på ungdomssteget. Men etter 1990 har timetalet auka i omfang, og styringa har vore retta mot dei minste elevane. Det er sagt at ein vil få meir ut av folket sitt talent. Kva talent snakkar ein om då? Jo, i hovudsak lesing, skriving og rekning. Halvparten av dei 1359 timane gjekk difor til norsk og matte. Til samanlikning får fag som mat og helse og musikk høvesvis seks og 37 timar auke i same periode. Dei praktisk-/estetiske faga får altså ein mykje mindre auke, sjølv om timetalet totalt sett går opp.
— Dei av oss som gjekk på barneskulen på 1990-talet minnast jo o-fag med stor glede. Men det er eit fag som forsvann?
— Ja, det rauk rett ut med Reform-97. Med den nye styringa av grunnskulen som vaks fram på 1990-talet, vart slike fag i aukande grad sett på som «wishy-washy» fordi faget var lokalt orientert og sentrert kring elevane og deira livsverd. Faget vart politisk upopulært, men folk si røynsle tyder på at det var eit fag med stor verdi for små barn!
Det har vore meg og timeplanane mine, eg har vore ein slags eremitt i hola mi.
— Men no vil jo kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun igjen sjå på timetalet. Føyer det seg inn i ein trend?
— Ho følgjer jo i tralten av politikarar som meiner noko om skulens timeplan. Men det som er nytt, er at ho vil ha færre undervisningstimar. Eg synest det er friskt at ho gjer skule til noko ein snakkar om i den offentlege debatten, men det ein òg då må snakka om, er om kva dette vil bety. Vil det verta meir satsing på SFO? Kva skal innhaldet på SFO vera? Er dette ei stille innføring av heildagsskulen? Det er i så fall noko som krev ein større diskusjon.
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Som du høyrer: Skule engasjerer. Men me må snakka litt om prosess også. Kva synest du har vore mest krevjande med å vera stipendiat?
— Eg synest det har vore veldig artig! Men eg har sete mykje åleine på kontoret. Tidvis har kontakt med omverda vore i vegen for prosjektet. Det har vore meg og timeplanane mine, eg har vore ein slags eremitt i hola mi. Å vera stipendiat er ein meir spesiell jobb enn mange forstår. Eg søkte ei open stipendiatstilling, så eg var ikkje ein del av eit større forskingsprosjekt. Forskingsgruppa mi har likevel vore viktig for at eg skulle behalde trua på mitt eige prosjekt. Eg hugsar fyrste gong eg formidla auka i timetalet til ei større forsamling. Da fekk eg spørsmål om eg hadde funne på tala. Det har altså vore så store endringar i timetal at dei trur det er tull. Då er gode kollegaer viktig å ha.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Nei, eg vart heller heilt manisk. Eg ville fullføra dette biletet og få fargelagt heile arket.
— Men så har du drive mykje med formidling undervegs. Kvifor ville du det?
— Det vart eit slags valfag for meg: Å kunne halda på med ting i offentlegheita. Det byrja med at eg publiserte ein vitskapeleg artikkel om då yrkesfaga forsvann frå ungdomstrinnet i 2021, og deretter ein om timetalet. Artiklane vart grunnlaget for mykje av formidlinga mi. Eg trefte tydelegvis ein nerve fordi det var mange som ville høyre meir om forskinga mi. Dei siste åra har eg hatt rundt 150—200 formidlingsoppdrag. Mitt siste påfunn er nettsida skoleforskeren.no der eg samlar og syner formidlinga eg gjer.
— Og no er du postdok. Kva skal du jobba med no?
— Nei, no skal eg vel finna endå eit skuleår (ler)! Nei då. Eg jobbar med prosjektet Bedre skolestart ved NTNU. Der skal eg sjå nærare på kva 6-årsreforma eigentleg innebar, og kor leiken forsvann.
(Forsidefoto: Anne Line Bakken)