Min doktorgrad

Lisa Maria Breistein Sølvberg disputerte eit halvt år før finansieringsperioden gjekk ut. Her frå disputasen, med Sam Friedman, professor og førsteopponent, til høgre.

Kom i mål ni månader før tida

Sosiologar snakkar om klasse. Det bør fleire også gjera, meiner Lisa Maria Breistein Sølvberg, som har forska på tilsetjingsprosessar.

— Hei, kva har du forska på?

— Eg har forska på tilsetjing i norske elitefirma, og sett på korleis både korleis klasse og ulikskap påverkar korleis søkjarane vert vurderte, og også kva kriterium som vert brukte i tilsetjingsprosessar. Eg har følgt og observert tilsetjingsprosessar frå start til slutt, og har intervjua dei som tilset. I tillegg har eg analysert utlysingstekstar.

FAKTA

Lisa Maria Breistein Sølvberg

  • Har levert avhandlinga «How the Elite Hire: Cultural Distinctions and Moral Boundaries in Norwegian Upper-Class Recruitment»
  • Disputerte ved Universitetet i Bergen 11. september 2025

— Kva er eit elitefirma?

— Eg definerer dette som firma i gitte sektorar med særleg innverknad og makt, både innanfor sin sektor, men også på nasjonalt plan. Inspirert av Oslo Register Data Class-klasseskjemaet (ORDC) har eg sett på tre fraksjonar innanfor den norske overklassen: Innan kulturfraksjonen har eg sett på forlag og kunstfeltet. Så har ein det som vert kalla balansert overklassefraksjon. Der har eg sett på stillingar som advokat og lege. Innan den økonomiske overklassen har eg sett på meklarar i investeringsbankar og revisorar.

— Kvifor har du skrive avhandling om akkurat dette emnet?

— Klasse og ulikskap er viktige tema, og i tillegg synest eg er det spanande å grava i korleis menneske — særleg dei med mykje makt — vurderer andre menneske.

— Klasse er noko ein ikkje snakkar noko særleg om i Noreg.

— Eg skulle gjerne sett at det vart snakka meir om! Og i sosiologien snakkar ein om det. Men i dei jobbintervjua eg var med i, snakka ein ikkje om klasse. Tvert om var ein, i alle fall i utgangspunktet, opptekne av mangfald og ulikskap, men klassekategorien ser eg fell bort. 

Eg synest det er spanande å grava i korleis menneske - særleg dei med mykje makt - vurderer andre menneske.

Lisa Maria Sølvberg Breistein

— Men du fekk altså vera med i jobbintervju, korleis gjekk det til?

— Det var kanskje det som var mest krevjande i heile prosjektet, og noko eg brukte mykje tid på å få til. Det finst andre forskarar som har fått vera med på tilsvarande for stillingar lågare i klassehierarkiet, så eg var i kontakt med dei for å høyra korleis dei hadde gått fram. Eg la vekt på at eg var fleksibel og kunne vera med fysisk eller digitalt, og eg hadde laga eit eige skjema til dei som vart intervjua. Når nokre av verksemdene sa at det var greitt at eg var med, var det eit argument eg kunne bruka når eg var i kontakt med andre og seia at «sånn løyste me det der».

— Kva finn du?

— Eg finn at klasseaspektet pregar tilsetjingar. Då handlar det både om språk, om likskapar mellom arbeidsgivar og jobbsøkjar, om siling av utdanningsinstitusjonar og om CV-ar. Eg finn at det er eit stort fokus på sport og fritidsaktivitetar, men her skil dei ulike fraksjonane seg. Kulturfraksjonen legg mindre vekt på sport enn juss og økonomi.

— Overraskar funna deg?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det overraska meg nok korleis silingsmekanismane verkar, mellom anna gjennom fokus på idrett. Eg fann òg at det finst eit slags hierarki over utdanningsinstitusjonar, og at førsteinntrykket er svært viktig. Nokre av dei som skulle tilsetja sa at dei allereie etter få minutt visste om dette var den rette kandidaten eller ikkje.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

— Det var nok dette med å få vera med på jobbintervju. Men generelt føler eg meg veldig privilegert som har fått ta doktorgrad! Ei utfordring er at ein har berre eitt mål: Det store målet langt der framme, altså ferdig avhandling. Men eg laga meg delmål og rutinar som sikra framgang. Eg har levert ei artikkelbasert avhandling, slik at eg har fått levert tekst undervegs. Eg ser føre meg at dette med framdrift er meir krevjande dersom ein leverer ein monografi.

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja! Eg leverte i juni, og har kontrakt til mars neste år. Eg hadde ei universitetslektorstilling før eg vart stipendiat, så då kunne eg byrja med innhaldsanalyse-delen før stipendiatperioden starta.

— Har du angra på at du gjekk i gang?

— Nei, aldri! Det har vore utruleg spanande.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— Eg håpar å kunne verta verande i akademia. No har eg finansiering i om lag eit år, og så vil eg søkja om postdok. Eg har nokre artiklar til eg vil skriva, framleis med fokus på elitar, og så leikar eg litt med tanken om eit bokprosjekt.

Powered by Labrador CMS