Min doktorgrad

Toktet ho var på som student, vekte interessa for forsking
Martine Røysted Solås har forska på noko som kan verta ein viktig fiskeriressurs. Undervegs i arbeidet med avhandlinga lærte ho at ho er ein tidsoptimist.
— Kan du kort seia kva du har forska på?
— Avhandlinga mi er ein del av NFR-prosjektet HypOnFjordFish. Dette prosjektet nyttar djupe fjordar med ulikt oksygennivå til å undersøka korleis klimarelatert oksygentap i havet påverkar fisk. Eg har sett på ei gruppe me kallar mesopelagisk fisk, som sym opp og ned mellom djupet og overflata kvar dag. Dei vandrar opp når sola går ned, og ned når sola står opp. Og dersom oksygennivået i djupet søkk, vil det då påverka kor djupt fisken vandrar?
— Kva i alle dagar er mesopelagisk fisk?
— Det er små fisk, berre nokre centimeter store, som lever på djup frå 200-1000 meter om dagen. Så djupt i havet som dei lever, er det ikkje nok lys til fotosyntese, men det er nok lys til at dei kan sjå. Det er kjempemange av dei, og dei er viktige byttedyr for mellom anna større fisk, fuglar og marine pattedyr. Kanskje er dei også ein potensiell fiskeriressurs, ikkje først og fremst som matfisk, men til fiskefôr.
— Kvifor ville du ta doktorgrad om dette emnet?
— Då eg tok master vart det klart for meg at eg gjerne ville ta doktorgrad. Stillingsutlysinga handla om oksygentap i vestnorske fjordar, som eg synest verka spennande. Eg kjende til hovudfjorden i prosjektet, Masfjorden, fordi eg hadde vore på studenttokt dit. Under dette toktet nytta me ekkolodd, og eg hadde lyst til å læra meir om både ekkolodd, mesopelagisk fisk og oksygenendringar i havet og langs kysten.
Då eg tok master vart det klart for meg at eg gjerne ville ta doktorgrad.
Martine Røysted Solås
— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg har blant anna analysert feltdata frå Masfjorden. Masfjorden er ein 24 kilometer lang fjordarm av Fensfjorden, heilt nord i gamle Hordaland. På det djupaste er fjorden om lag 500 meter, og det er djupt nok til at ein finn mesopelagisk fisk her. Sidan 2011 har det gått eit undervisningsstudenttokt for biologistudentar ved Universitet i Bergen til Masfjorden der ein gjer ei standardisert innsamling av data. Eg var sjølv med som student på dette toktet i 2016, og har seinare vore med som undervisar. I tillegg til å bruka data frå desse tokta har eg vore med på nokre ekstra tokt. På tokta samlar ein mellom anna data frå ekkolodd til å sjå kor djupt fisken står, trålfangstar for å få ulike målingar av fisk, krepsdyr og maneter, og data frå sensorar som målar miljøvariablar som oksygen og lys. Eg var interessert i kor fisken var og korleis mesopelagisk fisk fordeler seg i djupet når oksygenet søkk, og filtrerte ut dei relevante dataa for å undersøka dette. Her er også lysintensitet viktig å hugsa på: Me trur fisken har ei lyskomfortsone der dei balanserer evna til å unngå rovdyr, og samstundes sjå sjølv.
— Kva finn du?
Min doktorgrad
Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no
— Me veit at oksygentettleiken gjekk ned i Masfjorden i åra frå 2011 til 2018. Dette skuldast ein lengre periode der vatnet i djupet av fjorden ikkje har vorte skifta ut, og oksygentettleiken søkk sidan dyr og bakteriar brukar oksygenet. Men så kom det ei naturleg utskifting av dei djupe vassmassane i 2021, og heile fjorden vart rik på oksygen igjen. Funna våre tyder på at dei mesopelagiske fiskane me finn djupast, ikkje unngjekk vatnet med lågt oksygen. Sannsynlegvis har ikkje oksygentettleiken vore låg nok til at det har påverka dei så negativt. Me finn også at oksygenfattig fjordvatn som har vore stilleståande lenge, kan ha lågare lysgjennomtrenging enn oksygenrikt vatn, og at dette kan bidra til at det blir mørkare i djupet.
— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?
— Ein lærer mykje om korleis ein jobbar når ting går trått. Når ein set høge krav til seg sjølv, kan ein i stressande periodar byrja å lura på om ein er god nok. Då er gode kollegaer og rettleiarar viktige. Eg synest også at det innimellom har vore vanskelegare enn eg trudde å setja realistiske tidsfristar. Eg har lært at eg kan vera ein tidsoptimist, og må ha det i bakhovudet når eg jobbar! Rettleiarane mine har heldigvis alltid svara raskt når eg har lurt på noko, men ein veit jo ikkje alltid kor lang tid ei fagfellevurdering i eit tidsskrift tek.
— Har du angra på at du gjekk i gang?
— Nokre periodar har vore tyngre enn andre, men eg har ikkje angra. Eg hadde utan tvil gjort det igjen!
— Kva skal du bruka avhandlinga til vidare?
— Eg synest forsking er så spanande. Jobben min er jo å vera nyfiken! No har eg ei mellombels forskarstilling. Eg trivst òg godt med formidling og undervisning. Så får me sjå kva framtida ber med seg!
