Min doktorgrad
Har forska på den «galne» diktaren
Fredrik Parelius gjorde mange ting på ein gong. Då han kom i mål med avhandling og disputas var det som å få av seg ein tung ryggsekk.
— Kan du seia kort kva du har forska på?
— Eg har forska på dei lyriske forfattarskapa til Kristofer Uppdal, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge. Eg har sett på dikt frå desse tre som tek føre seg psykisk sjukdom eller «galskap». Eg har vore interessert i korleis desse dikta står i eit spenningsfelt mellom framveksten av moderne psykiatri og den eldgamle myten om galskap og kreativitet.
— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
— Eg skreiv masteroppgåve om Kristofer Uppdal sin roman Herdsla. Den skildrar ein forfattar som går i oppløysing og vert galen. Denne romanen kan lesast sjølvbiografisk. Då eg jobba med Herdsla såg eg at romanen har fleire poetiske parti, som Uppdal seinare brukar igjen i lyrikken sin. Då tenkte eg at dette kunne fungera som utgangspunkt for ei prosjektskisse til ei avhandling. For å gjera studien til ei breiare utforsking av forholdet mellom galskap og lyrikk, fall eg nokså raskt ned på å inkludera Hofmo og Hauge. Eg søkte ei open stilling. Det har vore eit privilegium å få jobba med sitt eige prosjekt! Men eg ser at det var nokre ting i utforminga av prosjektet som kunne vore gjort annleis. Det er eit stort materiale, og med eit smalare fokus kunne eg nok gjort det enklare for meg sjølv.
— Korleis har du jobba med avhandlinga?
— Eg byrja med å lesa gjennom forfattarskapa. Då fann eg ein del dikt som har institusjonstilknyting og ein del dikt som handlar om galskap. Eg nyttar omgrepet «galskap» fordi det har ei kulturhistorisk side. Innbakt i ordet ligg det koblingspunkt til ein tradisjon og ein myte knytt til inspirasjon, overskriding og dikting.
— Skriv desse tre forfattarane lyrikk medan dei er sjuke, eller skriv dei om galskapen etter at dei har vore sjuke?
— Både Hofmo og Uppdal fekk skriva medan dei var innlagde og byrja å verta friske. Litteraturkritikaren Olav Dalgard skreiv om Uppdal at han hadde skrive seg frisk. Det finst nokre dikt frå Hofmo som er skrivne medan ho var sjuk, i samlinga Etterlatte dikt. Men det er vanskeleg å forska på desse, dei skildrar ei privat verd med hennar førestillingar, der det er vanskeleg å henga med på samanhengane.
— Kva finn du?
— Påstanden min er at dikt er forma språkbruk, og at desse tre skriv med ein viss kontroll, og at dei i ettertid tek tak i dei sidene av galskapen som dei har opplevd som poetisk givande. Kontroll og poetisk posisjonering kjem også til uttrykk gjennom at dikta refererer til den litterære tradisjonen. Eg trur også dei bruker desse referansane som eit kodespråk, der dei kan seia ting om eigen sjukdom som psykiatrien truleg ikkje hadde godteke.
— Hauge og Hofmo levde og skreiv samstundes. Kjende dei til kvarandre?
— Hauge skreiv fleire gongar om Hofmo i dagbøkene sine. Han skreiv òg eit dikt som ein kan lesa som at det handlar om Hofmo. Det heiter Attum einsemds berg, og ein kan sjå spor av Hofmo sitt dikt Fra en annen virkelighet i det. Hauge kjende godt til Uppdal, og omgrepet «den andre mannen», som Henrik Mestad har brukt i teaterstykket sitt om Olav H. Hauge, er eit uttrykk Hauge først brukar for å skildra Uppdal — seinare seg sjølv.
Eg nyttar omgrepet «galskap» fordi det har ei kulturhistorisk side.
— Litt om prosessen: Kva synest du var mest krevjande med å ta doktorgrad?
— Då pandemien var over hadde eg kort tid att av stipendiatperioden og innsåg at eg ikkje kom til å koma i mål til normert tid. Me venta vårt første barn, så eg måtte ta på meg eit vikariat og gjera avhandlinga ferdig i tillegg. Då vart det ein del kveldsarbeid for å koma i mål. Eit slikt arbeid er noko ein har med seg heile tida. Det er litt som å gå med sekk: Når ein har det på seg lenge, merkar ein ikkje at sekken er der. Men det vert veldig lett når ein tek han av! Slik hadde eg det første helga etter disputasen.
— Kva var det som gjorde at du brukte opp tida?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Eg har kanskje prøvd å gjera litt mange ting på ein gang: Stifta familie, skrive avhandling. Parallelt med avhandlinga har eg òg skrive artiklar for å kunne merittera meg for seinare jobbsøking. Ei anna delforklaring er at eg arbeidde dårlegare under pandemiåra. Då eg sat åleine på heimekontor mista eg litt retningen. Det er både disiplinerande og korrigerande å vera ein del av eit fagleg fellesskap.
— Angra du nokon gong på at du gjekk i gang med doktorgrad?
— Nei, nei! Eg har hatt eit prosjekt eg har vore interessert i og personleg investert i, men dersom eg ikkje hadde hatt det, hadde eg nok tvilt meir på om eg kom til å koma i mål.
— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?
— No har eg eit vikariat som førstelektor i didaktikk og underviser dei som tek integrert lektorutdanning. Eg ønskjer å verta verande i akademia. I tillegg har eg lyst til å skriva ei bok om Hauge. Eg var ein av redaktørane for ein Hauge-antologi i fjor, og har tenkt at noko av det eg jobba med i samband med avhandlinga kan vera utgangspunkt for ei ny bok.