Min doktorgrad

Andre trinn på Berger skole i Rykkin har bokstavar på veggen. Karianne Megard Grønli har forska på leseopplæring for dei yngste elevane.

Brukte tid på å skjøna kodane i akademia

Dette har eg godt av, tenkte Karianne Megard Grønli. Etter å ha jobba med begynnaropplæring i mange år, vart det naturleg for henne å ta doktorgrad.

— Hei, kva har du forska på?

— Eg har forska på tilbakemeldingar i begynneropplæringa i lesing, altså kva lærarar seier når elevane les høgt for læraren sin. Arbeidet er ein del av Les for meg-prosjektet ved Nasjonalt lesesenter ved Universitetet i Stavanger. Her har me utvikla kartleggingsverktøy som støttar elevar som strevar, samstundes som dei opplever meistring og leseglede.

FAKTA

Karianne Megard Grønli

  • Har skrive avhandlinga «Teacher feedback on early readers’ oral reading: Two systematic reviews and a checklist intervention»
  • Disputerte ved Universitetet i Stavanger 23. juni 2025

— Du har mellom anna skrive lærebøker. Kvifor ville du ta doktorgrad no?

— Eg har mykje erfaring frå klasserommet, og eg har vore over snittet interessert i begynnaropplæring. Det å ta doktorgrad var eit naturleg steg vidare.

— Korleis har du konkret jobba med avhandlinga?

— I doktorgraden har eg brukt designbasert utdanningsforsking som metode. Det betyr at eg både har gjort to systematiske litteraturgjennomgangar og utvikla ei sjekkliste i tett samarbeid med lærarar. Sjekklista er forankra i teori og funn frå litteraturgjennomgangane og er laga for å hjelpa lærarar med å jobba systematisk med alle delar av leseopplæringa – både avkoding og motivasjon for å finna meining i tekst dei les. Deretter gjennomførte eg ein intervensjon saman med lærarar som brukte sjekklista i klasserommet, for å sjå korleis sjekklista påverka måten lærarane ga tilbakemeldingar på, og kva dette betydde for elevane sine leseopplevingar.

— Kva finn du?

— Litteraturgjennomgangane viste at me veit for lite om kva slags tilbakemeldingar som best støttar elevane si leseutvikling og motivasjon. Det eg fann i klasseromma var at tilbakemeldingane ofte har ein skeivfordeling: Elevar som strevar får flest avbrot og mykje fokus på avkoding, medan dei som les godt oftare får høve til å snakka om kva dei likar med tekstane. Når lærarane brukte Les for meg-sjekklista i eit par månader, såg eg at sjølv eit så enkelt verktøy kunne ha stor effekt. Lærarane la merke til fleire sider av elevane si lesing, og dei fekk eit breiare repertoar av tilbakemeldingar. Avkoding og teknisk lesing vart framleis hovudfokus, men lærarane tok også i større grad opp forståing og motivasjon.

Alle må få lesa noko som er verd å lesa, noko som elevane synest er spanande og der det er noko ein kan snakka saman om.

Karianne Megard Grønli

— Du seier at dei flinke elevane får fokusera på leseglede. Kor viktig er det at svakare lesarar òg får lesa kjekke tekstar?

— Det er veldig viktig! Alle må få lesa noko som er verd å lesa, noko som elevane synest er spanande og der det er noko ein kan snakka saman om.

— Kva synest du var mest krevjande med å ta doktorgrad?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Å ta doktorgrad er hardt arbeid. Eg har jobba mykje frå heimekontor, for eg bur i Oslo og har pendla til Stavanger. Det har vore mykje reising, så å balansera pendlarlivet var krevjande.  Samstundes har det òg vore eit privilegium å fordjupa meg i noko eg lenge har lurt på som lærar: Kva hjelper eigentleg elevane når dei skal læra å lesa? Det å få bruka forskinga til å leita systematisk etter svar på det spørsmålet har vore både krevjande og veldig meiningsfullt.

— Korleis var det å koma frå eit arbeidsliv og inn i eit tilvere som stipendiat?

— Eg kom jo frå eit arbeidsliv der eg hadde erfaring og var eksperten. Eg har kost meg veldig med å ta doktorgrad, og har tenkt at dette har eg hatt godt av! Samstundes brukte eg litt tid på å skjøna kodane i akademia, eg kom trass alt utanfrå. Og så har eg òg tenkt at eg bringer med meg kunnskap frå klasserommet som er verdifullt for dei nye kollegaene mine.

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, eg leverte eit halvt år før fristen. Så då eg hadde disputas i juni var det framleis nokre veker att av finansieringsperioden min.

— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?

— No er eg postdoktor ved Nasjonalt lesesenter ved UiS, så eg får høve til å bygga vidare på forskinga mi. Det betyr at det framleis vert pendling mellom Oslo og Stavanger.  Les for meg-sjekklista er no tilgjengeleg for alle skular i Noreg, saman med motiverande tekstar som kan brukast i kartlegginga av lesing. Dermed har doktorgraden min ikkje berre gitt ny kunnskap, men også eit konkret, forskingsbasert verktøy som lærarar kan bruke direkte i klasserommet. No arbeider me med å gjera verktøyet kjent og støtta lærarane i å ta det i bruk.

Powered by Labrador CMS