Min doktorgrad

Kva er det som gir barn og unge god livskvalitet? Eva-Grethe Befus har skrive avhandling der ho har hatt fokus på 6-åringar. Biletet er frå Okstad skole i Trondheim.

— Doktorgrad er ikkje det viktigaste i livet

Eva-Grethe Befus har jobba over tjue år som sjukepleiar. No kombinerer ho sjukehus og akademia, og er glad for at ho hadde erfaring frå arbeidslivet før ho vart stipendiat.

— Hei, kva er det du har forska på?

FAKTA

Eva-Grethe Befus

  • Har levert avhandlinga «Health-related quality of life in children and adolescents in Agder, Norway».
  • Disputerte ved Universitetet i Agder 5. september 2025

— Eg har forska på livskvaliteten til barn og unge i Agder. Prosjektet «Godt begynt i Agder», som forskinga mi har vore ein del av, er eit samarbeid mellom Universitetet i Agder, kommunane og Sørlandet sykehus. I «Godt begynt i Agder» gjennomfører helsesjukepleiarar ei kartlegging før dei har samtalar med barn og unge. Det betyr at ein gjennomfører ei systematisk kartlegging av vekst og utvikling, livskvalitet og psykisk helse.

— Kvifor ville du ta doktorgrad om dette, og kvifor no?

— Eg har jobba i over tjue år som barnesjukepleiar på sjukehus, og ser at ein får inn mange tenåringar til tverrfaglege utgreiingar. Ofte finn ein ikkje fysiske årsaker til plagene deira, men dei fungerer framleis ikkje i kvardagen sin og treng tverrfagleg hjelp og støtte for å koma tilbake til kvardagslivet.

— Slik ein såg i TV-serien «Uten synlige tegn»?

— Ja, det er dei same problemstillingane. Eg søkte på et utlyst doktorgradsprosjekt i «Godt begynt» der livskvalitet og psykisk helse vert kartlagt hos alle barn og ungdom før dei skal til helsesjukepleiar, med ein tanke om at desse helseplagene kan førebyggast, og det er viktig at dei vert fanga opp tidleg. I prosjektet mitt har eg sett på store datasett, medan ein annan stipendiat har eit kvalitativt prosjekt der helsesjukepleiarar vert intervjua om korleis det er å ta opp vanskelege tema når dei møter barn og unge.

— Korleis har du jobba med ditt prosjekt?

— Eg har sett på livskvalitet og psykisk helse hos 6-åringar. Dei skal gjennom ein stor overgang, overgangen frå barnehage til skule, og det har noko å seia for livskvaliteten deira. Og dersom dei opplever låg livskvalitet, har dei heller ikkje noko godt grunnlag for å læra.

— Korleis definerer ein eigentleg livskvalitet?

— Det er eit multidimensjonalt omgrep, og innhaldet i det er subjektivt. Før såg ein gjerne på aspekt som levealder, inntekt og utdanning. For barn handlar det om relasjon til foreldre, om dei har venner og om trivsel. I 2022 vart det teke inn spørsmål om livskvalitet i Ungdata-undersøkinga i Agder.

Det har vore eit privilegium å få auka eigen kompetanse og få dykka ned i ting.

Eva-Grethe Befus

— Kva finn du?

— Dei aller fleste 6-åringane har det bra. Men det er ein samanheng mellom psykisk helse og livskvalitet, spesielt med tanke på skuletrivsel. Eg har også sett på livskvalitet knytt opp mot sosioøkonomi, og finn at det har mindre å seia for 6-åringane enn ein veit at det har for ungdom. Når ein såg på livskvalitetsspørsmålet i Ungdata-undersøkinga såg ein mellom anna på kven som rapporterte å ha vore hos helsesjukepleiar på skulen eller på helsestasjon for ungdom, og samanhengen mellom fysisk og psykisk helse, livskvalitet, bruk av reseptfrie, smertestillande medikament og bruk av desse helsetenestene. Funna der seier noko om kva helsesjukepleiarane bør kunne noko om.

— Kva har vore mest krevjande med å vera stipendiat?

— Det tok tid å koma inn i akademisk skriving. Det er ikkje så mykje av det i min kliniske kvardag. Men eg har hatt eit godt rettleiarteam og me har vore ein god stipendiatgjeng som har heia på kvarandre. Det er ikkje sjølvsagt å ha rettleiarar som vil deg vel. Eg er veldig takksam for det.

— Kva nytte har du hatt av erfaringa frå jobb på sjukehus?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Eg trur erfaring frå arbeidslivet er nyttig å ha med seg. Det gjer mellom anna at ein forstår at ei doktorgrad ikkje er det viktigaste i livet — sjølv om eg gjerne ville koma i mål. Ein veit òg at ein er god nok sjølv om ein ikkje fiksar alt på ståande fot. I akademia er ein jo prisgitt tilbakemeldingar frå ein person som skal gjera ei sakkunnig vurdering — ein annan person hadde kanskje lagt vekt på noko anna.

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Nei, det har eg faktisk ikkje gjort. Sjølvsagt har det gått opp og ned, og ein lærer mykje om seg sjølv i ein slik prosess. Men det har vore eit privilegium å få auka eigen kompetanse og få dykka ned i ting. På sjukehuset handlar mykje om å få pasientane unna, det er lite tid til systematisk fagoppdatering.

— Kom du i mål til normert tid?

— Nesten. Eg var eit halvt år på overtid.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No er eg knytt til både Universitetet i Agder og til sjukehuset. Eg jobbar 40 prosent klinisk og i 60 prosent stilling knytt til sjukepleiarutdanning ved universitetet. Dette er ei stilling eg har laga meg sjølv — eg vil gjerne ha ei kombinert stilling og har tru på å bygga bru mellom akademia og sjukehuset. Me treng kvarandre, og det er viktig å jobba i klinikk når ein skal utdanna studentar.

Powered by Labrador CMS